Dont be evil nettet

Don’t be evil

02.03.2011

”Don’t be evil”: Er mottoet til verdas største internettselskap eit kategorisk imperativ? Eller må du snakke slik når du veit alt om alle? Google følgjer tastetrykka våre, der dei i stadig større omfang søker seg til verdas største trafikkmaskinar. Når vi set likskapsteikn mellom det vi finn der, og kva som eksisterer, kva hender då med alt det andre? Det er ikkje sikkert at den digitale revolusjonen vil verdiane våre vel, om vi ikkje vågar å styre den. Det er heller ikkje sikkert at dei norske bok- og medieaktørane berre tenker på eiga lommebok når dei leitar etter sin stad i det digitale universet.

Dont be evil nettet

Eg ser på NRK Dagsrevyen. Flaumen i Australia skvulpar mot fjernsynsruta. Eg trekker beina opp i sofaen i rein refleks. Ein mann som er avhengig av kunstig surstoff og rullestol seier han sat på verandaen sin ved Murphys Creek. Det regna, han visste flaumen ville kome. Han hadde tid nok til å redde seg unna ved eiga hjelp. Trudde han. I neste sekund smalt det. Flaumen kom raskare, og hundre gonger større enn han venta. Nokre vener drog han i tryggleik i siste sekund. Men buplassen hans og terrenget rundt er endra for alltid.

Nokre dagar seinare treff eg Svein Skarheim i Oslo. Han er forleggjar og sjef i Universitetsforlaget. Det regnar frå nordaust. Men ikkje verre enn at Libris’ store bokhandel i Grensen gir oss ly. Eg har lyst til å spørje om han kjenner seg som mannen på verandaen. Men eg tør ikkje. Eg spør i staden kva det kostar å utvikle eit digitalt læremiddel for universitet og høgskole.
Du får litt for 1,5 millionar kroner, svarar Svein. Ofte kostar det 2,5 millionar kroner.

Etter tre år har 2,5 millionars-læremidlet Skarheim snakkar om, gitt forlaget ei samla inntekt på 250 000 kroner. Der eit engelskspråkleg læremiddel har nokre hundretusen kjøparar, har eit norsk nokre hundre. Skarheim fortel om ei akselerert utvikling langs to aksar. Studentane ønsker digitale læremiddel, og dei graviterer mot engelskspråkleg innhald.

Det regnar framleis når vi er ute på gata igjen. Det brygger opp til flaum her til lands også. Både ein analog og ein digital ser det ut til. Eg vil bruke Skarheims to utfordringar til å sirkle meg inn på eit større spørsmål. Vil den digitale revolusjonen oss vel? Eg vil bruke det skrivne ord i bokform som døme i analysen. Dette fordi bøker snart skal bli digital allmannseige slik som musikk og nyheiter alt er. Det er nå vi kan spekulere. Og sidan det som hender ved universiteta er katalysatoren for endringa, er det naturleg å illustrere med døme derfrå.

Om vi går tilbake til flaumen ein augneblink. Eg ser han slik som mange andre, forleggjaren. Han står lusekuftekledd til lårs i vatn, og kjempar med flaumen. Han støttar seg på rullestolen (fastprisen) og får tilført kunstig oksygen (innkjøpsordninga). Han skrik nei, nei, dette må ikkje hende. Det er naturleg å spørje seg kva han slåss for. Og om vi heiar på flaumen eller forleggjaren.
Mange tastetrykk små – blir til stor å.

Nokre dagar etter flaumen på fjernsynet. Eg drikk kaffi med den nytilsette Prosa-redaktøren Per Olav Solberg. Vi vedkjenner å forstå kva som hender der ute i verdsveven. Vi er kompetente, bevisste brukarar av digitale tenester. Vi vel sjølv. Og likevel hamnar vi som regel på Google om vi skal leite opp noko. På Amazon, om vi skal ha ei bok. I Apples App Store om vi skal ha digital moro. Nå og då er vi innom Startsida og Facebook. Men kva elles? På dette tidspunktet vrir redaktøren litt på seg. Eg må stå aleine med den neste vedkjenninga. Når eg ikkje finn det eg leitar etter på Google, gir eg opp.

