vKVQZ6VMRffa7XKW0hY9x8FEBzrDsdf1eUGlSUreu_c

Kan ei lita, norsk diktsamling gi ei anna forståing av angst enn amerikansk sakprosa der det myldrar av personlege erfaringar, medisinske fakta og kulturhistoriske anekdotar?

Scott Stossel
Min angst. Frykt, håp, redsel og jakten på sjelefred
Omsett av Lars Holm-Hansen
Cappelen Damm, 2015

Kjersti Wøien Håland
Panikk!
Flamme forlag, 2015

Eg har lenge vore oppteken av å skjøne kjensler, kanskje mest av alt som eit forsøk på få meir kontroll over mitt eige kjensleliv. Men det viser seg igjen og igjen at kjenslene rundspelar tanken. Sinnet har nemleg forsvarsmekanismar som ikkje utan vidare lar seg administrere av dei høgare kognitive funksjonane i pannelappane. Og når reptilhjernen langt der nede i bakhovudet slår alarm, er det merkeleg kor liten forskjell det gjer om ein stiller med kunnskap, språkforståing og logisk sans. Nettopp difor er det ikkje berre problematisk for individet, men eit samfunnsproblem om mange kjenner seg utrygge og slit med psyken. Og difor er det viktig – i dei stundene der ein har både tid og evne til refleksjon – å skjøne meir av korleis vanskelege kjensler oppstår og påverkar oss.
Det er bakgrunnen for at eg har lese to bøker med ulike tilnærmingar til temaet angst: Amerikanske Scott Stossel, redaktør for magasinet The Atlantic, har i boka Min angst. Frykt, håp, redsel og jakten på sjelefred skrive sakprosa basert på research av den typen ein må ha ein personleg assistent for å gjennomføre. Han er altså ikkje forskar, men er ein såkalla syntetiserande forfattar, som ser informasjon frå mange kjelder i samanheng. Kjersti Wøien Håland har skrive den vesle diktsamlinga Panikk! om å leve med angst. Den første boka er det mykje interessant å lære av. Den andre inneheld langt mindre informasjon, men gir eit anna og meir varig inntrykk av nettopp kjensla.

KVA ER ANGST?
eg har døypt om
hjartet
til kjøttklokka
fjern all
romanse
hjartet bankar ikkje
for nokon
det tel ned.

Slik kan ein poetisk definisjon av angst høyrast ut hos Wøien Håland. Både Wøien Håland og Stossel skildrar angstanfall som akutt dødsangst. Og sjølv om ein har overlevd liknande anfall før og burde vite betre, er det umogeleg å avvise tanken når panikken først får tak: Men kva om det faktisk er eit hjarteinfarkt denne gongen?
Hos Stossel kan ein lese den lange definisjonen av angst og historikken: korleis angst og depresjon først etter krigen vart oppfatta som to ulike psykiske lidingar, og vidare at angst vart differensiert i ulike diagnosar. Dette hang saman med at det vart forska fram medisinar som viste effekt på somme symptom, men ikkje på andre. Fellesnemnaren mellom både generalisert angst, sosial angst, fobiar og angstanfall er at det fysiologisk artar seg likt frykt. Men frykt er reaksjon på ein konkret trugsel og går over når faren er over. Angst er det når du er redd utan at det finst ein konkret, ytre fare. I staden blir reaksjonen sett i gang av noko i deg sjølv, det kan vere førestillingar om at noko gale kjem til å skje, eller seinverknader av traume. Eller kanskje er det berre ei feilkopling i hjernen?
Den raude tråden gjennom Stossels bok er spørsmålet om kva som betyr mest: biologi eller sosiale relasjonar? Han går grundig gjennom forklaringar som genetikk og hormonell ubalanse i hjernen, utviklinga av medisinar og alternative terapiformer baserte på kognitiv eller psykoanalytisk teori. Forsking innan utviklingspsykologi er eit anna viktig felt.

