Gotaas web 72

Først i løypa

21.02.2017

Thor Gotaas er ein ustoppelig folklorist og innseig skiprofet i løypa mellom loffarar, løparar og langrennarar.

 

Thor Gotaas

Mitt liv som middels langrennsløper

Gyldendal, 2016

 

I det året den lutherske reformasjonen feirar 500 år, blir den norske statens kyrkje omskapt til ei folkekyrkje. Rett nok stadig ei privilegert stats- og kommunebudsjettkyrkje, men formelt fristilt – på line med andre trus- og livssynssamfunn. Så nå er skisport det næraste me kjem ein fellesreligion i dette landet – både som folkelig tru, hegemonisk ideologi og offentlig understøtta praksis.

Religion er truer og skikkar, mytar, ritual og moralske forteljingar om det som er godt og sant. Helgenar og heltar er også ein del av pakka. I den kristne varianten kjenner den indre kjernen seg eitt med det guddommelige altet ved å eta kjeks og drikka noen dropar vin som symbolsk styrkedrikk.

Ein religion kan ha dominant staus sjølv om det bare er ein minoritet som kjenner dogma, trur på dei og tar del i den heilage nattverden. Sportskulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland meiner Kvikk Lunsj, brunost og graut saman med Bjørgen og Bjørndalen gjer same nytten som nasjonalbyggande dugnad. Majoriteten treng ikkje vera aktivt utøvande, men dei må finna seg i kyrkjas posisjon og la seg engasjera og riva med ved store høve. Vinter-OL og Holmenkollen er for langrennsreligionen det gravferder og julegudstenester er for den pensjonerte statskyrkja.

 

DEI STORE NAMNA

Langrenn er ein protestantisk og puritansk sport. Den kvite vinterens idéhistorikar, Gudmund Skjeldal, kalla broren Kristen den siste ekte langrennaren. Men nostalgien og restaurasjonen har kraftfulle profetar som lovar frelse, og Thor Gotaas er den fremste og største mellom dei – både skriftlig og munnlig.

Gotaasen meiner han er for dårlig til å kalla seg skiløpar; det er eit ord han reserverer for dei gode, gamle. Men det er det han er, har vore og vil vera. Som dei andre bøkene hans om skihistorie osar boka om livet hans som middels langrennsløpar av kjærleik til vinter, snø, rytme og flyt. Ho er eit skispor tilbake til barndommens vinterliv med den indre gleda av kroppslig varme ute i det kalde. Om du ikkje frys litt før du kjem i gang, er du for tjukt kledd. (Men hugs ekstra vottar!) I forakt for den kondisjonerte innelufta med stilleståande bevegelse på tredemølle.

Gotaasen hyllar det seige slitet, eller med hans eige heidersord om dei verkelig store og uthaldande: dei innseige. Han kan kjenna att ein slik skiløpar på ganglaget på lang avstand. Den fremste i så måte er Ole Ellefsæter frå Nybygda når han skrid fram med elgklyv på asfalten i Brumunddal sentrum.

Ole Ellefsæter og Oddvar Brå er store historiske langrennsnamn, men Gotaas gjer dei også til samtidige folkloristiske figurar. Når han lanserer skibøkene sine, stiller Ole Uteligger opp og syng «I Grenoble ska ve slå dekk, i Grenoble ska ve flå dekk, ja du veit en setter alle kluter til for å tenne en olympisk ild» (tekst: Dag Frøland). Og i bakgrunnen tonar Gjermund Eggen med raude georginer i glaset i Engerdal.

Thor Gotaas kan lukta seg fram til og spora opp heiderskrona langrennsløparar i dei mest grisgrendte skogstrøk på det indre Austlandet og i svenske skogar. Han har også oversikt over dei meir obskure, dersom det følgjer gode historier med dei. At han har skrive om skiløparen og bureisaren Annar Ryen frå Therese Johaugs Dalsbygda, den første nordmannen som vann femmila i Lahti, er bare som det skal vera. Men i vår kjem det også bok om Reidar Andreassen frå Herefoss, som ei påminning om det innseige langrennsmiljøet i Indre Agder.

