Biografiens tilstand 2015

24.04.2015

Etter ein kritisk fase er biografiar blitt betre historieskriving. Nå truar det fagleg beste med å bli den gode biografiens fiende.

Femten år er gått sidan jordskjelvet rulla inn over norsk biografmiljø: Idéhistorikaren Marianne Egeland kom med boka Hvem bestemmer over livet?. Der gjennomførte ho eit masseslakt av populære norske forfattarbiografiar frå dei to føregåande hundreåra.

Egelands kritikk mot biografilitteraturen kom medan etterskjelva framleis rulla etter ein nordisk biografidebatt. Den starta dramatisk då historikaren Niels Thomsen under ein disputas i København i 1992 tok ordet og spurde: «Hvor er bøffen?» Etter Thomsens meining kunne ikkje biografien om skolepioneren Natalie Zahles reknast som historieskriving. Doktoranden Thomsen opponerte mot, var Birgitte Possing, som i dag er professor ved det danske Rigsarkivet.

13808 4217 368b258e5de54b35be3e249a473e8ace original

Foto: Gyldendal Danmark

 

Når den same Possing i år byr på ei oversikt over biografifeltet i boka Ind i biografien, kjennest det som rett tid for å komma med ein tilstandsrapport femten år etter Egeland og meir enn to tiår etter Thomsens opposisjon mot Possing.

Korleis er tilstanden og kåra for den norske biografien anno 2015? Egeland sette søkelyset på forfattarnaivitet og manglande kjeldekritikk. Korleis ser norske forfattarbiografiar ut nå? Thomsen forsvarte biografisjangerens smale posisjon i historiefaget. Korleis er haldninga til biografisjangeren i historiefaget i dag?

Possing peikar, som Egeland i 2000, på sørgjelege følgjer av dårleg sjangerkunnskap, noko begge set seg føre å bøta på. Possings kritikk rettar seg i særleg grad mot ein kjønnsubalanse som eg må lata liggja, og mot dårleg biografianmelderi. Korleis står norsk biografikritikk samanlikna med den Possing vurderer?

Til slutt blir spørsmålet om den norske biografien har tent på debatten eller ei.

EI VENDING Thomsens opposisjon vitna om det Possing kallar ei «ringeakt» for biografien i det danske historiefaget. Om haldninga til biografiskriving i det norske historikarmiljøet kan det neppe brukast eit like sterkt ord, men ein skepsis har det funnest. Den var på 1990-talet parallell til haldninga Possing fann i Danmark, og ho gjev treffande forklaring. I fleire tiår var det i sosiale og økonomiske system at historikarane leita etter drivkreftene i historia. Personlegdom og enkeltpersonar som endringsfaktor var underkjende. Det betyr likevel ikkje at fagmiljøet har stilt seg avvisande til biografien som historiefagleg sjanger så lenge livshistoria «har relevans til omfattende sosiokulturelle enheter», som metodeguruen Ottar Dahl uttrykte det.

Så langt var ingen usamde, heller ikkje Possing. Skiljet kom då ho i avhandlinga si fann det naudsynt å ta detaljar frå privatlivet med for å belysa korleis Zahle kunne gjennomføra eit livsverk av «omfattende sosiokulturell» relevans. Ifølgje Possing er slike brot med tradisjonell historiefagleg framstilling ofte naudsynt i biografiar om kvinner. Grunnen er at uvanleg organisering av privatlivet har vore ein viktige forklaringsfaktor for at kvinner kunne komma med blant «de store personligheder» som historiefaget finn det verdt å studera.

Også i det norske historiefaget har det reist seg etiske debattar og kritikk mot biografisk «dyneløfting». Men ingen underkjende Inger Elisabeth Haavets avhandling om Nina Grieg i 1997 eller Elisabeth Lønnås’ avhandling om psykologipioneren Helga Eng i 2002. At biografisk tilnærming vann terreng viste Hans Fredrik Dahl då han i 2001 forsvarte individhistorias bidrag til faget. Dei siste tiåra har mange norske biografiar blitt godkjende som historiefaglege avhandlingar. Forholda her må kallast rosenraude samanlikna med den motstanden Possing i si tid opplevde, og den danske «ringeagt» som ho hevdar framleis finst. Men biografiinteressa i faget aukar også der og ho gjev sjølv ei god forklaring på det som internasjonalt blir kalla «the biographic turn»: Kommunismens fall rundt 1990 markerte eit samanbrot i trua på systemaforklaring og dei store ideologiane, og skapte ei sterkare fagleg interesse for enkeltindividets rolle i historia.

