Trua mi på humaniora er styrkt, men det er ei fattig trøyst når trua på rettstryggleiken i Noreg har fått ein grundig knekk.

 

Johan Dragvoll, Bjørn C. Ekeland og Arild Linneberg

Justismordets retorikk

Vidarforlaget, 2013

 

Jan Tennøe

Torgersensaken. Juks satt i system. 1957–2013

SpreDet, 2013

 

Domstolane har meir tillit i det norske folket enn både Storting, Regjering og politi, stod det i VG 5. januar i år. Humanistisk vitskap har derimot blitt proklamert #i krise* gjentekne gongar på 2000-talet. Alle hugsar vel at debatten rundt Harald Eias TV-program Hjernevask i 2010 gav #den mjuke vitskapen* eit gigantisk imageproblem, og påstandane om at humaniora ikkje tar konsekvensen av naturvitskaplege funn, dukka seinast opp i eit essay av Steven Pinker i Morgenbladet i oktober. I Noreg så vel som internasjonalt slit også humaniora i konkurransen med realfaga om forskingsmidlane.

Utan fasitsvar?

Statusgapet mellom juss og humaniora er tankevekkjande, for er ikkje begge delar tolkingsvitskapar utan fasitsvar? Ein avgjerande forskjell er sjølvsagt at jussen har eit udiskutabelt praktisk føremål, medan humanistiske fag som filosofi, lingvistikk og litteraturvitskap har mindre tydeleg definerte bruksområde. At det likevel er nær slektskap mellom fagdisiplinane, vert tydeleg om vi ser på eit grunnleggjande prinsipp i rettssystemet vårt: Ingen skal dømmast dersom det er rimeleg tvil om skuldspørsmålet. Ei slik vurdering må skje gjennom språket, og ein viktig test på rettstryggleiken er difor spørsmålet om juridiske vurderingar gir tvilen stor nok vekt. Ifølgje to bøker som kom ut sist haust, er svaret nei:

Torgersensaken. Juks satt i system. 1957–2013 er eit krast åtak på rettsvesenet innanfrå. Forfattar og advokat Jan Tennøe representerer Fredrik Fasting Torgersen, mannen som sidan 1958 har kjempa for å få etterprøvd dommen på 21 års fengsel og ti års sikring for drapet på 16 år gamle Rigmor Johnsen. Justismordets retorikk av dei tre litteraturvitskaplege forskarane Johan Dragvoll, Bjørn C. Ekeland og Arild Linneberg analyserer retorikken brukt av påtalemakta i seks norske (påståtte) justismord.

Pathos siste utveg

Torgersensaken. Juks satt i system 1957–2013 er ein gjennomgang av rettsprosessane mot Torgersen, mykje basert på arbeid gjort av Ståle Eskeland, Torgersens førre advokat. Jan Tennøe tok over som prosessfullmektig i 2011, og legg ikkje skjul på at målet med boka er å få Torgersen frikjend medan han enno er i live. Torgersen blir 80 år i år.

Tennøe vurderer bevisa og tidlegare juridiske vurderingar parallelt med presentasjonen av hendingane i saka, så dette er ikkje ei bok eg vil tilrå å lese som ei første innføring i Torgersen-saka. Men som eit innblikk i juridisk vurderings- og tolkingspraksis er ho interessant. Teksten kunne likevel hatt godt av ei språkleg oppstramming; mange gjentakingar, ein ofte ironisk tone og juridiske fagtermar seinkar lesinga. Det er utydeleg formidling når eit kapittel har overskrifta #Øvrige bevis for at Torgersen er skyldig*, når intensjonen er å vise at #bevisa* ikkje er sikre.