 

KROPPSARBEIDAREN

Gotaasen er ein skiløpingas apostel, men han hyllar all fysisk aktivitet og kroppsarbeid. Det er hans motkulturelle bodskap i stillesittingas tidsalder framfor dataskjermar. Han har ei fortid som dedikert snømokar og iherdig plukkar av poteter, jordbær, molter og stein. Han er inkarnert vedhoggar, og huset hans på Korsvoll er lett å finna utan gatenummer; det er bare å sjå etter vedhaugen. Men den fremste aktiviteten nest etter skiløping er skogplanting. Då må ein tenka rytme og ikkje ha for sakte eller for høgt tempo. Det er fin trening og ein kroppslig og sjelelig nyting: «Skogplanting gir noe av samme nytelse som langrenn.»

Gotaasen er ingen teknologisk banebrytar, verken i verktøy, skiutstyr eller klesdrakt. Han er gjenkjennelig på den slitne joggebuksa, holete joggesko, den gamle Swix-lua og på fleece-vesten som luktar bråtebrann. Han kallar skiløparen Trygve «Skautrollet» Brodahl, som vann 18-kilometeren i Holmenkollrennet i 1939 og var løypekjørar for Skiforeningen på Ringkollen, for «en kvaeluktende sjarmør». Det kunne ha vore ein eigenpresentasjon.

Stipend frå NFF har han fått, og han veit forskjell på pluss og minus, men kremmar er han ikkje. Det gjekk mange år før påtrengande venner fekk det inn i hovudet hans at han kunne og måtte ta seg skikkelig betalt når han stilte opp som attraksjon på konferansar og events for kommersielle aktørar. For grunnleggande er han ein langrennsprofet og ein brennande og arbeidsmoralistisk kommunikator.

 

HYPERAKTIV FORMIDLAR

Om eg skulle bruka bare eitt ord for å beskriva Thor Gotaas, så er det «renn». Han er langrennar. Som forfattar er han også i fullt renn; det renn ut bøker frå han kvart år. Som forteljar renn det ut av han i ein ustoppelig straum – både i små lag og framfor mikrofon og TV-kamera. Når alpinsendingar på TV2 må avlysast på grunn av dårlig vêr, grip dei til vel så sjåverdige og langrennshistoriske Gotaas-leksjonar.

Når han er utan profesjonell regi, og det er jo det vanlige for den mannen, kjem han gjerne berande på ein overhead og plastfoilar med kornete foto i svart-kvitt av historiske skiløparar i løypa eller på tømmerhogst. Dei legg han ofte på opp ned eller bak fram og sjarmerer seg ut av det. Ikkje noe glatt PowerPoint-show frå den kanten.

Tidligare utanriksminister Jonas Gahr Støre frå Heming har høyrt mange store talarar og har Barack Obama og Nelson Mandela på dei to første plassane. Men den manisk assosiative Thor Gotaas er på poengplass og nær pallen.

Det blir alltid ein begeistringas rus når Gotaasen er på programmet. Han auser av kunnskap og kuriosum Tilsynelatande renn det heilt fritt og i alle retningar. Han kan baska i laussnøen, men så finn og følgjer han eit underliggande spor og kjem alltid i mål.

 

ALLTID I BEVEGELSE

Det andre ordet eg vil bruka om Thor Gotaas, er bevegelse. Aktivitetsnivået er formidabelt. Som barn hadde han stort overskott av energi og mark i ræva. Sjølv spøker han med at dersom Ritalin hadde vore i vanlig bruk då han var barn, hadde han blitt jekka ned fleire hakk. Takk til legefaren, som også er birkebeinar, for at det ikkje blei slik.

Han er i konstant bevegelse. På alle plan – tematisk, faglig og fysisk. Og for å roa ned høgg han ved. Det er mye mas om å vera heil ved, men det er den kløyvde veden som brenn best. Ein kan lura på korleis han kan sitta stille så lenge at han får lese alle dokumenta, snakka med alle kjeldene og laga alle bøkene.

Han har førarkort, men ikkje bil, så når han ikkje spring eller går på ski, transporterer han seg helst på sykkel – og ikkje på ei dyr og moderne utgåve av arten. Han bruker Mac, men er ingen elektronisk racer; han held seg til fasttelefon i det lengste, og han var på mail via adressa til kjærasten. Det kompliserte samarbeidet med Torgeir Bjørn om skiløparbygda Alvdal at Gotaasen var utan mobiltelefon og sportskommentatoren Bjørn ikkje er på mail, men kommuniserer med tekstmeldingar.

