Francis bull 1920

Å skrive fram ein nasjon

23.04.2014

Alle forfattarar er barn av si tid, men dei store forfattarane overskrid tida dei lever i. Kan ein seie det same om litteraturhistorikarane?

Forsøka på å gripe den heterogene tekstmassen og få han på formel er mange og til dels heroiske. Men når eg her hentar fram eit utval av dei litteraturhistoriske forsøka, er det ikkje for å studere kor godt dei står seg, men for å sjå dei som tidsdokument: Gjennom lesingar av litterære verk gjev dei til kjenne ulike syn på eksistensielle spørsmål av typen: Kven er vi, er vi like gode som dei andre, og kva skal vi med litteraturen?

Sjangeren er relativt ung, ettersom litteraturhistoria er eit ektefødd barn av romantikken. Likevel: Er det ikkje snart på tide at barnet blir vakse?

I denne enkle formuleringa ligg det ein ideologisk undertekst. Sjangeren, som stadig blir skulda for å vere teorifattig, ber på ein rik ideologisk arv som gjer at ein skal vakte sine metaforar. Den tyske romantikkens idear om historia som ei biologisk utviklingslinje der diktekunsten lik ein plante skulle gro i nasjonalt jordsmonn, ligg der frå starten: Litteraturen skulle suge opp i seg nasjonens folkeånd og såleis setje det lesande folket i kontakt med det ekte og opphavlege. Johann Gottfrid von Herder var musen ved vogga då vår litteraturhistorie vart fødd, og historikaren Ernst Sars’ idear sveiv over den unge, men likevel gamle nasjonen allereie før han hadde tenkt dei ut.

Ingen slepp unna romantikken når det skal handle om litteraturhistorieskriving. Og kritiske røyster, særleg frå 1970-talet og framover, har hevda at denne arven har fått nye generasjonar av litteraturhistorikarar til å produsere og reprodusere mytar om det norske i ein grad vi ikkje har hatt godt av.

Men lat meg heller starte ein annan stad, i sjølve sjangeren: Gjennom den drygt 150 år lange tradisjonen finn ein ulike syn på kva ei litteraturhistorie skal tene til. Bak dei mange vala ein litteraturhistorikar må gjere, kan det skimtast ulike syn på kva rolle litteraturen og historia om litteraturen bør spele. Det er nok av spørsmål å ta stilling til, ta berre det som ligg i sjølve namnet:

Kva er norsk? Norsk er norrønt, islandsk, mellomnorsk, dansk, riksmål, landsmål, bokmål, samnorsk, nynorsk og alle mellomvariantar, i tillegg til latin og dialekt (men ikkje samisk). Folk som har flytta til Noreg eller ut av Noreg, skriv norsk litteratur, så lenge dei uttrykkjer seg på norsk eller dansk. Norsk litteratur kan starte i 1814, eller med folkediktinga, eller kan ha sitt opphav på runesteinane. Eit kløyvande spørsmål er naturlegvis kva ein litteraturhistorikar gjer med den såkalla felleslitteraturen: Kan han separerast i ein dansk og ein norsk del, og korleis gjer ein i så fall det? Eit anna kløyvande spørsmål er korleis ein har tolka arbeidet for eit norsk skriftspråk. Begge spørsmåla gjeld norsk identitet.

Kva er litteratur? Skjønnlitteraturen må med, det er alle samde om. Men kva med faglitteratur, sakprosa, særhøvesdikting, memoarar, triviallitteratur, åndelege songar, pamflettar og teikneseriar? Kven får vere med i historia, og kvifor?

Kva er historie? I vår samanheng er historie endring. Tidene endrar seg og litteraturen med dei. Eller? Korleis ein skal forstå sambandet mellom endringar i litteraturen og i samfunnet, er eit stridsspørsmål. Nokre vil meine at spørsmålet er heller uinteressant, mens andre vil hevde at det er dette det handlar om. Uansett fører gjerne endringar til at ein vurderer eldre litteratur annleis enn samtida gjorde. Skal ein litteraturhistorikar då halde seg til samtidas dom, eller skal han dra verket ut av samtida og vurdere det på eigne estetiske premissar i litteraturhistorieskrivande stund? Litteraturhistorikarar skriv ikkje berre historie, dei feller også estetiske dommar i notida, og slik er dei med på etableringa av kanon. Den litteraturhistorikaren som av estetiske grunnar ikkje nemner litteratur som var vesentleg i si samtid, er kanskje ein god kritikar, men er han ein god historikar?