DET SOSIALE INDIVIDET
I den psykoanalytiske tradisjonen har angst blitt knytt spesielt til opplevde trugslar mot sjølvkjensla. Og sjølv om psykoanalytikarar lenge nekta for det, veit vi no at ingenting betyr meir for sjølvkjensla enn tilknyting, spesielt til mor i tidleg barndom, men også i andre kjærleiksrelasjonar. Dette vert tydeleg i Wøien Hålands dikt, der ein også finn tiltale til eit «du» og brokkar av ei ulukkeleg kjærleikshistorie. Nokre av dei beste dikta i samlinga er dei som kort og presist oppsummerer emosjonell innsikt, til dømes i kva avvising gjer med ein: «du har blitt / ammunisjon / i min krig / mot meg sjølv».
Kjersti Wøien Håland debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. I fjor gav ho ut ein roman prega av angst for både kapitalkrefter og klimaendringar, titulert Dommedøgn. Og i år kjem ho altså med dikt om ei ung, einsleg kvinne som opplever å bli overvelda av angst på kino, på musikal, på t-banen og på sitt eige rom.
I tillegg til å skildre sjølve angstopplevinga får poeten også fram at angst har sosiale konsekvensar, som det ofte nemnde utanforskapet: «eg står i hjørnet / av festen / og filmar». Angsten isolerer, også fordi det ein sjølv slit seg ut på, å halde kontrollen over kroppen og kjenslene, verkar så lett for alle andre: «ein skulle kunne / leige eit rom / i eit anna / menneske».
Enkle, aforismeliknande dikt kan brenne seg inn i minnet, men kor mykje ein får ut av dei, vil variere med kva lesaren har av eigen kunnskap eller erfaring som ladar teksten.

FAGLEG SOLID
Har ein lite frå før, kan Stossel hjelpe: Han formidlar store menger erfaringsbasert kunnskap.
Omsetjar Lars Holm-Hansen har omsett Stossels bok til eit lettlese, men fagleg solid norsk. At ordet «medmenneskelighet» er brukt som ord for eit fagfelt (kanskje «humanities» originalt?), er det einaste eg oppfattar som ein glipp. Valet av Min angst som norsk tittel gir sterke assosiasjonar til Karl Ove Knausgårds sjølvbiografiske seksbindsverk Min kamp, noko som er ei fiffig og fin løysing. Den originale tittelen, My Age of Anxiety, spelar nemleg på ei bok som er ukjend i Noreg: W.H. Audens langdikt The Age of Anxiety frå 1948. Samstundes går Stossel langt i å blottleggje sine mest pinlege erfaringar frå den kampen han har ført mot lammande fobiar og sosial angst heilt frå barndommen av, ikkje heilt ulikt korleis Knausgård blottar sin eigen kamp mot skamma og for å bli forfattar.
Stossel har komponert boka etter eit prinsipp som delvis hermar akademiske utgivingar: Første del består av eit samandrag av hovudpoeng frå resten av boka, men i ein anekdotisk, underhaldande stil. Det gjer boka lesarvennleg og er sikkert pedagogisk, men eg ville opplevd boka som meir oversiktleg om han hadde nøgd seg med éin gjennomgang utan gjentakingar. I tillegg nyttar Stossel fotnotar flittig, og dei er ofte lange. Det gjer lesinga litt springande, men for ein lesar med stor interesse for temaet fungerer det greitt, spesielt sidan fotnotane også gir mange interessante fakta.

LIDING FOR ELITEN
Min angst er faktisk svært interessant kulturhistorie. Til dømes var det ukjent for meg at angst heilt sidan 1700-talet, og kanskje før det også, har blitt oppfatta som ein sjukdom for den kreative og intellektuelle eliten. Stossel gjer eit stort poeng av at geni som Charles Darwin og Sigmund Freud sleit med psykosomatiske plager knytte til angst. Å ha finstilte kjensler, eit lynkjapt hovud og ein aktiv fantasi blir eit problem når imaginasjonskrafta vender seg mot alt som kan gå gale. Å sjå slike samanhengar har ein slags terapeutisk verdi, og det er ingen tvil om at dei som slit med angst, kan trenge hjelp til å få høgare tankar om seg sjølve.
Stossels openhjartige skildring av dei mange fysisk og psykisk pinefulle plagene akutt angst medfører, får godt fram kor hemmande angst er, og at det er stor skam knytt til stadig å knekke saman under det andre ikkje eingong oppfattar som stress, som ein flytur. Dermed blir angst ofte ei kjelde også til depresjon. Likevel bidreg Stossel til mytologisering av angst, og eg tek meg i å lure på om ikkje det også finst mange som slit med angst, ikkje fordi dei er særskilt intelligente eller kreative, men på grunn av stress og traume.
Hos Wøien Håland finst det til samanlikning ikkje spor av romantisering av angst som kreativt potensial, og ingen referansar til kunstnarar og intellektuelle med angst. Det kunne ha gitt diktsamlinga noko av det håpefulle løftet som Stossels meir ubeskjedne framstilling har. I staden slår poeten fast at det ikkje er noko «episk og storslage» i angsten, men at ho snarare kjenner seg som «eit patetisk / lite dyr» fanga i «ei langdryg liding». Likevel viser også denne diktsamlinga eit samband mellom ei kreativ legning og det å vere disponert for angst, sjølv om «panikk» kanskje er brukt i ei meir overført tyding i det følgjande sitatet: «panikk / når alt er beige / og alle følger / oppskrifta».
Men alt i alt kan ein vanskeleg seie at angst i seg sjølv er eit teikn på kreativitet i ei tid der stadig fleire slit med det same: «du har panikkanfall / seier ho / alle har det / nesten».

