hvilepause

Iris Furu debuterer med ei artig, stilfull og litt vemodig bok om husmødrene og deira gjeremål.

 

Iris Furu

Husmorboka. Et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass

Humanist forlag, 2016

 

I 1960 var 745 266 norske kvinner registrerte som husmødrer i SSBs befolkningsundersøking. Det føregåande tiåret, 1950-talet, er kjent som husmødrenes glansdagar. Så forsvann dei. Iallfall frå SSBs statistikkar. I 1970 var husmor ikkje lenger ein eigen kategori i SSBs befolkningsundersøking. Tilbake står historiene, mytane og klisjeane og ei heilt usannsynleg mengde husarbeid, utført av flittige kvinnehender. I Husmorboka. Et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass tar Iris Furu lesaren med til ei verd som er både velkjend og framand. At den klassiske fulltidshusmora si tid er annleis enn vår, blir gjort tydeleg når Furu skildrar slitet og strevet deira. Klesvask var noko anna i tida før moderne vaskemaskinar vart vanleg.

 

GRENSELAUST

For faste Prosa-lesarar er Iris Furu kjend gjennom den faste spalta «Kuriosa». Debutboka er skriven i den same lette tone som Prosa-spalta. Ho har ei klar forfattarstemme og er ofte vittig, personleg og kommenterande. Furu ironiserer også fritt over eiga tilkortkomming innanfor husmorfaget. Boka om husmødrene er blitt både opplysande, underhaldande og litt hjarteskjerande. Husmorarbeidet er eit sisyfosarbeid. Ho vaskar dei same skitne tallerkenane og skjortene dag ut og dag inn. Arbeidsinnsatsen blir først synleg for andre når han ikkje blir gjord. Og når heimen er arbeidsplass og familiens lukke arbeidsoppdraget, har arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene sjølvsagt ingen grenser.

Furu tar lesaren med tett inn på vasking, koking, hermetisering og middagsplanlegging. Vi får også blikk inn i verda av råd og rettleiing frå pensumbøkene på husmorskolen. Husmødrene fekk vite at dei ikkje burde lytte så mykje til radioen når dei stelte heime. Dei fekk også råd om å leggje bråkete og udelikate arbeidsoppdrag til dagtid for å ikkje forstyrre ektemannen og barna om ettermiddagen.

 

IKKJE HEILT GLØYMD

Undertittelen til boka, «et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass», antydar at husmødrene er ei gløymd yrkesgruppe. Og på eit vis er dei jo det. Dei fleste tenkjer vel ikkje eingong på det å vere husmor som eit yrke, men som ein tilstand. Men husmødrene er likevel ikkje heilt gløymde. Historieprofessor Kari Melby har skildra husmoræraens vekst og fall, samfunnsforholda som skapte dei, og dei sosiale endringane som gjorde at dei vart vekke, både i historieverket Med kjønnsperspektiv på norsk historie og i boka Oppe først og sist i seng, som ho skreiv saman med Anna Avdem.

Kulturforskaren Hilde Danielsen har skrive boka Husmorhistorier, der ho gjer eit djupdykk i husmødrenes eigne erfaringar.

Furus inngang til emnet har mest til felles med Danielsens. Men der Danielsen tar fatt i husmødrenes vurderingar av sitt eige liv og arbeidsliv, legg Furu meir vekt på det faktiske husmorarbeidet. Furu fortel om korleis dagane deira var, korleis dei jobba, og korleis dei lærte seg alle desse oppgåvene som dei hadde, og som ingen hugsar lenger.

 

EIT ROM, EIN JOBB

Boka har eit kapittel for kvart av romma i huset. Her er eit kapittel om stova, eit kjøkenkapittel, vi får innføring i badet, soverommet, kottet og også i djupfrysaren. I dette siste kapittelet får vi eit gjensyn med Dypfrysingskontoret, som faktisk ikkje er ein NRK-sketsj, men eit verkeleg statsfinansiert kontor som hadde som oppgåve å rettleie folket i korrekt nedfrysing av matvarer.