Og sist, men ikkje minst: Kva med forfattaren? Ingen litteratur utan forfattarar. Men er dei besjela av folkeånda, er dei geniale ånder på eiga hand, eller er dei ein kronologi som det er greitt å organisere skriftene deira langs? Er poenget med biografien å vise korleis forfattaren tek livet med seg inn i diktinga, eller skal vi kunne forstå diktinga betre når vi først kjenner til kva forfattaren har hatt å slite med? Har forfattarane grunnleggjande sett noko å gjere i historia om litteraturen?

PATRIOTISKE PAMFLETTAR
Metodeproblema kan verke svimlande. Men dei var ikkje det i starten, då var handlekrafta stor og tvilen fråverande: Den norske litteraturhistoria er fødd i raseri og entusiasme av unge menn som reknar 1814 som startpunktet for den norske litteraturen. Det går an å diskutere kva som er den aller første litteraturhistoria, det skal ikkje eg gjere her. Eg tyr til H.Ø. Blom, som i 1840 gav ut Upartisk Betragtning af vor Litteratur, og sjeldan har ordet «upartisk» vore meir misvisande. I utgjevingsåret var Blom ein 23 år gammal jusstudent i København. Han deler historia inn i good guys og bad guys og ser med djup indignasjon på dei norske poetane som vil «omplante denne Frugt af fremmede Nationers eiendommelige Spire i deres Fedrenelands Jordbund og ret beundre de Vantrivninger som heraf fremkomme».

Aller verst går dette ut over kosmopolittar av Welhavens kaliber. Welhaven så jo ned på spede norske spirer og ikkje minst på den nasjonalpatriotiske Wergeland. Wergeland er den store helten i denne boka, men også Mauritz Hansen får gode skussmål, ettersom han står på rett side i den krigen Blom kjempar med reine ideologiske våpen, utan å bry seg om forfattarbiografiar eller estetiske vurderingar av enkelte verk. Poeten har som oppgåve å «bearbejde Folkets Poetiske Stof, for at lære sig selv at kjende», og dei som ikkje gjer det, er ynkelege dillettantar og det som verre er. «Det væsentlige ved Poesien er Nationaliteten.» Klare linjer.

Enkelt var det også for Hans Olaf Hansen. Han hadde allereie fått ført opp eit drama hjå Ibsen på Det Norske Theater då han som 19-åring skreiv Den norske Literatur fra 1814 indtil vore Dage i 1860. Som Blom ser han at poesien så vel som landet er fattig, ungt og sårbart, men unge Hansen er villig til å slå i begge retningar: Wergeland trong verkeleg kritikken frå Welhaven; han skjerpa seg etter det. Etter Blom framstår Hansen som rik på nyansar, men tydeleg: «Ja, Publikum har været slemt imod Olsen, men Olsen har ogsaa været slem imod Publikum.» Her kjem også kvinnene inn i historia, dei er bunta saman og kjem i eit eige kapittel til slutt. Det er tre av dei, og Camilla Collett er den største, sjølv om han gjer seg fort ferdig med Amtmandens Døttre: «Forfatterinden bebrejder Forholdene og finder, at de er Skyld i Personernes hele Ulykke, vi Bebrejder Personerne og finder, at de selv er Skyld i sin Ulykke.»

Vesentleg betre er lesinga hans av Ibsen, og av Aasen og Vinje, som skriv på det han meiner må vere framtidas norske mål når vi no har frigjort oss frå Danmark. Som Blom trur han at når nasjonen har forlate barnestadiet, kan det berre gå ein veg, både med nasjonen og med diktinga. I større grad enn Blom vurderer han litterære tekstar også ut frå andre kriterium enn nasjonalitet. Men begge har ei klart instrumentell forståing av litteraturens rolle: Han skal byggje den nasjonale identiteten.