Det er ikkje lett å halda styr på Gotaasen og vita kvar han er. Om ettermiddagen 22. juli 2011 passerte han gjennom Oslo sentrum til Oslo S for å ta 14.34-toget til Tolga, for han skulle til Øversjødalen og kåsera om skiløping. Både kjærasten på Korsvoll og faren i Brumunddal prøvde å spora han opp denne dramatiske dagen, men han gav ikkje lyd frå seg før eit par dagar seinare. Då hadde Gotaasen fått haik og var i Dalarna for å intervjua den svenske skiløparlegenda Sixten Jernberg. Etter det har han fått eiga mail-adresse, men ikkje mobiltelefon. Slike apparat har han ikkje nervesystem eller hender til å fingra med, og dei minner han for mye om strikking på barneskulen.

 

SIDESPOR OG KROKVEGAR

Gotaas er i bevegelse og skriv om folk i bevegelse. Det begynte med taterar og fantar i norsk folketradisjon og kulturhistorie, men utan moraliserande ærend som fantepresten Eilert Sundt. Han bevega seg vidare til bøker om andre farande folk på farten langs norske landevegar: loffarar og landstrykarar og vagabondar. Som sidespor kom det små bøker om lirendreierar og lurendreierar. Hovudperson var ein italiensk lirekassespelar som enda inst på ein gard langt oppi dalom. Eit anna sidespor var om norske uteliggarar i Ørkenen Sur i Brooklyn under den store depresjonen. Ein av dei fekk også si eiga bok: Den den ilandgåtte sjømannen Magnus «Wolf» Larsen frå Austre Moland som blei amerikansk amatørmeister i tungvektsboksing og seinare profesjonell. Han drakk seg i hel i slummen i Brooklyn i 1931.

Ein annan krokveg på loffarsporet er boka om ein forunderlig kar med livslang skrivekløe, Anders Mehlum (1848–1942). Han var ein bondeson frå Børsa i Trøndelag som ville bli prest, men måtte ta til takke med å vera omgangsskulelærar. Men som 30-åring spaserte han til Kristiania og fekk jobb hos redaktør Friele i Morgenbladet. Der blei han i sju år, men drøymde om å gi ut sitt eige einmannsblad: «Nu». I 40 år vandra han som ein Aasmund Olavsson Vinje rundt i bygdene og samla forteljingar og merkelige historier og skreiv ferdaminne til han hadde stoff til eit nummer av bladet. Så fekk han det trykt i Kristiania og la ut på ny vandring, barbeint og i lasete klede, for å selja bladet, bera det ut til 4000 abonnentar og samla stoff til neste utgåve. Han skreiv også sju bøker med lokalhistorie frå Hallingdal og Valdres.

Thor Gotaas har på eit vis vandra i Mæhlums publisistiske fotspor. Etter boka om den livslange skrivekløen kom dei lokale utgivingane Det beste om Hallingdal i Nu og Det beste om Valdres i Nu. Om noen skulle kjenna att fleire sider ved Thor Gotaas i Anders Mehlum, er det neppe tilfeldig.

 

FRÅ BYGD TIL BY

«Jeg hatet Brumunddal fra første dag.» Det skriv Gotaas i forordet til historia om Brumunddal, for den har han også skrive – i to bind, først i tekst, så i bilde. Han har ei formidabel evne til å grava fram originalt fotomateriale. Boka om Brumunddal handlar også om bevegelse: Frå bygd til by. Brumunddal er ein av to byar i landkommunen Ringsaker, for Moelv må rimeligvis ha same status.

Hatet til Brumunddal, dit han blei tvangsflytta med farens legepraksis i 1971, gjekk grundig over: «Vi var heldige som vokste opp der i 1970-åra.» Han er entusiast etter devisen «ska det vara, ska det vara brumunddøl, ja brumunddøl som je er sjøl». Der gjekk han langrenn til glede og avkopling, i kameratskap og med sveittedrypande slit. Brumunddal, ja, men klubben er Veldre.

Som barn sa Thor at han skulle bli skogsarbeidar, for det var det dei store langrennsløparane var. Eigentlig drøymde han om å bli forfattar, men det våga han ikkje å seia. Han nekta militærteneste og var sivilarbeidar – på Skimuseet i Holmenkollen, av alle mulige stader. Det var ei fruktbar blanding av skispor rett utanfor døra, skihistoriske artefakter, skibibliotek og besøkande og lettsnakka gamlekarar.

Då han begynte å studera, budde han på Kringsjå ved inngangsbommen til marka, men den aktive karrieren som konkurranseløpar var over. Viljen, iveren og innsatsen hadde vore stor, men talentet var ikkje like stort. Han satsa i staden på å trena saman med gode kameratar og nyta sitt liv som middels langrennsløpar. Han er også deira profet, som både observatør og deltakar i langrennssporten.