2014 KONTRA 2005 Den forklaringa kan også gjelda i det tradisjonelle hovudfeltet i det norske historiefaget, den politiske historia. Der er ei biografisk vending synleg.

Det siste tiåret har landet vårt markert tre storhendingar i norsk politisk historie: unionsoppløysinga i 1905, vedtaket om allmenn røysterett for kvinner i 1913 og Grunnlova av 1814. Til dei tre høva kom det grundig førebudde historiefaglege utgjevingar som i ettertid gjer den biografiske vendinga tydeleg.

I 2005 var det store norsk-svenske historieverket av Francis Sejersted og Bo Stråth det mest påkosta og synlege. Ingen fann det relevant å gje ut nokon biografi verken om Christian Michelsen eller andre 1905-heltar eller heltinner.

Også i 2013 kom eit tjukt verk, Norsk likestillingshistorie 1814–2013. Det hamna likevel i skuggen av dei mange 1913-relevante biografiane og kollektivbiografiane. Mari Jonassens biografi om Fernanda Nissen og kollektivbiografiar om vanlege 1913-kvinner var skrivne av historikarar, og Magnhild Folkvord skreiv bok om Marie Fredrikke Qvam med historiefaglege kvalitetar.

Endå tydelegare blei den biografiske vendinga ved grunnlovsjubileet i fjor, då til og med jubileumsmarkeringa til Universitetet i Bergen var ein biografi. Karsten Alnæs’ populærhistoriske bok 1814 var den av 2014-bøkene som selde best, men Runar Jordåens biografi om vår første stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie, Carl Emil Vogts biografi om den aristokratiske opprøraren Herman Wedel Jarlsberg og Arild Stubhaugs biografi om eidsvollsmannen Jacob Aall blei dei akademiske og akademisk prega 1814-bøkene som fekk mest merksemd.

Ei biografisk dreiing, ja, men eit sveip over bokmeldingane i eit tilfeldig utval nummer av norsk Historisk Tidsskrift frå dei siste åra tyder på at sjangeren har liten plass i fagsamtalen. Biografimeldingar utgjer ein minimal del av bokmeldingane i Historisk Tidsskrift. Biografien er på plass og i vekst, men noka fagleg begeistring ser han ikkje ut til å bli møtt av. I staden råder kanskje det Possing peikar på: ei uvisse rundt biografiens metode, etikk og sjangerkjenneteikn.

Resepsjon, bokmeldingar og andre vurderingar er eit stort emne i Possings bok om biografien. Då eg gjorde ei undersøking av norsk biografikritikk i avisene hausten 2001, fann eg at kritikarane mangla omgrep og kunnskap om dei litterære og metodiske sidene ved sjangeren og derfor enda opp med å melda livet i staden for livsskildringa. Den same konklusjonen dreg Possing etter å ha gjennomgått den historiefaglege biografikritikken. For å bøta på vankunna og det dårlege kritikararbeidet set Possing opp ein biografitypologi som langt på veg følgjer same oppdeling som Egelands frå 2000.

EGELAND-EFFEKTEN I norske aviser er kvaliteten på sakprosamelderiet blitt betre etter kvart som dyktige sakprosaforfattarar dei siste tiåra er komne til kritikarkorpset. Ivo de Figueiredo, Guri Hjeltnes, Sindre Hovdenakk, Espen Søbye og fleire har biograferfaring og kan melda boka i staden for livet. Men framleis er altfor mykje av det som blir kalla biografimelderi, prega av innhaldsreferat. Seinaste dømet fann eg i historikartidsskriftet Fortid der meldaren ikkje evna å vurdera fagleg Aud V. Tønnessens biografi om Ingrid Bjerkås.

Det som finst att av kritikkredaksjonar i dette landet, kan gjerne senda Possings bok rundt som obligatorisk danningslitteratur. Ho brukar mykje plass på å gje biografar og kritikarar tryggare grunn å stå på, i seg sjølv ein god grunn til å lesa boka hennar.