Det fins ikkje på Google = det eksisterer ikkje.

Ei bok eg ikkje finn på Amazon, er det heller ikkje verdt å leite vidare etter. Den fins ikkje. Ja, visst er det skremmande. Men i stor grad sant. Etter eit mislykka Google-søk, kan eg lene meg tilbake og slappe av. Eg gjorde det eg kunne. Etter eit vellykka søk kan eg koste på meg eit smil. Eg fekk min flik av den digitale stordriftsfordelen. Eg sparte tid. Eg slapp å surfe rundt på jakt. Her ligg noko av forklaringa på vår framferd. Kanskje utan at vi er bevisste på det.

Eit grunnleggjande prinsipp i økonomien er lova om stordriftsfordel, eller skalafordelar. Dess fleire einingar ein deler investeringa på, dess billigare pr. eining. Eller dess større volum samla ein stad, dess større effektivitet. Når Google først har investert i ein datapark som handterer millionvis av samtidige søk, kostar det ikkje Google meir om det kjem eit søk til. Tvert om, dei tener meir. For i neste sekund vender Google seg til annonsørane. Dei betalar ekstra for det siste søket. Og Google oppnår suksess på begge sider av likninga.
Men eg får også mitt. Eg sparar meir tid på Google enn på alle andre internettenester til saman. Og i tillegg gir tenesta meg altså eit moralsk klask på aksla. Det er skapt eit inntrykk av at Google er gratis. Som Facebook og Twitter. Det er feil. Vi betalar alle saman, truleg kraftig overpris. Eg hadde gladleg betalt 500 kroner i månaden for tilgang til Googles tenester, om eg slapp å betale med informasjon om meg. Mine e-post-kontaktar, mine vener, mine interesser, mine søkeord, mitt bruksmønster, mitt liv. Google samlar og lagrar alt. Eg får effektivitet i byte. Og endå har Google til gode å gå så langt som Facebook, som i praksis gjer oss til levande reklamestativ. Men snart hender det deg også. Når Google sansar at du prøver å snike deg usett forbi Waynes Coffee i Ullevålsveien kl 10:02 ein regnfull onsdagsmorgon. Då sprett kafeens logo opp på mobilen min, og lokkar med ein kopp Google-kaffi til kr 19,90. Vel inne får du eit siste-sjanse-sydentilbod for familie på fem, fordi Google veit det er ei veke til vinterferien, og at du er pappa i ein familie på fem som nettopp er gjennom influensa.

Lokaliseringstenester kopla til all verdas informasjon er både freistande og farlege. Men dette skjer uavhengig av kva du måtte meine. Og bidrar til at informasjonsinnhentinga blir endå meir omfattande og presis. Eg veit at data om deg og meg lenge har vore hard valuta. Men kursutviklinga blir kraftigare dei neste åra. Snart blir denne informasjonen meir verdfull enn dei produkta og tenestene ein leverandør sel. I brukarinformasjonen ligg framtida. Det grunnlaget som det skal utviklast nye tenester frå, og tenast framtidige pengar på. Løfte om framtidig inntening blir derfor ofte viktigare for verdisettinga av desse selskapa enn dagens inntening. Om vi koplar denne hypotesen til det faktum at nokre veldig få, og veldig store, aktørar sit på den digitale kundekontakten, ser vi at resten blir husmenn. Dei store derimot, har samla brukardata som du og eg etterlèt oss på internett. Dei forstår vår digitale framferd alt før vi loggar oss på. Trur nokon at forlaga som leverer innhald til Apple får ta del i dette? Kanskje eit ufarleg utval mot betaling.