Tennøes argumentasjon ser likevel ut til å vere tufta på rimelege og godt grunngitte vurderingar, og han lukkast tidleg med å overtyde meg om at rettssaka mot den då 23 år gamle Torgersen var prega av tvilsamt politiarbeid og lite truverdige sakkunnigvurderingar. Skuldingane han rettar mot Høgsterett, Statsadvokatane og Gjenopptakelseskommisjonen om regelrett juks, er dramatiske, og sjølv reknar ikkje forfattaren med å vere velkomen i norske rettssalar etter denne bokutgivinga. Det sterke emosjonelle engasjementet i kombinasjon med ein juridisk terminologi gjer boka til uvand lesing, men det er verknadsfullt: Pathoset formidlar kjensla av desperasjon i ei sak der verken logos (sakleg argumentasjon og nye ekspertvurderingar) eller ethos (den faglege tyngda og sosiale posisjonen til Torgersens mange støttespelarar) har vist seg å vere nok til å nå fram med kravet om gjenopptaking.

Boka sluttar med ei oppdatering av kva som har skjedd i saka sidan 2011. I skrivande stund prøver Regjeringsadvokaten å få Torgersen-saka endeleg avslutta ved å få Tennøes siste stemning avvist, sekundært avgjort ved forenkla domsbehandling. At dette først kjem fram etter 350 sider, er synd, for det viser at dei prinsipielle problemstillingane saka reiser, framleis er høgst aktuelle.

Maktspråk og motstemmer

Justismordets retorikk består av sju artiklar som gir ei popularisert og kondensert innføring av resultata frå forskingsprosjektet #Justismordets dramaturgi. Om konstruksjonen av falske eller fiktive fortellinger i retten* (Universitetet i Bergen 2009–2013). Professor Arild Linneberg har arbeidd med feltet #Litteratur og lov og rett* sidan 1997, og i 2013 fekk han løyvd nye midlar frå Forskingsrådet til eit nytt SFF (Senter for framifrå forsking): Centre for Humanistic Legal Studies.

Boka opnar med ein demonstrasjon av humanistisk og retorisk spisskompetanse. Innføringsartikkelen er signert alle tre forfattarane og gir ei svært effektiv, lettlesen og interessant innføring i justismord som omgrep og fenomen, lov og dom som tema i litteraturen frå Gilgamesj til samtidslitteraturen og relevansen moderne litteraturteori har for juridisk praksis: retten som teater.

Som i Arild Linnebergs tidlegare essaysamlingar vert omgrepa #underleggjering* og #det fleirtydige* haldne fram som både estetisk og etisk definerande for litteraturen, med Paul deMan og Mikhail M. Bakhtin som sentrale referansar. I tråd med dette vert det farlegaste aspektet ved retorikken til påtalemakta at tvil og motstridande stemmer vert omskapte til ei eintydig forteljing. For som det vert framheva: Ein domstol dømmer ikkje faktiske hendingar, men domsforteljinga, altså den historia om brotsverket som vert presentert i retten. Sams verktøy i juss og humaniora er difor retorikken, konkretisert gjennom omgrepa ethos (truverdet til den talande), pathos (uttrykk for kjensler) og logos (sakleg resonnement). Ein sentral påstand i boka er at domstolar i mangel på bevis brukar retoriske verkemiddel for å underbyggje påstandar om skuld.

At fiksjon er eit vesentleg element i justismord, vert også tydeleg når vi ser på kjenneteikn ved slike rettssaker, som førehandsdømming, feil tolking av fakta, feil sakkunnigvurdering, falske vitneprov og falske tilståingar. I dei følgjande artiklane vert så rettssakene mot Per Liland, Fritz Moen, Fredrik Fasting Torgersen, Arne Treholt, fetteren til Birgitte Tengs og den såkalla #Stemorsaka* gjorde til gjenstand for retorisk analyse. Det er førebiletleg forskingsformidling, men òg skakande lesing.

Retorisk profesjonskamp?