EIN EIGEN BLOM
Blom og Hansen er fascinerande, av mange grunnar. Dei ser at litteraturen går rett inn i kjernen av identitetsspørsmålet i tida etter 1814, og dei er lidenskapleg opptekne av å vise at Noreg har potensial til å vere ein sjølvstendig kulturnasjon. Grunnleggjande verdiar står på spel, og ordbruken er hard, svært hard når det trengst. Dei synleggjer det vesle som finst, og skryt av det som byggjer nasjonen og aller mest av det som attpåtil er bra. Nordmennene skulle ikkje forakte sitt eige og vere underdanige andsynes eldre og rikare nasjonar, dei skulle heller ikkje finne seg i å bli gjorde narr av. Sjølv om den essensialistiske nasjonsideen verkar lite tiltrekkjande i dag, er det ikkje vanskeleg å sjå parallellar til både postkolonial litteraturtolking og kvinnelitteraturhistorier: Grupper som er definerte ut av den store kanon, synleggjer seg og krev større plass til sine tekstar og livserfaringar. Hjå Blom og Hansen er det nasjonale motoren i historia. Det er det framleis når Lorentz Dietrichson, ein fullvaksen og estetisk skolert mann på 32 år, gjev ut Omrids af den norske Poesis Historie i 1866. Her blir ideen om at det norske overlevde firehundreårsnatta i folkedjupet, kopla til Ernst Sars, og med historikaren i ryggen hentar Dietrichson med fryd fram norske skattar frå både dansketida og folkediktinga, frå den stolte tida då nasjonen framleis levde i «det Haab, der saa uhyggeligt brast med Knut Alfsons gjennembordede Hjærte». Han avsluttar verket med å studere utviklinga av den norske litteraturen gjennom tidlege, umogne stadium som hjå Maurits Hansen og Asbjørnsen og Moe. No, det vil seie når Dietrichson sit og skriv, har det uferdige maatte vige for en sand, i Nationens inderste Væsen indtrængende Skildring af det norske Folks Liv og Karakter, forme sig i psychologiske Billeder, hvori Nationen kunde gjenkjende sig selv. Fra det Øjeblik, man fik Syn paa dette Billede af et stille, kontemplativt, men varmt og handlekraftig Folks Natur […] maatte også Fremstillingens Stil undergaa en væsentlig Omdannelse.

Men trass i høg nasjonal retorikk raljerer Dietrichson frekt med den kraftpatriotiske 17.-maipoesien der «Vælde» ustanseleg rimar på «Ælde» og «Fjælde», han synest Mauritz Hansen er ein dårleg forfattar, og han er negativ til Aasens mål, som han meiner vil «separere» litteraturen vår både frå kulturlandet Danmark og frå dei danna klassar i Noreg. Litteraturhistoria skal ikkje lenger berre byggje nasjonen ved å vise fram det nasjonale; ho skal tene til forfining av smaken og utvikle eit nasjonalt borgarskap. Den idéhistorisk orienterte skandinavisten Dietrichson lèt nordisk så vel som tysk litteratur stå som kontekst til den norske litteraturen. Forfattaren kjempar på to fløyer: På den eine sida har han danske kollegaer som ser norskfødde forfattarar som del av den danske litteraturen og stiller seg uforståande til det provinsielle prosjektet i Det Norske Selskab, på den andre sida står patriotane som han meiner går for langt i sin iver etter å dyrke det særnorske. Nordmennene skal bli danna. Dei skal ta del i eit større kulturelt fellesskap, men den nye norske litteraturen må vere i pakt med nasjonens og nordmannens inste vesen og natur. Vi skal vere ein eigen blom i buketten.

På siste side spår han at ei ny stor tid er i emning med Ibsen og Bjørnson. Kuriøst nok presenterer han Camilla Collett i kapitlet om Welhaven. I vurderinga av Amtmandens Døttre viser han større forståing for livsvilkåra for kvinner enn unge Hansen gjorde. Dietrichson forstår også kvifor ho skriv så godt om lidande kvinner: Det er fordi ho sjølv har stått i «en Strid, der maa vække Interesse og Agtelse, selv om Forfatterinden ikke gaar som Sejrherre ud deraf». Eg skulle likt å vite kva han legg i denne nokså kryptiske plasseringa og formuleringa, her får det halde å konstatere at Dietrichson interesserer seg meir for forfattarane enn forgjengarane gjorde, ei interesse som for alvor tok av i Henrik Jægers Illustreret norsk literaturhistorie frå 1896.

