Den affektive vendinga kjem til Noreg i to aktuelle bøker som demonstrerer korleis analyse av kjensler kan gi nye perspektiv på både litteratur og samtid.
Martha C. Nussbaum

Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne.

Utval og innleiing av Irene Engelstad. Omsett av Agnete Øye.

Pax Forlag, 2016

 

Per Thomas Andersen

Fortelling og følelse. En studie i affektiv narratologi.

Universitetsforlaget, 2016

 

Vil våren 2016 bli ståande som våren då kjensler fekk betre rykte i intellektuelle kretsar? To aktuelle bokutgivingar gir grunn til å håpe: Eit utval av filosof Martha Nussbaums tekstar er omsett til norsk, og litteraturprofessor Per Thomas Andersen leverer litterære analysar av dei affektive dimensjonane i kjende verk. Dermed kan vi no lese både ein av klassikarane og eit av dei nyaste bidraga til det som gjerne blir kalla den affektive vendinga i humaniora. Det opnar viktige perspektiv.
Martha Nussbaum er ein av dei teoretikarane Andersen brukar mest plass på å presentere i sitt innleiande kapittel. Sidan han der gir ei innføring i synet på samanhengen mellom estetikk og kjensler i vestleg kulturhistorie frå antikken til vår tid, seier det noko om kor sentral Nussbaum er i denne delen av akademia.

Nussbaum har vore opptatt av kjenslene sin plass i kulturen og politikken heilt sidan 80-talet. Spesialfeltet hennar er antikk filosofi, men ho har også studert nyare skjønnlitteratur. Sidan ho òg er professor i rettsvitskap og etikk, har skriftene hennar ofte ei innretting mot praksis som har gjort at ho både interesserer seg for og er relevant for mange fagfelt, mellom anna undervising og omsorgsarbeid.

 

KOGNITIVE PROSESSAR

Nussbaums arbeid med kjensler har falle saman i tid med den teknologiske utviklinga som har gitt hjerneforskarane ny innsikt i kva rolle kjensler spelar for kognitive prosessar som danning av minne, planlegging, vurdering og førestillingsevne. Medisinsk forsking viser altså at ein ikkje kan dra eit skarpt skilje mellom fornuft og kjensler – slik det har blitt gjort i vestleg idéhistorie sidan René Descartes filosofiske rasjonalisme på 1600-talet. Dette er bakgrunnen for den fornya interessa for kjensler også i humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking dei siste to tiåra i USA.

Det er professor emerita Irene Engelstad som har gjort eit utval av Nussbaum-tekstar under tittelen Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne, og Agnete Øye har omsett til klart og lettlese bokmål. Engelstad har òg skrive ei grundig innleiing med innføring i Nussbaums sentrale idear. Sidan Nussbaums eigne tekstar stort sett er tydelege og tilgjengelege, kunne eg ha ønskt at Engelstad fokuserte meir på debatt om Nussbaums påstandar og mindre på oppsummering. Men Engelstad har gjort ein god jobb med å finne tekstutdrag ein med stort utbytte kan lese som frittståande essay, samstundes som det finst ein klar tråd frå tekst til tekst. Boka er difor ein utmerkt introduksjon til Nussbaums store og viktige akademiske produksjon.

Nussbaum vil at litteraturen skal inngå i det ho sjølv kallar eit radikalt prosjekt: å spreie ideen om at alle menneske er like mykje verde. Nærmare bestemt meiner ho at litteraturen kan lære oss å skjøne og ha medkjensle med andre menneske gjennom ei veksling mellom identifikasjon og erkjenning av at mykje er grunnleggjande forskjellig, men at forskjellane stammar frå erfaringar også vi i prinsippet kunne ha vore utsette for.

Sjølv om kjensler har ein sterk fysisk og instinktiv komponent, meiner Nussbaum at dei er sosialt og kulturelt innlærte, og at oppfatningar og verdiar er avgjerande for korleis vi reagerer emosjonelt. Nærmare bestemt meiner ho at litterære forteljingar er heilt sentrale i slik emosjonell danning.