Ein februarkveld heime ved kjøkkenbordet bygger eg vidare på Googles database. Heilt friviljug og med opne augo. Eg vil gjerne vite omsettinga til nokre av dei bokhandlane som slåss om skjermen vår. Eg kan leite rundt, eller la Google guide meg. Eg vel det siste, og legg igjen nokre titals nye sideoppslag hos Google. Eg veit at det er meg, kunden, som bestemmer. Eg bestemmer meg tydelegvis for at Google skal vekse seg endå sterkare. Og derfor søker eg like godt opp foto av høysvansar frå femtitalet, mens eg først er i gang.

Er 40 milliardar kroner eit stort nok tal?
Den verkeleg store hypotesen. Vi står med begge beina midt i den viktigaste kulturelle kampen i vår levetid. Det heng saman med barrierane som forsvinn med Skarheims to utviklingstrendar, og tastetrykket som eliminerer fysisk avstand mellom leverandør og kunde. Endå viktigare er det å forstå korfor tastetrykka våre endar der dei endar. Kven har bestemt kva som fins der? Spørsmåla tar ingen ende. Som bokkjøpar skal eg vere interessert i ein grunnleggjande ting. Er det eg eller andre som bestemmer kva eg skal lese? Om det ikkje er meg, er det ein redaktør?

Eg skal sirkle meg inn på potensielle portvakter via eit blikk på den amerikanske marknaden. Det var her det starta, og her det hender. Barnes and Noble har vore USAs største bokhandel. Selskapets omsetting i 2010 var på om lag 38,7 milliardar kroner. Til samanlikning omset ein samla norsk bokbransje for om lag 6 milliardar kroner årleg. I fjor selde Barnes and Noble unna ein kjede på 70 av sine fysiske bokhandlar. Selskapet frigjer så mykje kapital som muleg. Alt for å utvikle sin eigen integrerte, og lukka, distribusjonskjede for e-bøker og digitale læremiddel. Ei slik verdikjede er å samanlikne med ein vasstett tunnel mellom selskapets e-boklager og lesaren1. I teorien er det eit effektivt verktøy for å lokke kunden til å vere lojal. Verkemidla er enkle. Samle mest muleg av det kunden etterspør ein stad. Deretter gjere det tilgjengeleg på enklaste vis. Til dømes ved hjelp av eit lesebrett som krev eitt tastetrykk for å søke og kjøpe e-bøker. Til sist: Slike vasstette tunnelar fjernar all støy frå påtrengande konkurrentar. Barnes and Noble har dermed gjennom ei enormt ressurskrevjande satsing sikra seg distribusjon heilt ut til den skjermen studenten les på. Gjennom det fysiske lesebrettet eig dei faktisk også skjermen. Men er det nok? Selskapet har ein negativ resultatgrad på 4% dei siste 12 månadene.

Amazon laga sin eigen verdikjede lenge før Barnes and Noble. Selskapets sjef, Jeff Bezos, blei sagt å vere viktigare for menneskeheita enn Gutenberg då den første Kindle-utgåva gjekk sin sigersgang over verda. Apple og Google er i dag dei fremste utfordrarane til Amazon. Barnes and Noble skal slåss hardt for å bli nummer fire bokhandel i USA dei neste åra. Det var utenkeleg så seint som i 2009.
Kva slåss dei om? Vi snakkar om den nordamerikanske marknaden på 300 millionar innbyggjarar, med tillegg for kanskje 2 milliardar menneske som forstår engelsk. I denne marknaden fins også aktørar som vel ein annan veg framover. NASDAQ-noterte Booksamillion.com og Borders.com3 er etter europeiske forhold store bokhandlar, med store ressursar. Dei satsar på samarbeide med teknologifirma som har utvikla opne leseprogram, som du og eg kan laste ned til vår PC eller iPad. I motsetnad til Amazons Kindle-program og Apples iBooks, tillèt desse leseprogramma som regel at du kan lese e-bøker frå fleire bokhandlar i same program, og samle e-bøkene dine i eitt og same digitale bibliotek.
Forvirra?
Du treng berre å vite at vår gamle ven stordriftsfordelen markerer seg med kraft i den digitale bokverda. Det er derfor tenkeleg at Barnes and Nobles gigantomsetting på nær 40 milliardar ikkje er nok for å konkurrere mot Amazon og Apple.