 

GLOBAL STØTTEKONTAKT

Dessverre er det ikkje skiføre heile året, men det stoppar ikkje Gotaasen. Han spring også. Med sin særeigne og høgst personlige dags- og arbeidsrytme gjer han det ofte aleine, sjølv om han er ein sosial natur. Å få springa langtur med Thor i marka er ein folkloristisk ekskursjon. Han er manisk digressiv, eller heller manisk assosiativ. Han auser av sitt kolossale lager av gode historier. Han har ei kopling til kvar plass eller hustuft, kvar sving og steinmur, eit spesielt underlag eller ein person noen kjem til å nemna.

Med John Walker på New Zealand som oppmuntrar og konsulent har Gotaasen tatt på seg rolla som ein slags global støttekontakt for den gamle storløparen Henry Rono. (Fire verdsrekordar i 1978, på 10 000 meter, 3000 meter, 3000 meter hinder og 5000 meter. I 1981 forbetra han verdsrekorden på 5000 meter til 13.06.20 – i kommunesenteret Knarvik i ein fjordarm nord for Bergen.)

Det har ikkje gått så godt med Henry Rono, fødd i 1952. Han sølte bort premiepengane sine, og ein utstyrsprodusent lurte til seg merkenamnet for ein slikk og ingenting. Innimellom er han herlig frelst og bibellesande og får jobb som coach, men innimellom er han down-and-out i Albuquerque og stampar laptopen og mobilen. Då klarer støttekontaktane å spora han opp og få han på fote igjen, og Gotaas kan henta han til Korsvoll, der han har eit eige Rono-rom som står og ventar.

Gotaasen tar med Rono på skogplanting i Brumunddal og løpeturar i Nordmarka. På ein av desse løpeturane blei fleire av mine løpekameratar med for å springa med Rono og skillinga saman til returbillett. Det var ein stor dag. Mannen var både aldrande, korpulent og kortpusta blitt. Men å springa bak han innover Ankerveien var ei openbaring: det hoftearbeidet, det skyvet. Å springa med ei legende, med Thor Gotaas som guide.

Gotaasen har lenge annonsert og laust disponert ei episodisk hyllestbok med pratar og samvær med Rono. Ho skal heita Henry Rono og jeg. Men til så lenge må Rono-boka venta for alle skibøkene som strøymer på så han og me andre knapt får anda.

 

LØPINGAS VERDSHISTORIE

Det er skibøkene om Femmila og Birken som har gjort Gotaasen stor i det norske vinterlandskapet, men globalt er langrenn noe for spesielt interesserte. Der ute er han ført fram av løping utan ski. Det er ikkje det minste underlig at boka hans om løpingas verdshistorie har fått bein å gå på, for ho har ikkje sin like. Den vanlige sjangeren i hundrevis av løpebøker er enten treningsprogram eller introverte og egosentrerte skildringar. Gotaas-boka har ein storslått ambisjon om å presentera løpingas kulturhistorie frå veiding på afrikanske savannar, via springande hærar og spektakulære veddeløp til våre dagars toppidrett.

Retten til å omsetja Løping – en verdenshistorie er selt til 19 land: Storbritannia, Korea, Russland, Italia, Sverige, Nederland, Japan, Egypt, Tyskland, Brasil, Tyrkia, Tsjekkia, Slovakia, Serbia, Ungarn, Danmark og Kina. Ho skal også koma på portugisisk og amharisk.

Då boka kom på arabisk i 2011, fekk forlagssjefen 20 minuttar i beste sendetid på egyptisk TV – delvis på grunn av innhaldet, men mest fordi dei fann det originalt, langsiktig, berekraftig og beundringsverdig at forfattaren det året hadde planta 20 000 gran for å gjera opp for all cellulosen som hadde gått med for å trykka boka i store opplag. Foreløpig er det ikkje noe nytt om intensjonsavtalen på den kinesiske fronten, men det kan vel ordna seg nå som Børge Brende har smurt med nok glidevoks for å retta opp att kladdeføret etter Jaglands fredspris til Liu Xiaobo.