Ho er også oppteken av å heva kvaliteten, kunnskapen og statusen til biografien i historiefaget, men her til lands vil rettleiingane hennar vera like fruktbare for dei som skriv og melder biografiar for allmennmarknaden. Årsaka er Egeland-effekten: Samtidig som biografisjangeren er teken inn i historiefaget, har det dei siste tiåra også skjedd ei rørsle andre vegen. Kvalitetskrava i historiefaget blir i større grad følgde sjølv når forfattarar utan historiefagleg bakgrunn skriv biografi.

Etter Thomsens åtak i 1992, Birgitte Possings forsvar og Egelands kritikk i 2000 var det få som dreiv med seriøs biografiskriving i Norden utan å ha orda deira i bakhovudet. Det er heva over tvil at ordskifta har betra den historiefaglege kvaliteten i biografiskrivinga her til lands. Innanfor historiefaget er det sjølvsagt at biografiske arbeid er kjeldebaserte, at forfattaren driv kjeldekritikk, og at biografien har noteverk og litteraturliste. Etter Egeland er dette langt på veg kjenneteikn også ved norske biografiar som er skrivne for allmennmarknaden.

Metodekrava i historiefaget har fått tilnærma hegemoni i biografiskrivinga, og det har tent sjangeren, men det har også tilført han nye problem.

LETT, TUNG  Egelands biografianalyse tok for seg norske forfattarbiografiar og retta kritikk mot det ho såg som ein naiv tillit til hovudpersonane sine sjølvframstillingar og sjølviscenesetjingar. Amatørfreudianske personlegdomsteikningar, tolkingar utan kjeldegrunnlag og fargerike fiksjonsinnslag var også trekk som ho kritiserte. Etter henne har den typen biografiskriving om norske forfattarar tapt legitimitet. Possing hevdar at Ivo de Figueiredo i første bind av Ibsen-biografien sin vel å byggja for ukritisk på Ibsens sjølvbiografiske skisse, men det er vanskeleg å sjå at ho har rett i den påstanden. Historikaren Figueiredo kontekstualiserer og utøver kjeldekritikk, slik også journalistane Ingar Sletten Kolloen og Sigrun Slapgard gjer i sine biografiar om diktarane Tor Jonson, Knut Hamsun og Sigrid Undset.

Femten år etter Egeland er det ikkje alltid enkelt å bruka størrelsen på noteverket og graden av kjeldedrøftingar til å skilja faghistorikarar sine biografiske arbeid frå dei som er skrivne av folk med annan bakgrunn. Dette er store framsteg frå dei «myte»-knusande, «gåte»-løysande og på andre måtar enkle tilnærmingane som dominerte dei norske biografihyllene på 1980- og tidleg 1990-tal.

FRYKT FOR FORTELJINGA «Det er fint at du begynner med havet i en biografi om Nansen, for havet er stort.» Omtrent slik ordla Tor Bomann-Larsen seg på eit møte i Norsk Biografisk Selskap der historikaren Harald Dag Jølle presenterte det biografiske arbeidet sitt om Nansen, eit arbeid der forskaren Nansen skulle stå i sentrum. Jølle avgrensa seg straks frå det han – heilt rett – oppfatta som ei oppmoding frå Bomann-Larsen om å ta i bruk «litterære grep» i biograferinga av Nansen.

Ein liknande historikarreaksjon kom frå Hans Fredrik Dahl på eit debattmøte der forfattaren Atle Næss presenterte dramaturgiske og retoriske grep han hadde brukt i biografien sin om Edvard Munch. Av hovudpersonens nære vener bør ein velja ut tre, sa Næss, fritt sitert. Tre er godt retorisk og fleire er det vanskeleg for lesaren å halda orden på. «Men hva hvis hovedpersonen hadde fem?» spurde Dahl, som meinte at det historisk korrekte måtte styra over gode forteljegrep i kjeldebaserte framstillingar. Dei gode biografane Jølle og Dahl gjer bruk av litterære grep og dramatiseringar, men dei målbar likevel den skepsisen som finst i historikarmiljøet mot «scenar». Dersom biografen skal kunna dokumentera kvar livgjevande detalj med minst to pålitelege kjelder, kan biografiane etter Egeland bli for nedtyngde av forsiktigheit i tolkingar og av ein mangel på narrativt driv som dessverre pregar det meste av norsk historieskriving.