Content is not king
Ein ting er likevel klart. Det er ikkje sikkert at det er talet på e-bøker du tilbyr som avgjer. Det treng ikkje vere breidda i utvalet. Eller kvaliteten på innhaldet. Alle nemnte bokhandlar har stort sett dei same bøkene4. Det som avgjer er dei siste linjene med kode. Krigen om våre skjermar går med andre ord føre seg utanfor vår radar. Den blir utkjempa langt inne i programvarekodar av HTML5, Objective-C, Python og JavaScript, der prosjektspråk som sprint og scrum regjerer. Våpna er med andre ord ikkje primært innhald. Content is not king. Det er måten innhaldet blir presentert på som gjeld. Måten det blir gjort enkelt på. For deg og meg.

Og som vi har sett: Det er rasjonelt å velje seg minste motstands veg til målet. Spart tid er den harde valutaen. Og sett på spissen, blir det beste JavaScript-teamet bestemmande for kva eg skal lese.
Og gjett kva? Best muleg presentasjon av innhaldet kostar skjorta. Kjøpte du e-bøker for to år sidan, var det omstendeleg5. I dag er det berre å slå på Kindle og du er rett i bokhandelen. Nokre sekund seinare har du ei ny bok på skjermen6. Vår forventing til korleis handle e-bøker er flytta opp i skyene bokstavleg talt. Mellom dei to stadia ligg totalt nokre milliardar i utviklingskroner, og mange konkursar. Dei som har greidd å ta fram slike løysingar er Amazon, Apple og Barnes and Noble. I tillegg siglar Google sorgfritt over flaumen med sin leseapplikasjon Google eBooks, som vi ennå ikkje har sett falde seg ut til fulle.

Det kan løne seg å sjå på to konkrete ting som spelar endringsagentens rolle i denne verda. Og samtidig innfører eit klasseskilje. Ei teknologisk løysing som på fagspråket heiter in app buying, eller handel i appen, og internasjonale roaming-avtalar mellom bokhandel og teleoperatør. Desse tinga har ingenting med innhald å gjere. Likevel er dei heilt nødvendige for å gi oss den enkle brukaropplevinga. I krigen er dette eit av dei viktigaste våpna. Apple, Amazon og Google kan med sitt trafikkvolum gå til telekom-selskapet AT&T og forhandle fram verdsdekkande avtalar for teletrafikk til ein kostnad ingen andre kan oppnå. Om Telenor er partnar til AT&T gjennom ein gjensidig avtale, betyr det at Telenor meir eller mindre friviljug må levere overføringskapasitet til dei prisane desse avtalane bestemmer. Det er derfor ikkje sikkert at Amazons og Apples boksatsing blir god butikk for Telenor i Noreg. Og det er sannsynleg at aktørar som skal konkurrere mot desse to, anten dei er norske eller utanlandske, vil måtte betale ein høgare telekostnad for å få levert e-boka til deg og meg. Så kven bestemmer?

Eit lite lands hovudpine
Ein kan sjå faresignala om norske studentar verkeleg graviterer mot det engelske språket. Det vil i praksis oppheve alle barrierar mot den norske marknaden. Vi blir fort Amazons og Apples heimemarknad. Vi har nettopp sett kva spelereglar som gjeld i den marknaden. Og om vi legg svartsynet til grunn: Land som held seg med sære vanar som til dømes mellomleggspapiret i matpakken og fleire målformer, blir dyre i drift om ein legg bedriftsøkonomiske prinsipp til grunn.