 

KRITISK POTENSIAL

Ein del av påstandane i det første essayet, «Den narrative forestillingsevne» frå 1997, kan først verke normative og svakt grunngitte, men det er fordi Nussbaum her presenterer eit samandrag av synspunkt ho har argumentert grundig for i tidlegare arbeid.

Det er til dels kontroversielt å tilleggje litteraturen ein slik pedagogisk funksjon, om enn mindre no enn på 80- og 90-talet. Då var det autonomiestetikken som dominerte litteraturvitskapen, tanken om at kunstverket skal lesast uavhengig av historisk, biografisk og samfunnsmessig kontekst og heller ikkje ha nokon nyttefunksjon. Nussbaum argumenterer for at autonomiestetikken er ein parentes i litteraturhistoria.
I tillegg til å fungere emosjonelt utviklande gir litteraturen altså høve til kritisk refleksjon over kva narrative emosjonar som pregar kulturen vår. Dei litterære tolkingane Nussbaum gjer av tragedien Hekabe av Evripides og romanen Stormfulle høyder av Emily Brontë, er svært lesverdige og gir lyst til å lese verka sjølv. I tillegg til å vise det kritiske potensialet kvart av desse litterære verka hadde inn i si eiga tid, gir Nussbaums lesing også verdifulle perspektiv på vår tid. Eit sentralt poeng i boka er at det er grunn til å granske korleis moralsk karakter og politiske haldningar er forma av kjensler knytte til livserfaring. Dette var ein viktig tanke bak den greske tragedien, her demonstrert i ei lesing av korleis Hekabe endra seg frå ein moralsk høgverdig samfunnsborgar til ei nådelaus og hemngjerrig «tispe» då hennar beste ven sveik både venskapen og konvensjonell moral ved å myrde son hennar medan han var i hans varetekt.

Essayet om Samuel Becketts Molloy-trilogi er teoretisk og uklart, spesielt i utlegginga av det bestemte filosofiske og litterære «prosjektet» ho meiner han kan lesast inn i. Men teksten utviklar vidare eit heilt sentralt poeng frå dei føregåande essaya: Det særskilt menneskelege grunnvilkåret er at vi er totalt avhengige av andre og dermed grunnleggjande sårbare og påverkelege. Det kan skape skam og frykt om ein lærer at verdigheit er knytt til kontroll og sjølvstende. Dei kulturelle forteljingane som blir formidla gjennom religion, filosofi og kunst, er difor avgjerande for korleis vi utviklar oss emosjonelt, noko som igjen pregar korleis vi handlar sosialt og politisk. Lesinga av Beckett viser korleis dogmet om arvesynd og frelse gjer kropp og begjær til noko skite og skamfullt, slik at forteljingar uunngåeleg blir strukturerte rundt lengten etter frigjering og frelse.

 

KONKRETE RÅD

Vidare utdjupar Nussbaum korleis kjensler av skam og frykt, som er belastande for den einskilde, kan bli projiserte over på svake grupper i samfunnet. Dette munnar ut i konkrete råd baserte på psykologisk forsking om korleis ein kan gi born både ein sunnare emosjonell ballast og evne til å tenkje kritisk og sjølvstending. Slik brukar ho moderne vitskap til å fremje eit synspunkt ho har henta frå antikk filosofi, i lesinga av tragedien Hekabe:

«Evripides, Aristoteles og Thukydides er enige om at åpenhet er en grunnleggende forutsetning for en edel karakter, og at mistenksomhet og mistro, som ikke skyldes en moralsk brist, men skapes av vonde erfaringer i livet, kan være en gift som forderver alle dyder slik at de forefaller til hevngjerrig selvforsvar.»