 

SJANGERBREIDDE OG SMALE BØKER

Det er stort omfang, sjangerbreidde og forlagsbevegelse i Thor Gotaas’ publiseringshistorie. 27 bøker på 17 år, og takten er aukande; nå er han oppe i tre-fire i året. Opplaget varierer frå 35 000 til 35. Det første er opplaget på Femmila, det siste på Th. Hansen: Familiesagaen som kom to månader seinare. Det er ei familie- og industrihistorie, skriven for Trond Tilleskjør før han døydde av ALS. Han var ein av arvingane etter Th. Hansen, som produserte Record skismurning. Th. Jensen var også ein legendarisk skifabrikk der Thorleif «Hauern» Haug og kong Haakon den sjuande plukka ut sine ski.

Gotaas har gått frå periferi til sentrum i forlagsverda, frå skiftande småforlag til Gyldendal. Men innimellom vender han tilbake til meir obskure utgivingar for spesielt interesserte. Skiløper og bureiser – Annar Ryen fra Dalsbygda, på 190 rikt illustrerte sider, er utgitt av «Familien Ryen» med økonomisk støtte frå Idrettslaget Nansen og diverse privatpersonar, lag og foreiningar i Dalsbygda og Os kommune.

Gotaas har forsikra at den lova boka om Henry Rono ikkje skal bli tjukk, men det er det grunn til å tvila på: Når Gotaasen skriv, renn det på med forteljingar og sider. Alt i forordet til loffarboka på 284 sider i 2001 skreiv han: «Jeg skrev opprinnelig en omfattende historie om landstrykere og løsgjengere fra middelalderen og frem til i dag, altså en beretning om norsk vagabondtradisjon gjennom tusen år. Av plasshensyn er det dessverre ikke mulig å behandle dette vidtfavnende emnet i sin helhet.» Om Mitt liv som middels langrennsløper, som han sjangerfester som «memoir», har han sagt at boka bare er eit destillat. Ho burde ha vore ti gonger så tjukk dersom han skulle ha ytt rettferd til langrennets velsigning, diagonalgangens meditativitet, godt kameratskap og lokale eldsjeler på grasrota i norsk idrett.

 

FOLKLORISTIKK OG ETNOLOGI

Thor Gotaas er cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1993 med hovudoppgåva Holdninger til tatere sett i historisk perspektiv. Han har mellomfag i historie, men han er ikkje historikar; det har kjepphøge faghistorikarar rett i. Han er folklorist, folkeminnegranskar, etnolog – faget har mange namn og ulike opphav og akademiske nedslag. Derfor ei lita oppklaring:

Folkeminne eller folklore er ei samlenemning for tradisjonsoverført kunst, litteratur, kunnskap og praksis. Folkloren høyrer til i den uformelle sfæren av kulturen og er gjerne formidla munnlig eller gjennom handlingar frå menneske til menneske og generasjon til generasjon. I dagligtale blir folklore gjerne assosiert med kulturelement frå gamle dagars bondekultur.

Ordet etnologi kjem frå gresk: ethnos, folk, og logia, lære. Etnologi er eit humanistisk fag som undersøker vestens materielle og sosiale kultur. Det må ikkje forvekslast med etnografi, som er den tidligare nemninga for sosialantropologi. I Skandinavia blei nemninga kulturhistorie for eit drygt hundreår sidan knytt til forsking om kvardagslivets og kvardagsfolks historie, som ein reaksjon mot at historia handla om statar, politikk og framståande personar.

Gradvis skjedde det ei spesialisering: Etnologane studerte den materielle kulturen og sosiale aspekt ved arbeid og næring: byggeskikk, jordbruk, reiskap, handverk, kosthald og folkedrakter. Folkloristane studerte dei immaterielle og åndelige sidene ved kulturen: forteljingar, folkedikting, folkemusikk, folketru og folkelige ritual. Frå 2002 blei faga etnologi og folkloristikk institusjonelt slått saman til kulturhistorie.

Thor Gotaas er ein av dei som har løfta folkloristikken frå folkeviser og segner og anna gamalt or Setesdal og andre bygdelag, og over i mentalitetshistorie i nær og veldig nær fortid og samtid. Men han har også eit faglig intimt forhold til materielle produkt som ski, skistavar og skismurning. Han reindyrkar den sida ved faget som legg større vekt på forteljingane enn det meir systematiserande og analytiske. Han får fram det eksotiske i det nære og gleda ved det ganske alminnelige. Det er det som ber verket og verka hans. Sjølv presenterer han det faglige skrive- og formidlingsprosjektet sitt slik: «Skribenten er kildenes forvalter og talerør.»