Små land er ingen god match for dei digitale krava, så lenge ein ikkje tilpassar seg dei store volumas krav i form av utval, språk og format. Kostnaden på innhaldet blir nemleg ein direkte funksjon av volum. Og volum er avhengig av store investeringar i utvikling av enkle kundeløysingar. Vi etterspør stadig fleire kliniske ernæringsfysiologar i dette landet. Men ikkje mange nok. Universiteta i Oslo og Bergen utdannar om lag 60 – 80 mastergradskandidatar årleg. Enkel hovudrekning viser at reknestykket ikkje alltid kan gå rundt. Deler ein Skarheims 2,5 millionars investering i læremiddelutvikling på 100 000 eksemplar, blir kostnaden kr. 25 pr. eksemplar. Deler ein same investeringa på 1 000, vil kvart eksemplar koste kr. 2 500 å lage. Ein bedriftsøkonom ville raskt stoppa denne praksisen, om han berre tenkte bedriftsøkonomi. Likevel lagar forlaga læremiddel for smale fag.

Store Norske Leksikon (SNL) søkte i 2010 om offentleg stønad. Kulturdepartementet grunngav avslaget med manglande volum. Staten kan ikkje støtte SNL fordi tenesta ikkje drar til seg mange nok unike brukarar (dei går til Wikipedia og Google som greier seg utan stønad…), og derfor ikkje får dei sideoppslaga dei håpa på. Eg vil ikkje ta stilling til saka, eg kjenner ikkje bakgrunnen. Men innhaldet i avslaget er interessant. For det gir oss kanskje innsyn i kva tenking det er som styrer landet akkurat nå. Det er ikkje statens oppgåve å halde liv i tenester og tilbod som ikkje marknaden ser behov for. Vi snakkar altså igjen om volum, og om marknaden. Om kvantitet som separatoren.

Om dei akademiske forlagssjefane verkeleg tar signala frå omverda på alvor. Kva då? Jo, då hentar dei inn ein bediftsøkonom som lett kan rekne seg fram til at det beste for eigarane er å legge ned verksemda, og satse pengane på noko anna. På eigedomsutvikling, eller oljeutvinning. Kva om dei faktisk legg ned? Om dei stillar seg opp framfor Stortinget ein dag og heiser det kvite flagget: Vi greier ikkje å løyse samfunnsoppdraget vårt lenger, vi legg ned. Det fins ikkje nok ernæringsfysiologar. Då har vi framleis Apple, Google og Amazon.

Eit uhøvisk tankeeksperiment om sensur
Heile næringskjeda startar ved forfattarens gjerning. Vår mann, fagbokforfattar Sigurd Evensmyhr, er utdanna sosiolog og teknolog. Han har nettopp ferdigstilt boka Digital definisjonsmakt – ein studie av informasjonens portvakter. Evensmyhr har også gjort sine observasjonar i forelesingssalane på universitetet. Han ser at studentane vel Kindle-lesebrettet frå Amazon og iPad frå Apple. Han er i tvil om eit norsk forlag vil nå studentane sine på same effektive vis. Han vel derfor eit stort amerikansk forlag for boka si. Dei er entusiastiske, og vil satse stort på boka. Så blir det stilt. Han får fleire kryptiske tilbakemeldingar. Til sist ein lang e-post frå redaktøren, som framleis ønsker seg boka, men som gjerne vil ha den omarbeidd. Døma i teksten må ikkje kunne sporast tilbake til Apple og Amazon. Evensmyhr kan ikkje leve med dette. I ein telefonsamtale med redaktøren får han vite at verken Amazon eller Apple vil selje og distribuere boka. Evensmyhr endar opp med å gi ut boka som e-bok på eit norsk forlag. Den blir vurdert som pensum på studiet for sosiale medier for haustsemesteret 2012. Men lærestaden har inngått ein avtale med Amazon. Den gir studentane 30% billigare læremiddel inkludert Kindle lesebrett. Lærestaden må i retur akseptere det læremiddelutvalet Amazon tilbyr. Evensmyhr kan dermed konstatere at hans oppsiktsvekkande funn aldri blir pensum. Boka hans blir faktisk aldri relevant lesing i den samanhengen den var tenkt.