Ein kan innvende at Nussbaum med si store tru på menneskeleg rasjonalitet formidlar ein forenkla og vel optimistisk versjon av korleis litterære forteljingar aleine kan styre kjensler og samfunnsengasjement i ei konstruktiv retning. Inntrykket er at ho legg for lite vekt på kor mykje materielle og økonomiske realitetar betyr for kjenslelivet; det er relevant både at relativ fattigdom skaper skam, og at det å ikkje finne arbeid kan kjennast som å bli svikta av samfunnet. Det kjem heller ikkje fram om forfattaren nyanserer mellom ulike typar kjensler; nokre er jo så tett knytte til biologiske drifter at dei stadig overstyrer rasjonelle og idealistiske intensjonar. Eg vurderer likevel perspektivet hennar som svært viktig, ikkje minst fordi ho har skapt ny merksemd i akademia om kor mykje grunnleggjande sosiale kjensler påverkar rasjonaliteten, og korleis verdiar, kjensler og eigenskapar vi trur er naturgitte, slett ikkje er det.

 

AKADEMISKE KJENSLER

Martha Nussbaum tolkar litteratur med eit filosofisk siktemål: Ho vil seie noko generelt om korleis og kvifor litteratur er viktig for danninga av den moralsk og politisk ansvarlege verdsborgaren. Per Thomas Andersens uttala mål i Fortelling og følelse. En studie i affektiv narratologi er derimot å bidra til forskingstradisjonane for dei omtala verka, men også å vidareutvikle den affektive narratologien som litteraturforskar Patrick Colm Hogan har etablert. Andersen har difor eit smalare nedslagsfelt enn Nussbaum, men omgrepa han presenterer, er ei hjelp til å seie meir konkret korleis kjensler pregar den litterære forma. Andersen gir også eit langt meir nyansert syn på kva kjensler er, med omgrep som skil mellom ulike kategoriar av kjensler basert på korleis dei oppstår, og kor varige dei er.

I det innleiande kapittelet gir Andersen ei fin innføring i den vestlege tradisjonen for å sjå estetiske verkemiddel og bestemte affektar i samanheng, mest tydeleg i musikken. Dei følgjande kapitla har ulike tilnærmingar til dei litterære verka. Det tverrestetiske tar Andersen vidare i kapittelet der han samanliknar den narrative strukturen i J.P. Jacobsens diktsyklus Gurresange med Arnold Schönbergs komposisjon Gurrelieder. I kapittelet om Henrik Ibsens Brand nyttar han både psykologisk og feministisk teori i ei tolking med fokus på emosjonen sorg. Det er ei interessant lesing som får fram at definisjonsmakt over kva kjensler det er rimeleg å føle eller uttrykke, har ein ideologisk dimensjon: «emosjonelt hegemoni».

Den affektive analysen av dei kroppslege og irrasjonelle «brøkfølelsene» i Knut Hamsuns roman Sult                 er kanskje den akademisk tørraste teksten i samlinga. Lesinga av Søren Kierkegaards Frykt og Bæven munnar derimot ut i ei overraskande kritisk lesing av logisk inkonsistens i Kierkegaards forsøk på å skildre ein samtidig «troens ridder». Eg noterer meg at dette er ein av få stader der Andersen sjølv viser ein viss affekt i form av ein lett ironisk retorikk: «Den aktualiserte troens ridder er en fullstendig ufarlig, ja, usynlig skikkelse. All frykt og beven forsvinner i biedemeyersk borgerlighet og lammemiddag med grønnsaker.» Det gir eit løft til ein elles velskriven, men akademisk tekst.

 

MEIR LITTERÆR
Den affektive narratologien viser seg mest fruktbar i tolkinga av Fjodor Dostojevskijs Brødrene Karamasov, der Andersen fokuserer på at affekt hos Dostojevskij er «fortellingens primære drivkraft». Det er ei svært god matching av litteratur og teori, som også blir utgangspunkt for nye narrative omgrep som «triggerfigur»: ein litterær karakter som gjennom reaksjonane sine synleggjer den emosjonelle ladinga i ulike handlingar.