Furus forteljing balanserer mellom komikk, alvor og respekt. Vittigheitene rammar aldri husmødrene. Ho vil ikkje ha oss til å le av dei, men heller av alle som prøvde å forme og rettleie dei, og av ektemennene, som fekk råd om å prøve å ta seg litt av barna sine nokre timar på søndagane.

Boka er rikt illustrert med bilete av 50-talskjøkenutstyr og husmødrer i full mundur med stive hårlakkfrisyrar og stramt knytte forkle om smale kjoleliv. Det er reklamar for vaskemiddel og såper. Der bileta for nokon kan verke forførande, tar teksten lesaren ned i ein blygrå husmorkvardag med farseprodukt, næringstabellar, tronge hushaldsbudsjett og husmorhender. Dette er hender som er så herda av hard såpe og skyljing av tallerkenar i gloheitt vatn at arbeidshanskar blir overflødige. Furu refererer til ein statistikk som fortel at ei gjennomsnittleg husmor i 1958 vaska 7000 tallerkenar i året.

 

BESTEMØDRENE

Furu fortel også om systemet rundt husmødrene. Dei kunne få opplæring i stell av heim, mann og barn gjennom statlege husmorskolar. På Statens lærerindeskole i Husstell på Stabekk i Bærum fekk husmorskolelærarane si opplæring. Om husmødrene vart sjuke over lang tid, kunne dei få sett inn ein husmorvikar.

For 1970-talsfeministane var husmødrene symbolet på den framtida dei sjølve hadde sloppe unna. Samstundes er det feministisk orienterte forfattarar som har synleggjort husmødrene og gitt dei anerkjenning. Furu er med på å løfte denne historia fram for ein ny generasjon og for ei anna tid. Forfattaren er fødd i 1985. Dei husmødrene ho skriv om, dei som skura golv og polerte møblar i husmødrenes glansdagar, er generasjonen til bestemødrene hennar.

Ho skriv for ei samtid som er forma av husmorvesenets undergang og av kvinnefrigjeringa på 1970-talet. Dagens småbarnsfamiliar er omgitt av moderne hushaldningsmaskinar på alle kantar. Kvinnene har verdsrekord i kombinasjonsøvinga barnefødslar og aktiv yrkesdeltaking. Det som var noko nesten sjølvsagt på 1970-talet, nemleg kva husmødrene faktisk heldt på med, er eit framandt land for mange i dag.

Det husmorhistorikarane måtte argumentere hardt for å få folk til å forstå, nemleg at husmødrene stod for eit viktig bidrag til samfunnet gjennom ubetalt omsorgsarbeid, blir opplevd som noko ein ikkje treng å argumentere for i 2016.

 

HUSMOR OG «HUSMOR»

Furus forteljing om husmora som yrkeskvinne fekk meg til å tenkje på debatten om den moderne kvinnas moglege lengsel tilbake til kjøkenbenken, den som vart sparka i gang av forfattar og noverande NFF-leiar Marta Breen og hennar angrep på omseggripande cupcakes-baking i Prosa 5/2011. Husmoridealet som Breen angrip, handlar om kvinner som seier dei ønskjer overskott i kvardagen, og som vil kombinere det med å dyrke tradisjonelle kvinnehandverk som for eksempel baking. Eit slikt ønske har nok meir til felles med livet til den tradisjonelle borgarfrua enn med den husmorkvardagen Furu skildrar. Ho skriv om hardt fysisk arbeid, som tappar den som utfører det, for krefter.

Dette er eit gjensyn, ikkje eit oppgjer. Forfattaren har ein open og nysgjerrig tone. Forteljinga ser ut til å vere driven fram av spørsmål av typen: Korleis var det no eigentleg det var? Og ikkje minst: Korleis var det dei gjorde det?

Alt i alt er boka blitt både interessant og rørande. Ho er skriven av ein forfattar med ei tydeleg stemme som klarar å skrive langt og velformulert på same tid. Eg antar, og håpar, at Husmorboka i tillegg til å vere ei flott debutbok også er starten på eit forfattarskap.

Astrid Sverresdotter Dypvik (38) er journalist og forfatter.