Om nokon kan slå fast at dette ikkje kan hende, vil mange sove betre.
Steve Jobs er gründer og sjefen i Apple. Han har ved fleire høve sensurert og stoppa utgivingar som mellom anna er kritiske til den amerikanske konservative høgrefløya. Harselas over golfeinaren Tiger Woods i teikneserieformat blei også for drygt, og slik kan ein gå frå sak til sak. Det er berre å google Apple+censorship. Det gir 6 370 treff7. Apple søkte i fjor haust om patentbeskytting for ei programvare som skal stoppe bruk av uønska ord i tekstmeldingar. I jakta på kvartalsmessig vekst ser Steve Jobs ut til å ville bestemme kva folk skal lese, og kva dei ikkje skal lese. Om vi ser situasjonen i fugleperspektiv, ser den rar ut med tanke på verdiar vi likar å setje høgt, demokrati og ytringsfridom. Det sit ei handfull rike og flinke menn i California og bestemmer kva sanning som gjeld. Det er nesten utruleg å lese seg gjennom Apple-sakene som blir dokumentert via eit Google-søk. Og det er skremmande. Ingenting her lovar gode kår for demokrati og ytringsfridom framover. Så er heller ikkje det målet. Målet er kvartalsvis resultatforbetring og auka børsverdi. Om norske forleggjarar (og avisutgivarar) vel å legge all sin distribusjon av digital litteratur og læremiddel til Amazon, Apple, eller Google, vil dei kanskje lykkast med å nå studentane i andre enden. Men vil dei ikkje ende opp som husmenn? Totalt avhengige av husbonden? Vil dei framleis ha den redaksjonelle fridomen sin?

Det handlar om oss – gjer det ikkje?
Eg er inhabil i store delar av denne teksten. Eg leiar Den norske Bokdatabasen as8. Samtidig leiar eg eit prosjekt som skal munne ut i eit norsk alternativ til dei modellane Amazon og Apple kjører for distribusjon av e-bøker. Dei sentrale aktørane i norsk bokbransje meiner altså i fullt alvor at vi må konkurrere med dei store. Det same gjer mediebransjen. I det minste for å lære, og skaffe oss ein vidare forhandlingsposisjon. Eg er også forfattar og har gitt ut bøker på to norske forlag. Eg har flust av eigne interesser i desse sakene. Eg bør derfor ikkje bli trudd på alt eg meiner her. Men kanskje akkurat derfor kan eg skrive som eg gjer. Eg har mykje å miste, og mykje å vinne. Og derfor stor interesse av at vi diskuterer denne situasjonen. Og det betyr at eg her og der høyres ut som ei and på jakt etter ein eigen plaskedam. Snakkar som ei and, må vere ei and.

Men om vi tar sjansen, og lar anda vere and. Aha, tenker du. Det var det eg visste. Svein Skarheim står midt i flaumen for å leie litt flaumvatn inn i den norske bokbransjens eigen plaskedam. Det satt.
Det er sjølvsagt skarpt observert, og heilt rett. Men utan å bli for personleg. Slåss han for lønna si, eller for det vi har bestemt at han skal slåss for. Språket vårt og litteraturen vår? Dei store aktørane i bok- og mediebransjen slåss sjølvsagt for best muleg økonomiske vilkår. Det bør vi vere glade for. Ikkje naive sjølvsagt. Men god nok økonomi er ein føresetnad for å utvikle eit godt nok tilbod til deg og meg. Forsikring handlar også om oss. Ikkje kven vi er, men kva vi er verdt i økonomiske storleikar. Samanliknar vi privilegia finansbransjen har fått for å sikre oss økonomisk, med særordningane bok- og medieaktørane nyt godt av, er sistnemnte knapt verdt trykksverta. Eit forsikringsselskap har blankofullmakt til å hente inn all informasjon om kvar og ein av oss. Sjølv dei mest sensitive detaljane. Etterpå har dei fullmakt til å bestemme kven av oss som er kvalifisert til eit verdig liv.