Jægers illlustrerede er i fire bind, mesteparten skrive av han sjølv. Sjølv om kvantiteten er imponerande, er det andre sider ved verket det er meir interessant å dvele ved: Dansketida er fyldig og frodig skildra; meir enn å leite etter norvagismar i det danske er Jæger ute etter å studere skriftene og ikkje minst gje portrett av dei som har skrive. Det er ikkje lenger utviklinga av nasjonen som er inspirasjonskjelda og poenget med litteraturen, sjølv om nasjonen på ingen måte er likegyldig for Jæger, som i ungdommen sat under Sars’ kateter. Han er berre meir interessert i dei skapande individa. Han søkjer – og finn – kjeldene til kunstverket i kunstnaren sjølv, gjerne i samspel med sosial bakgrunn og livserfaringar. Dietrichson kunne skrive fyndsetningar som: «Det norske Folk er et strengt, religiøst Folk» og «Det norske Folk er et arbejdsomt Folk» for i neste setning å forklare det med «Naturforholdene». Både Blom, Hansen og Dietrichson trur at historia følgjer fastsette lover. Dei trur også at form og innhald i litteraturen heng nøye saman med historia og med nasjonaliteten, som vert forstått langs ein skala frå luftig folkeånd til materielle livsvilkår. Jæger studerer menneskesinnet, det vil seie diktarsinnet. Han er ein heilt annan stad enn dei førnemnde, det er ikkje berre Ibsen og Bjørnson som har blitt store sidan H.O. Hansen og L. Dietrichson; i norsk litteratur finst no også namn som Obstfelder, Garborg, Skram og Hamsun. Og Jæger fortel grundig om livet til den eine forfattaren etter den andre, og legg inn verka der dei høyrer heime i livsløpet. Er det her litteraturhistoria sporar av? Er det her vi forlèt overordna historiske perspektiv og krasse, målretta tekstanalysar og overgir oss til utforsking av livet til diktargenia? Er det no metoden blir ein sirkel der biografien skal forklare verket og verket biografien?

DEN KOMPLETTE LITTERATURHISTORIKAR
Eg lèt spørsmålet henge og går inn i det jægerske universet for å finne ut om vi er på veg frå «norsk», « litteratur» og «historie» over til «biografi», eller «kunstnarliv». Korleis skildrar Jæger til dømes den populære Hansen og den målstrevande, fritenkjande Vinje?

Om Mauritz Hansen får vi no vite at ein ikkje kan vente seg naturskildringar av ein kar som er oppvaksen i «det i landskabelig henseende tarveligt udstyrede Skedsmo», og at dameromanane han fekk låne hjå mor og tante Bolette, har sett sine spor i forfattarskapen.

Jæger tolkar Hansens litterære særdrag gjennom å vise trekk frå forfattarens eigne livserfaringar. Går ein til kapitlet om Vinje, skriv han om Ferdaminni 1860 at «man kunde i grunden skrive en hel karakteristik af Vinje paa grundlag af denne ene bog». Han sluttar altså både frå liv til dikt og frå dikt til liv. Slikt har fått kritikarar til å kalle han positivist, noko som verkar altfor kategorisk, ettersom han ikkje låser diktinga fast i dette grepet. Jæger har eit stort register. Han er til dømes opent subjektiv og skriv gjerne i 1. person. Det er ikkje tolkaren av Nationens Aand som talar her, det er heller ikkje ein objektiv vitskapsmann, det er Jæger:

Naar jeg tænker paa Vinje, kommer jeg uvilkaarligt til at mindes den første gang jeg saa ham. Det var en vinteraften i 1869 i Bergen. I arbeidersamfundets festsal skulde han holde en række foredrag, og der var mødt et taalrigt publikum frem. Det var det første foredrag, jeg havde anledning til at overvære; vistnok havde der været andre berømte forfattere oppe i den afsidesliggende by og holdt foredrag; men de havde sat en altfor høj adgangspris for en slunken gutteportemonnæ; Vinje var derimot rimelig […] og ind kommer manden. Mage til underlig skikkelse havde jeg ikke seet.

Deretter gjev han til beste ei skildring av korleis denne raringen fengsla publikum med «åndrige tanker, dristige paradokser og lun skjemt».

Jægers eigne karakteristikkar er ikkje like lune (det var vel ikkje Vinje sine alltid heller, strengt tatt). Litteraturhistorikaren bruker fleire sider på å forklare kvifor S.O. Wolf er ein mislukka forfattar, med formuleringar som «I %Kongsbergs Gruber& slaar hans Pegasus sig rent desperat paa grund af den mængde ridetøi, han hænger paa den».

Jæger dreg inn historia, han presenterer utanlandske idear, utanlandske forfattarar og utanlandsk forsking som er relevant for forståinga av norsk litteratur. Han er nesten provoserande internasjonalt orientert, i alle fall om ein gjev seg til å lese han rett etter dei tre føregåande. 300 sider av verket hans er vigd vitskapleg litteratur frå hans eige hundreår, nemleg 1800-talet, organisert etter fag og forfatta av kapasitetar på dei ulike fagområda.