Då eg las analysane av dei seks rettssakene i Justismordets retorikk, var førsteinntrykket at tonen var vel polemisk. Ein kan vel seie det slik at forskarane får fram det humoristiske potensialet i eit materiale som ofte nærmar seg det absurde, tydelegast i eit gjengitt vitneavhøyr med kronvitnet i Per Liland-saka, Villy #Maler’n* Andersen, som knapt kan snakke forståeleg. Ofte er arven frå poet og retorikkprofessor Georg Johannesen tydeleg i formuleringar som spelar ulike tydingar av same ord ut mot kvarandre: #Det var med andre ord urimelig å si at forklaringen ikke var rimelig. I stemorsdommene er det mye som ikke rimer, selv om det diktes.*

Etter å ha lese meir av det som tidlegare er sagt og skrive, spesielt om Torgersen-saka (som i motsetnad til Per Liland-, Fritz Moen- og Birgitte Tengs-saka enno ikkje har blitt gjenoppteken), framstår likevel forskarane i samanlikning som edruelege og saklege.

Den høge temperaturen i retorikken frå alle partar gir inntrykk av at saka har blitt profesjonskamp, at påtalemakt og domstolar har danna front mot skuldingar som kan gi stort prestisjetap om dei skulle vinne fram.

Slik åtak på Edward Snowdens moralske integritet ser ut til å ha vorte det beste forsvaret amerikanske styresmakter har funne mot avsløringane om utstrekt overvaking, ser også åtak på ethosen til meiningsmotstandarar til å ha vore eit sentralt retorisk verkemiddel for norsk påtalemakt, både i 1958 og no.

Av og til er maktspråket usminka direkte: #Vitenskapen kan mene det den vil* (sitat Janne Kristiansen, leiar av Gjenopptakelseskommisjonen som avviste kravet om gjenopptaking). Andre gongar røper språklege nyansar stor arroganse, som når statsadvokat Anne Margrethe Katteland finn det naudsynt å minne om #at denne såkalte offentlige kritikken for det alt vesentligste kommer fra Torgersens egne støttespillere og er produsert av et fåtall personer tilhørende Torgersens støttegruppe*. Indirekte vert altså kritiske innvendingar avviste som partiske og samstundes frå så få og uviktige kjelder at dei ikkje fortener nemninga #offentleg kritikk*.

Eit særs ubehageleg spørsmål melder seg: Er det mogeleg at påtalemakta og domstolane våre har utvikla ein maktarrogant ukultur der standarden for objektivt haldbare vurderingar har blitt lågare? I gjennomgangen av Torgersen-saka konkluderer Arild Linneberg slik: #Statsadvokaten og kommisjonen påberoper seg beviser for Torgersens skyld, mens motbevisene siles vekk. Slik er maktens språk = maktens retorikk.* Med andre ord: Makta definerer røynda, og legitimeringa av retorikken kviler på makta, ikkje i innhaldet eller kvaliteten på retorikken.

Tru og desillusjon

Dei to bøkene eg her har omtala, har ulike uttrykk som viser ulik spesialkompetanse. På kvar sitt vis analyserer forfattarane døme på juridiske vurderingar som gjer lite for å byggje tilliten til juss som tolkingsvitskap; selektiv gjengiving av fakta og mangelfull utlegging av vurderingsgrunnlag er det mest påfallande. I form er Justismordets kompetanse mest imponerande, men Tennøes detaljerte drøfting gir eit meir direkte — og sjokkerande aktuelt — innblikk i juridisk praksis. Spesielt farseaktig er ei retorisk øving han gjengir frå Høgsteretts storkammeravgjersle av 29. mars 2012, der ordet #derfor* vert brukt til å bortforklare det som ut frå kontekst og normal språkbruk framstår som ei rimeleg tolking. Det er så ein blir mint om Ludvig Holbergs lærde helt Erasmus Montanus, som gjennom logisk resonnement beviste at #Mor Lille er en sten*.

Bergensforskarane har gitt meg ny tru på at den kritiske tolkingskompetansen i humaniora ikkje berre er nyttig, men heilt naudsynt. Men det er skremmande å innsjå at den høge tilliten dei fleste av oss har (hatt) til domstolane, kanskje handlar mest om at vi sjølve aldri har vore på tiltalebenken.