PRISLAUST  Effekten av denne utviklinga kan anast i dei seinare åras mottaking i allmennmarknaden. Nokon enkel måte å måla den fann eg ikkje, men prisnomineringar, juryeringar, kåringar og kulturrådsinnkjøp kan gje eit vink. I Kulturrådets innkjøpsordning for sakprosa kjem dei solide, kjeldebaserte og notetunge biografiane for allmennmarknaden relativt godt ut. Av dei vel sytti titlane som kvart år har komme gjennom det nålauget, utgjer kvalitetsbiografiar jamt rundt tjue prosent. Men leitar ein bak dei trongare nålauga, er biografiane blitt vanskelegare å sjå. Rett nok fekk Steffen Kverneland Brageprisen i 2013 for den kjeldebaserte teikneseriebiografien Munch. Men i sakprosaklassen må ein heilt tilbake til Frank Rossaviks Einar Førde-biografi frå 2007 for å finna ein meir tradisjonell biografi som er brageprisa. Før den tid var biografar oftare på scenen under Brage-showet. Etter 2007 har ikkje tradisjonelle biografiar nådd opp i sakprosaklassen, noko som er tankevekkjande all den tid dette er perioden då den historiefaglege kvaliteten i biografiar for allmennmarknaden er blitt betre.

Den same tendensen viser lister over andre relevante nominasjonar og kåringar frå dei siste åra. Dei tradisjonelle biografiane er forsvunne. I staden vekkjer meir uvanlege biografiske arbeid interesse. Bokhandlernes sakprosapris gjekk i 2013 til Maria Reinertsen for ein Schønberg-Erken-biografi som har trekk ein også finn i andre nyskapande sakprosasjangrar: Boka er ein collage av biografiske glimt, oppskrifter frå kokebøkene, innblikk i researcharbeidet og samfunnsfaglege analysar av kva personen har betydd.

Når dei nye, meir solide livsskildringane frå liv til død ikkje får prisar, kan årsaka liggja i at det forsvann noko interessevekkjande ut med badevatnet då den naive skrivemåten blei fortrengd av metodehegemoniet i historiefaget. At enkelte synest livsframstillingar skrivne med historiefagleg kjeldedokumentasjon og -vurdering begynner å kjennast nedtyngde og manglar dristigheit, tyder også nyskapingar innan sjangeren på. For kvar går den norske forfattarbiografien? I stor grad heldt han fram i det forsiktige, kjeldebundne sporet, men enkelte forfattarar går nye, meir medrivande vegar.

Alf van der Hagen driv biografisk nyskaping med Dag Solstad og Kjell Askildsens «uskrevne memoarer». Slike intervjubøker er ei utilgjengeleg løysing for den som vil skriva kjeldebasert om døde forfattarar, men Maria Reinertsen viste at truverdig, lettlesen nyskaping også kan skrivast om slike. Kritikarprisen for sakprosa utgitt i 2014 gjekk til Tore Rem for Knut Hamsun. Reisen til Hitler. Også den inngår i ein biografisk trend som kan peika framover: biografiske skildringar som berre tek for seg eitt aspekt av eit liv, eller, som her, ei hending. Frå den britiske Biographers’ Club høyrer eg at dette er ein sjanger som møter aukande forlagsinteresse der. Gruppebiografiar rundt hendingar, særeigne miljø eller korte historiske periodar er ein annan variant innanfor den same tendensen. Norske døme på det siste er vanskelege å finna, men på engelsk er David Boyd Haycocks førsteverdskrigsbok A Crisis of Brilliance framifrå. Han er ein historikar som ønskjer å nå ut og ikkje ser ut til å frykta at narrative grep skal øydeleggja truverdet hans.

Tilbake til den naive biografiskrivinga ønskjer ingen seg, men vi kan ikkje lata jakta på det historiefagleg beste øydeleggja forteljelyst og evna til å fengsla og nå ut med nye og betre norske biografiar.

Litteratur

Hans Fredrik Dahl, «Individet i historien». Prosa 2/2001.

Ottar Dahl, Grunntrekk i historieforskningens metodelære. Universitetsforlaget, Oslo 1994 1976.

David Boyd Haycock,  A Crisis of Brilliance. Five Young Artists and the Great War. Old Street Publishing, London 2009.

Birgitte Possing,  Ind i biografien. Gyldendal, København 2015.

Arnhild Skre, «Melder vi livet eller livsskildringa? Biografimeldingar i norske aviser hausten 2001». Prosa 2/2002.