Kort sagt: Jæger er den komplette litteraturhistorikar. Men så er det dette med den veldige interessa for det biografiske, som strekkjer seg langt vidare enn kva som har påverka skrivinga til den einskilde. Forfattarane flyttar frå Kongsberg til Drammen, og dei får koner og etter kvart barn. Kvifor skal eg vite dette? Eitt svar finn vi hjå ein kritikar frå generasjonen etter Jæger: «Enhver betydelig dikter gir i sitt verk noe av sig selv. Forutsetningene for at vi kan forstå et dikterverk, er derfor at vi kjenner dikteren.» Diktverket er ikkje autonomt, og den vesentlegaste konteksten er forfattaren som skapte det. Ikkje berre den store historia, også den vesle historia er nødvendig for å forstå eit kunstverk. Det er ein dryg påstand, som Jæger truleg ville gå god for. Men han fortaper seg ikkje fullstendig i biografien, han kjem ut igjen og gjev til beste kritiske tekstlesingar. Litteraturhistorikaren har sine preferansar. Når diktarens Pegasus flyg for høgt, tek Jæger han ned med ironi.

TYDELEGE VURDERINGAR
Det er vanskeleg å tenkje seg ei litteraturhistorie utan biografisk informasjon. Hadde vår lesing av Wergeland, Ibsen eller Skram vore rikare om vi ikkje hadde visst noko om livet dei levde? Eg trur ikkje det. Ettersom dei er barn av si tid, viser livsløpet ein verdfull kontekst, ikkje minst dersom vi også får vite noko om vilkåra dei skreiv under, men det er klart det finst ei grøft ytst i dette lendet. Jæger nærmar seg denne grøfta, både fordi han bruker urimeleg mykje plass på livsløp, og fordi han gjer nokre metodisk tvilsomme grep. Forholdet mellom tekst og kontekst er innfløkte saker, og ein bør ikkje vere for kjapp på labben med å påvise samanhengar. Eg frikjenner han likevel fordi han ikkje låser seg til enkle kausalitetar (ok, det finst unntak), men ikkje minst fordi han er ein vittig, allsidig og subjektiv skribent. Nei, han byr ikkje på seg sjølv. Men han byr på eigne vurderingar og erfaringar i større grad enn nokon annan litteraturhistorikar både før og etter.

Kva vil så Jæger med si litteraturhistorie, når det nasjonsbyggjande ikkje lenger er så påtrengjande? Enkle formlar blir misvisande her. Det han gjer, er at han syner fram den norske litteraturen i internasjonal kontekst og med tydelege vurderingar.

Ta til dømes Maurits Hansen. Han får ris for slurv og for dei mest ekstreme låna frå romantikkens effektkammer, men haustar godord der han har brukt impulsane på sin eigen måte.

Vinje er ingen episk diktar og vil bli hugsa for lyrikken, der han syner særleg godt lag med natur og erotikk, meiner Jæger. Målsaka øydela for kritikaren Vinje, ho innsnevra horisonten hans og fekk han til å gjere så uhyrlege ting som å raljere med Ibsen. Jæger tilgjev Vinje, ettersom han var barn av si tid. Av same grunn tilgjev eg Jæger.

Kva så med kvinnene? Jæger har same hangen som Dietrichson til å bunte dei saman og behandle dei summarisk. Det gjeld ikkje for Dorothe Engelbretsdatter og Camilla Collett, men Amalie Skram er ei av åtte «forfatterinder» som må dele på knappe tre sider. Trass i at Skram hadde bak seg både Constance Ring, Forraadt og tre bind av Hellemyrsfolket då Jæger sette punktum, er ingen titlar nemnde på dei ni linjene ho er tildelt. Dette står i underleg kontrast til dei svært fyldige omtalane av forfattarar av S.O. Wolfs kaliber, forfattarar Jæger heldt for lite viktige både i si tid og i hans eiga tid. Men positiv, det er han:

Hun er et ubestrideligt literært taltent og fører den mandigste, den mest haandfaste pen, nogen norsk dame til dato har ført. I det hele taget er hun et at de djerveste og mandigste talenter i ny norsk literatur.

Dette har Jæger lira av seg på tre minutt. Det er slikt som gjer det nødvendig å skrive litteraturhistorier der kvinner får plass og blir tolka på andre premissar enn kor «mandige» dei er. Det han derimot gjer ettertrykkeleg, er å kanonisere Ibsen og Bjørnson – noko seinare litteraturhistorikarar har følgt opp.

GRANSKNINGSFERD
Litteraturen veks i begge endar. Når Bull, Paasche og Winsnes kjem med si fembinds Norsk litteraturhistorie ein liten generasjon etter Jæger, startar historia 600 år før Jægers og endar på 1930-talet. Eit sjette bind forfatta av Philip Houm kjem til i 1955.