Står vi midt i den viktigaste kulturkampen i vår levetid? Då vil vi trenge verkemiddel som motverkar den totalt dominerande posisjonen (utanlandske) enkeltaktørar vil få. Den digitale verda er binær, og gir binær respons. Null eller ein. Alt eller ingenting. Det er eit forhold vi bør ta inn over oss ganske raskt. Det er kanskje ikkje plass til meir enn ein aktør på skjermen min, og heller ikkje plass til mange fleire i hovudet mitt.

Men det ser ut til å vere noko med proporsjonane i denne utfordringa som vi ikkje vil diskutere. Det er som om det blir litt betent kvar gong vi set spørsmålsteikn ved den marknadsliberale tilnærminga. Som om det å ville skjerme språket og litteraturen vår for marknadskreftene (som kanskje drar i engelsk retning) er gammaldags og flaut. Og så i neste omgang suspekt. For her er det nokon som kan kome til å tene på det. Eg er einig med franskmennene. Det er noko høgst merkeleg ved eit folk som ikkje vil ta vare på seg sjølv. Og i staden reknar alt om til kroner, og lar svaret tale for seg. Eller er det ikkje det? Er det heller noko rart ved franskmennene, som er så opptatt av seg og sitt at dei stadig hamnar i bakevja fordi dei ikkje konkurrerer som oss andre, på like vilkår?
Uansett kva vi måtte meine. Over flaumen siglar Google sin eigen sjø. Under radaren sender du og eg stadig fleire datasøk til selskapets serverar. I laupet av dette året vil dette imperiet ha festa grepet sitt også om bokverda. Google blir truleg den einaste truverdige utfordraren til Amazon og Apple på digitalt innhald. Visjonen deira om at all kunnskap og informasjon i heile verda skal leggjast under eit regime er i ferd med å bli verkelegheit.

Korleis har vi tenkt å forholde oss til det faktum at eitt selskap, kanskje berre ein person, Googles øverste sjef, har større påverknad på oss og liva våre, enn dei folkevalde? Mange har ønska det, men ingen har før hatt tilgang på all verdas informasjon. Ingen har før hatt tilgang på all informasjon om alle personar. Google vil gjerne bli eit flyselskap, ein reiseoperatør. Kva om dei kjøper eit forsikringsselskap? Eg har ikkje brukt plass på Facebook. Hendingane i Egypt viser to ting. For det første at sosiale media er gode demokratiserande verktøy, deretter at brukarane sjølv skapar trafikk gjennom sine innlegg. Dette er kanskje eit betre bilete enn Google på korleis internettrafikk vil utvikle seg. Men som nemnt, Facebook veit også det meste om deg, og dei brukar det. I denne samanhengen er Facebook berre eit av 4-5 store amerikanske selskap som kjempar om dominans. Og ein dag finn nok dei også sin plass i verdikjeda for digitale produkt.

Storleiken på det vi står midt oppi kan målast i variablar som ytringsfridom, demokrati og identitet. Eller det kan reduserast til noko som ser ut som ein kvalitetsreform kledd ut som ein teknologisk revolusjon. Om nokon spør meg kven som styrer denne reforma, har eg ikkje svaret. Men det liknar skrifta til Smiths usynlege hand.

Og, forresten. Eg plukka opp noko anna ein stad. Noko om at norske studentar gjerne betalar rekninga (fastprisen) for å oppretthalde det norske fagspråket og breidda i litteraturen. Og at Skarheim gjerne lagar læremiddel til dei 80 studentane på ernæringsfysiologi. Men var det ikkje også noko om at regjeringa syntes at voluma kom til å bli litt for puslete då?
”Don’t be evil” er truleg det einaste du kan truge med når du kontrollerer verda. Så smil og vink til dei spøkelsa du ser på høglys dag.