EIT ANGSTFYLT SAMFUNN
I litteraturhistoria ser ein at samanhengen mellom industrialisering, urbanisering, sekularisering, framandgjering og angst har vore sentral i den modernistiske lyrikken, så Wøien Håland går rett inn i ein lang tradisjon, frå Sigbjørn Obstfelder, Paul Brekke og Gunvor Hofmo til Tor Ulven. Men ho dreg ikkje opp dei store, eksistensielle perspektiva, ho held fokus på dei nære ting.
Eg oppfattar ikkje dikta i Panikk! som spesielt språkleg avanserte eller musikalske. Men dei formidlar likevel meir direkte enn Stossels resonnement det intenst vonde med ein sjukdom som angrip sjølve livlinja frå fellesskapen til individet. Det hjelper lite at mange lid av det same som henne når ho likevel opplever vegen til fellesskapen stengd fordi «andleta til dei / i det andre rommet / held meg vaken».
Det er noko av det som gjer litteratur viktig: Den kan skape oppleving av ein fellesskap gjennom språk når all annan fellesskap kjennest vanskeleg.
Stossels bok er meir eigna til å løfte blikket opp og ut – eller i alle fall bakover. I det svært interessante kapitlet «Angstens tidsaldre» viser han korleis det i USA heilt sidan tidleg på 1800-talet har blitt slått fast at ingen andre tider har vore like prega av angst som den aktuelle. «Antikke kulturer kunne ikke ha opplevd nervøsitet», hevda legen George Miller Beard i 1881, «for de hadde verken dampkraft, aviser og tidsskrifter, telegraf, vitenskap eller kvinners mentale aktivitet.» Slik bruk av sitat, og ikkje minst Stossels evne til å sjå samanhengar både historisk og mellom ulike fagfelt, gjer boka både underhaldande og nyttig. For sidan 1881 må ein kunne seie at det har teke heilt av, ikkje berre med kvinneleg mental aktivitet, men også med auka tempo og ei enorm mengde impulsar i stadig nye kanalar.
Vår tid er kanskje ikkje så unik som vi trur, men likevel tyder tal frå statistikkane over medikamentbruk og diagnosar på at angsten har blitt den vanlegaste psykiske lidinga.

RIKE LAND
Likevel er angst framleis ei liding for eliten i global målestokk. Angst er nemleg eit større samfunnsproblem i rike land, altså der det er færre reelle trugslar å frykte og takle, enn i u-land. Stossel har fleire mogelege forklaringar, men den viktigaste er nok at større valfridom legg stort press på den einskilde. Stadig å skulle vurdere og velje mellom ulike alternativ er mentalt krevjande i seg sjølv, og i tillegg kjem redsla for å velje feil. Stor sosial mobilitet – eller, kan ein skyte inn, ei oppfatning av at det finst slik mobilitet enten den er reell eller ikkje – gir også god grobotn for låg sjølvkjensle og statusangst.
Stossel er her inne på noko viktig som eg gjerne skulle sett at han hadde utdjupa og omtalt meir konkret: Etter at Thomas Piketty gav ut Kapitalen i det 21. århundret (2013), har det vore stor merksemd retta mot dei negative verknadene av aukande økonomisk ulikskap. Men alt før det hadde fleire vore opptekne av det same. Richard G. Wilkinson og Kate Pickett har, på grunnlag av store mengder eksisterande forsking, vist at økonomisk ulikskap samvarierer med sosiale problem av alle slag i industrialiserte samfunn (boka Ulikhetens pris kom ut i 2009, på norsk i 2011). Stossel er så vidt inne på forsking som viser at relativ fattigdom og mangel på kontroll skaper stress som påverkar tilknytinga mellom mor og barn negativt og dermed aukar risikoen for angst. Men han gjer ikkje noko poeng av at aukande økonomisk ulikskap dermed kan vere del av forklaringa på kvifor angsten har eksplodert i industrialiserte land.
Av dei to bøkene eg her har omtalt, er det Min angst av Stossel som har gitt meg ny kunnskap og mest å tenkje vidare på. Panikk! av Kjersti Wøien Håland er eit mindre ambisiøst prosjekt som eg ikkje kan seie engasjerte meg sterkt. Likevel er det dikta som har gitt meg nye språklege bilete for kjensla av angst. Kjensla når kjøttklokka hoppar over eit slag.