Denne litteraturhistoria har vore rekna som sjølve hovudverket innanfor den historisk-biografiske skulen, og Francis Bull har vore frontfiguren. Ikkje ein halsbrann var for liten til at Bull kunne finne att symptoma i verket som var under arbeid då plagene dukka opp, berre geniet var stort nok. Om lag slik vart Bull karikert i mi studietid, og når eg no skulle vende tilbake til han, gjorde eg det eg kunne for å demobilisere fordommar mot hans versjon av historia.

Bulls delar av verket er detaljrike, med raust av anekdotar som skal illustrere poenga, som gjerne handlar om å finne det norske. Livsløpet til forfattaren er sentralt; ofte kan ein lese side opp og side ned om ein figur før det omsider dukkar opp spor av ein forfattarskap. Men livet handlar også om tida, om livsvilkåra for denne forfattaren og om kva for idear og erfaringar han har fått med seg på livsvegen. Det er på ingen måte irrelevant; som hjå Jæger er det berre så altfor mykje og openbert til stades for å vise at vi gjennom kunsten får del i eit levd liv. «Av hans personlighet gir novellerne et klart billede. Maurits Hansen er en god mand, forståelsesfuld og fredsom; han kan nok være streng og ta det nøie», og så vidare, og det kan sikkert vere både sant og rett, men om eg les noveller av Hansen, så er det ikkje for å få innblikk i kva slags menneske han var. Er kunstens rolle å gje oss innsikt i eit kunstnarsinn? Hansen får elles skryt for det norske og realismenære i tekstane sine, men preget av tysk romantikk vekkjer ingen jubel hjå Bull, som verkar både meir omstendeleg og meir nasjonalt orientert enn Jæger. Ein anekdote som pressar seg på under lesinga, er den om Edvard, bror til Francis Bull. Ein kar kom til han og ytra entusiastisk: «Din bror Francis, han kan formelig alt!» Til dette skal den marxistisk orienterte historikaren Edvard ha svart: «Ja, men det er også alt han kan.»

Livsløpet til eit menneske er ein sterk episk motor som har drege lesarar gjennom Homer, evangelia, ættesogene og danningsromanane. Og når det dukkar opp ein person med eit liv og eit verk som Vinje, ja, så passar det som hand i hanske til Bulls biografisk-anekdotiske skrivemåte. I fleire litteraturhistorier er mannen og/eller verket vegvisarar inn i det store norske kulturprosjektet. Bøkene er berre ein mindre del av pakka. Dette er tyngst å halde ut med der litteraturhistorikarane er på sitt mest begeistra.

Amalie Skram er portrettert av A.H. Winsnes i bind fem, og også her er verket ramma inn av livshistoria. Diktinga er prega av hennar eigne «intimeste oplevelser», og svært intimt blir det når ho skildrar sitt første ekteskap i romanen Constance Ring og konstaterer at ho er frigid. Kven av dei? I alle fall ikkje Constance. For henne er problemet at ho ikkje har glede av sex med ein mann ho ikkje er glad i og ikkje tenner på.

50 år etter Bull og Paasche, i 1974, kom ei seksbinds historie (som på 90-talet vart til åtte bind då det sjette bindet vart erstatta av tre nye bøker skrivne av Øystein Rottem). Elleve fagfolk, med professor Edvard Beyer i redaktørrolla, la då fram verket Norges litteraturhistorie. Mykje har skjedd på desse tiåra, det mest banale er at norsk litteratur har vakse noko kolossalt. Og det nasjonale perspektivet er mindre påfallande, i alle fall etter at dei har gjort seg ferdige med dansketid, nasjonsbygging og moderne gjennombrot og berga seg inn på 1900-talet. Denne historia vil mange ting: Dei går sosiologisk så vel som historisk til verks når dei ser på epokane, dei les einskilde sentrale verk med nykritisk blikk for teksten, dei held fast ved den kronologiske historia og forfattarbiografien som eit organiserande prinsipp. Her blir det både historisert, kanonisert og sosiologisert.

Tyngdepunktet ligg på nyare litteratur. Første bind går frå runene til «Det norske Selskab», og dermed pressar dei om lag 1500 år inn i ei bok, mens dei fem neste bøkene dekkjer 300 år til saman. Eg skal ikkje gå lenger i sideteljing, som elles er ein populær metode når ein skal meine noko om litteraturhistorier. Det kan ha noko for seg, for her er ein av stadene der ein, i alle fall som ein regel, kan lese kvalitetsvurdering ut av kvantiteten. Når Ibsen alltid får dei lengste kapitla, er det ikkje fordi han har skrive mest av alle eller hatt det mest handlingsmetta livsløpet, for å seie det slik. Beyer formulerer prosjektet i eit forord:

Vi er et lite folk med en rik diktning som rommer store opplevelsesmuligheter for den enkelte, samtidig som den gir et levende vitnemål om vårt liv som folk; den er en bærer av sosiale og menneskelige verdier, et samlende uttrykk for vår nasjonale identitet. Men denne diktningen er i dag truet av en overmektig, internasjonal, kommersiell og forflatende underholdningsindustri. Derfor gjelder det å styrke og utdype bevisstheten om vår litterære arv.