 

BRØYTA SITT EIGE SPOR

I den foreløpig siste boka Gotaas har utgitt, vender han tilbake til der han starta faglig. Noteapparatet er stadig på plass, men han skriv med færre metodiske bindingar, større innleving og meir fabulerande kraft. Boka handlar om einebuaren og skogsarbeidaren Josef Elvebakken i Nordre Land. Ho er utgitt av «Skiaker Krets, en grendeforening på Østsinni i Nordre Land kommune» og vakkert utstyrt med gamle foto. Nedslagsfeltet er smalt, men opplaget er 5000.

Boka kom til på typisk Gotaas-vis. Då han hadde halde eit foredrag om loffaranes historie på Klinkenberghaugen på Østsinni utanfor Dokka, dukka det opp anekdotar om den lokale bygdeoriginalen, einebuaren og loffaren Josef Helvete (1900–1972). Gotaasen blei trigga, høyrde på forteljingar frå bygdefolk og grov fram skriftlige kjelder til det han kallar «et riss av et liv». Josef var av tateropphav frå Sørlandet og døypt Josef Olaus Aleksandersen Alting. Då mora døydde, blei han som sjuåring sett bort på plassen Elvebakken i Nordre Land, som lokalt gjekk under namnet Helvete. Josef var ein urolig mann med eit omskiftelig liv. Han var innom Gjøvik fengsel, Presteseter asyl og Reitgjerdet før han til slutt fann ro som einebuar i ei koie langt inne i skogen i Fjerdingslia.

Det ville ikkje ha vore Thor Gotaas om han ikkje hadde skrive dette: «Josef var en habil skiløper til hverdagsbruk.»

Sjølv har Thor Gotaas brøyta sitt eige forfattarspor. Han er først i løypa. Og han har sikkert femti bøker til i seg.

Andreas Hompland (70) er sosiolog, skribent og springar.

 

 

Øvrig bibliografi


  • Tatere i norsk folketradisjon. Lokalhistorisk forlag, 1999

  • Taterne. Livskampen og eventyret. Andresen og Butenschøn, 2000

  • På loffen. Landstrykere og vagabonder langs norske landeveier. Spartacus, 2001

  • «I motgang og medgang». Fotballen i Brumunddal gjennom et århundre. Eget forlag, 2001

  • Lirendreiere og lurendreiere. Norsk Folkeminnelag / Aschehoug, 2002

  • Først i løypa. Historien om langrenn i Norge. Andresen og Butenschøn, 2003

  • God skitur! Ski, smøring og teknikker. Andresen og Butenschøn, 2004

  • Livslang skrivekløe. Historien om den vandrende redaktør Anders Mehlum. Spartacus, 2004

  • Det Beste om Hallingdal i Nu. Notiser og artikler fra Anders Mehlums avis Nu (1894–1932). Haug Forlag, 2005

  • Veldreidretten gjennom 100 år. Bind 1. 1904–1973. Veldre historielag, 2006

  • Skimakerne. Historien om norske ski. Gyldendal, 2007

  • Løping. En verdenshistorie. Gyldendal, 2008

Engelsk omsetting: Running. A global history, 2009


  • Pihl – en sprek 175-åring. Pihl AS, 2009

  • Skiløper og bureiser. Annar Ryen fra Dalsbygda; første nordmann som vant femmila i Lahti. Gyldendal, 2009

  • Det beste om Valdres i Nu. Notiser og artikler fra Anders Mehlums avis Nu (1894–1932). Valdres Historielag, 2009

  • Ørkenen Sur. Den norske uteliggerkolonien i Brooklyn. Saman med Roger Kvarsvik. Spartacus, 2010

  • Først i løypa. Historien om langrenn i Norge. Revidert og utvida utgåve. Dreyer, 2010

  • Skisportens vugge. Font Forlag, 2011

  • Fra bygd til by. Historien om Brumunddal. Ringsaker kommune, 2011

  • Magnus «Wolf» Larsen. Sjømann og bokser. Saman med Roger Kvarsvik. Eget forlag, 2012

  • Femmila. Skisportens manndomsprøve. Gyldendal, 2013

  • Th. Hansen. Familie Sagaen. Trond Tilleskjør, 2014

  • Fra bygd til by i bilder. Bildebok om Brumunddals historie. Eget forlag, 2014

  • Alvdal. Historien om skiløperbygda. Eget forlag, 2014

  • Birken. Historien om det seige slitet. Gyldendal, 2015

Josef Elvebakken. Eneboer og skogsarbeider. Skiaker Krets, en grendeforening på Østsinni i Nordre Land kommune