Generelt får eg inntrykk av at Andersen har ei meir litterær tilnærming til samanhengen mellom kjensler og narrasjon enn Hogan, som legg seg tettare på kognitiv psykologi. Når Hogan til dømes skriv om «emotional geography», fokuserer han på korleis den konkrete kjensla av tilknyting til stad er utgangspunkt for emosjonelle reaksjonar, tenk berre på alle plot som dreiar seg om «å kome heim». Andersen snakkar om «emosjonelt rom» som eit særskilt objekt for litterær tolking, korleis til dømes eit rom som ei klostercelle er ladd med normativ forventing og symbolske dimensjonar av meining.

At litterære karakterar med ulike temperament kan vere styrte av kjensler på kvar sin måte, er eit godt poeng. Men eg synest Andersen forenklar for mykje når han brukar skiljet mellom kjensler baserte på vurderingar og kjensler baserte på refleksar  med biologiske føresetnader som litterær forklaringsmodell. Nevrobiolog Antonio Damasio, som Andersen også refererer til, har vist at alle kjensler unntatt reint refleksive reaksjonar er påverka av tolking og erfaring, slik alle kognitive prosessar også er grunnleggjande emosjonelt «koda». Forskjellar i temperament må difor forklarast på måtar som ikkje spelar på det gamle skiljet mellom fornuft og kjensler.

ÆRE FØR OG NO
Kapittelet med breiast appell er nok «Etter æren. Fra Egil Skallagrimmson til Karl Ove Knausgård». Andersen brukar her kunnskap frå psykologi, sosiologi og sosialantropologi for å gi ei kulturhistorisk innføring i korleis betydinga av ære har endra seg i vår vestlege kultur, og korleis dette skaper kollisjon med kulturar som framleis er sentrerte rundt ære og respekt. Han brukar litterære døme som Gunvor Hofmo, Sigurd Hoel og Nini Roll Anker som illustrasjon på korleis synet på ære har endra seg frå norrøn tid til etterkrigstida. Moderniteten, spesielt slik den viste seg i krigføringa i 1. og 2. verdskrigen, gjorde det umogeleg å tru på dei gamle ideala.

Andersen drar her effektivt opp lange linjer som set vår eiga tid i perspektiv: Til slutt viser han korleis Knausgårds Min kamp bryt med tradisjonelle æresnormer og med familien som æresgruppe, men med det oppnår innpass i andre æresgrupper basert på sosial og fagleg prestisje. Spesielt interessant er påpeikinga av det paradoksale i at Knausgård viser interesse for tradisjonell, mannleg æreskultur og frustrasjon over det seinmoderne velferdssamfunnet generelt og likestillinga spesielt. Det siste er nemleg, ifølgje Andersen, tett knytt til den svekkinga av tradisjonell æreskodeks som har gjort det mogeleg for Knausgård å vinne ære og kjendisstatus gjennom omsynslaus eksponering av seg sjølv og sin eigen familie. Det er litt som å gjere karriere som TV-kokk og så klage over at TV er fordummande og matlaging ikkje maskulint nok, er det ikkje? Eg kan likevel tenkje meg ei enkel forklaring: at Knausgård gjer det han må for å vinne ære på alternativt vis når tradisjonell ære ikkje er oppnåeleg.

Andersen demonstrerer gjennom sin affektive narratologi den sentrale innsikta i Martha Nussbaums essay: Å skjøne kjenslene i litteraturen opnar viktige perspektiv for kritisk refleksjon om kulturen som skaper kjenslene. Fortelling og følelse er difor givande lesing for alle som vil utforske kva blikk for affektive dimensjonar kan tilføre litteraturforståinga. For den affektive vendinga handlar ikkje om å føle meir, men om å tenkje betre. Å setje ord på kjensler kan vere ein god stad å starte.

Merete Røsvik Granlund (42) er litteraturviter og kritiker