VERKET OG SAMFUNNET
På grunn av denne verdikampen har dei lagt vekt på det som er levande og verdfullt i dag. Og det komparative og idéhistoriske hjå forgjengarane har her måtta vike for verket og samfunnet. Beyer har fått ein del kritikk, mellom anna for at nærlesingane har vore meir prega av innhaldsreferat enn av analysar, og at sosiologien heng litt laust for seg sjølv i oversiktskapitla, mens kanoniseringa får gå sin gang i resten av teksten. Georg Johannesen meiner det er ei oppvurdering av sjangrane «roman, lyrikk og Ibsen», og tyner både utval og tilnærming og heile prosjektet i pamfletten «Om ‘Norges litteraturhistorie’» (1975). Denne kritikken verkar i dag vrang. Beyers litteraturhistorie er etterretteleg, snill med verka og – litt kjedeleg å lese.

Då er det meir sus over historia Willy Dahl kom med på 80-talet, der han med suveren forakt for forfattarsubjektets udelelege natur klipper forfattarskapar i bitar og plasserer dei i eit tematisk/sosiologisk landskap under titlar som «Moderne tider, kjærlighetskrise og innkjøpsordning» eller «Fra samfunn til samliv». Med undertittelen «Tid og tekst» signaliserer Dahl at her skal det lesast historisk. Saksregisteret er uvanleg voluminøst og gjev minningar om ein radikal epoke på ein heilt annan måte enn Beyers verk.

Det tematiske grepet gjer at teksten kjem tett på tida både ideologisk og politisk, mens forfattarens livsløp kjem i bakgrunnen. Her skal ikkje kunsten seie noko om forfattaren, men om seg sjølv og om samfunnet.

Hjå Dahl kjem triviallitteraturen til sin rett på ein meir heilhjarta måte enn tidlegare, og det opnar for ein refleksjon om marginale forfattargrupper og sjangrar gjennom historia: kvinnene, arbeidarane, nynorsken, populærlitteratur i vid forstand, særhøvesdiktinga, sakprosaen og så vidare. av desse har fått eigne litteraturhistorier, og det gjer dei jammen rett i. Så får ein håpe at innsiktene derifrå vil sige inn i den neste store litteraturhistoria, om det nokon gong kjem ei slik.

Den nyaste i sjangeren er eittbindsverket Norsk litteraturhistorie av Per Thomas Andersen frå 2001, der han i løpet av drygt 500 sider dreg eit sveip frå den norrøne litteraturen og fram til 1990-talet. Til liks med alle forfattarane eg har nemnt frå Bull og ut, er også Andersen professor i faget, men der Bull og Beyer gjer det stort i breiddelesing, har Andersen ei imponerande evne til effektivt å presentere, analysere og kontekstualisere sentrale verk og forfattarskapar. Han rotar seg ikkje bort med biografisk snakk utover det heilt nødvendige. Når Øystein Lønn blir samanlikna med Kjell Askildsen, står det ikkje eit ord om at dei begge er frå Vest-Agder. Eldre forfattarar får meir. Vinje får mykje, og her blir essayistikken hans oppvurdert til forskjell frå i dei eldre historiene, der naturlyrikken var mest oppskatta. Og dei romantiske sidene til Mauritz Hansen blir her oppvurderte og sette i internasjonal kontekst. Det siste har skjedd fleire gonger før, men då har det vorte halde mot han. Gjennom presentasjonen av Skram får vi i tillegg innblikk i kvinners kår i samtida, pussig er det likevel at Constance Ring framleis er frigid. Men hovudinntrykket er at Andersens verklesingar held høg kvalitet. Den nyaste litteraturhistoria er idéhistorisk og europeisk orientert og skjeglar til andre kunstformer som musikk og bildekunst. Denne boka representerer neppe enden på historia om norsk litteratur, men eg merkar meg at Andersen ikkje ser nokon ytre fiendar. Det er ingen kjempande litteratur vi har med å gjere, og det einaste norske ved denne boka er at verka er skrivne på norsk.

KOMPROMISS I ALLE RETNINGAR
Litteraturhistoriene har altså gått frå kjempande nasjonalisme (Noreg finst) til stolt framvising av gode forfattarar (norske forfattarar kan måle seg med forfattarar frå andre kulturnasjonar) og vidare til analyse av sentrale verk, integrerte i si tid og i ein større estetisk kontekst (kunsten har sine eigne vegar og sin eigen verdi, men er prega av si tid).

Den perfekte litteraturhistoria lèt alle sjangrar bli vurderte på eigne premissar, ho er på høgde med forskinga innan dei ulike felta, set verka i kontekst både historisk, i samtida og innan kunsten nasjonalt og internasjonalt. Den perfekte litteraturhistoria må vidare ha fyldige oversiktskapittel og relevante biografiske opplysningar. Kanon må respekterast og fornyast. Verkanalysane skal vere friske og ikkje lånte frå andre, og historia bør skrivast av éin person for å få same innfallsvinkel og perspektiv heile vegen. Dei skal vere oversiktleg disponerte så lesaren finn fint fram anten ho er ute etter ein forfattarskap, ein sjanger eller ein epoke.

Sagt på ein annan måte: Litteraturhistorieskriving må bli prega av kompromiss i alle retningar. Fleire av forfattarane ber om tilgjeving for at dei kjem til kort, og både Hansen og Dietrichson lovar å kome sterkare tilbake seinare, men ingen av dei gjer det. Kva så med framtida?

Atle Kittang spør i Om litteraturhistorieskriving (1983) om denne nasjonalromantisk funderte sjangeren no har blitt ein anakronisme.

David Perkins konkluderer på nest siste side i Is Literary History Possible? (1992) med at litteraturhistoria “has an indispensable role in our experience of literature and a broader social and cultural function as well. My opinion is then, that we cannot write literary history with intellectual conviction, but we must read it”.

Kittang nærmar seg same standpunktet. Etter å ha dekonstruert sjangeren kraftig og lagt opp til sjangerknusande konklusjonar tek han seg inn i siste runde og konkluderer:

Truleg bør ein vere varsam med å dra altfor kategoriske slutningar. […] I ei tid prega både av streng spesialisering i vitskapane, og av ei uoversiktleg oppspalting av menneskets sosiale liv i skilde sektorar, tilbyr litteraturhistoriografien i si kanoniske form eit samlande, totaliserande bilde av sin gjenstand.

Alle litteraturhistorieskrivarar kjem til kort. Likevel: Gamle litteraturhistorier er ei mentalitetshistorisk skattkiste, med retoriske dukatar i fleng. Den saklege stilen til Beyer og Andersen kunne gjerne vore sprita opp med grep frå den preprofessorale fasen i norsk litteraturhistorieskriving, ikkje minst frå Henrik Jæger, som er ein strålande stilist.

Men viss det einaste norske i den nyaste litteraturhistoria er språket, er ikkje då tida inne til å droppe det nasjonale prosjektet og erstatte det med skandinaviske, nordiske eller europeiske litteraturhistorier? Det er ein dårleg idé av fleire grunnar. Eg skal berre nemne eit par: Det var nemleg ikkje sant, det eg skreiv ovanfor om at språket var det einaste norske. Sjølv om vi ikkje lenger dyrkar den romantiske ideen om norsk jordsmonn: I den norske litteraturhistoria ligg den norske historia, referansane til tidlegare norsk litteratur og til andre tilhøve som er så sjølvsagde at vi ikkje eingong merkar dei. Vi er norskare enn vi ofte tenkjer over, anten vi likar det eller ei. Dessutan har Dietrichson eit poeng når han hevdar at det ikkje er provinsielt å utforske og analysere sin eigen litteratur. I 1866 som i dag er det ingen andre som står klare til å ta på seg den oppgåva.

Omtalte litteraturhistorier:

H.Ø. Blom. 1840. Upartisk Betragtning af vor Litteratur

Hans Olaf Hansen. 1862. Den norske Litteratur frå 1814 indtil vore Dage

Lorentz Dietrichsson. 1866–69. Omrids af den norske Poesis Historie

Henrik Jæger. 1896. Illustreret norsk literaturhistorie

Francis Bull, Fredrik Paasche og A.H. Winsnes. 1923. Norges litteratur

Edvard Beyer (red.). 1974–75. Norges litteraturhistorie

Willy Dahl. 1981–89. Norges litteratur. Tid og tekst

Per Thomas Andersen. 2001. Norsk litteraturhistorie