Peter Normann Waages biografi over André Bjerke er ei særs god bok. Men kva er det biografen meiner med «samtida»?

Peter Normann Waage

I kampens glede

Aschehoug, 2018

Kva rolle spelar André Bjerke (1918–1985) i den forteljinga Peter Normann Waage har festa til papiret? Det openberre svaret er sjølvsagt at Bjerke spelar ei rolle, at han er ein av dei norske forfattarane som har sett tydelege spor etter seg, og som det difor framleis er naudsynt å lese. Lyrikaren Bjerke, kriminalromanforfattaren, essayisten, omsetjaren, riksmålsforkjemparen – og ikkje minst barnebokforfattaren, ein «åndeleg» etterkomar av den geniale nonsensdiktaren Lewis Carroll: Her er mange tydelege spor, og det er neppe tilfeldig at Waage lèt nett barnebokforfattaren Bjerke kome til syne allereie før forteljinga har byrja. Ein dedikasjon, tre liner – og det er ikkje så reint lite Waage får sagt med desse tre linene:

Tilegnet min mor,

som introduserte meg til André Bjerke

med morovers og ABC.

Ein gløtt inn i Waages eiga livssoge, ja visst. Og ein gløtt inn i noko me vel må kunne kalle ei kollektiv erfaring. For det er ikkje få her i landet som er vorte introduserte til André Bjerke med morovers og ABC. (Eg er sjølv ein av dei.) For moro skyld, utgjeven i 1956, var Bjerkes debut som barnebokforfattar. Året etter vart Mere moro lansert, og seinare, i 1980, vart dei to bøkene samla til ei bok: Moro-vers. I 1959 kom André Bjerkes ABC, ei bok som skapte debatt – av di ho ikkje var jamgod med «korrekt» pedagogikk.

SPRÅK OG SJEL

Debatten rasa, og Bjerke forsvarte seg. I ein kronikk i Aftenposten (september 1960) skreiv han: «Jeg ser det som et faktum at den samnorske sprogpolitikk i skolen går hånd i hånd med en barnefiendtlig pedagogikk.» Og Waage siterer meir:

Den ånd som vil dressere et konstruert og fullstendig livløst statssprog inn i barna, den samme ånd vil også forme dem til pregløse, hensiktsmessig funksjonerende mekanismer i velferdsmaskinen. Den robotstat som er i emning, tar sikte på å frembringe en mennesketype uten sprog og uten sjel. Det er dette som er den aktuelle skolepolitikk her i landet: det samnorske anti-eventyr.

Slik talar ein ekte opprørar. Rakt på, kompromisslaus. Fienden er ikkje kven som helst, men ein «robotstat som er i emning» – og det er språket og sjela slaget står om. Men kva for språk, og kva for sjel, er det Bjerke ser det naudsynt å forvare? Riksmålet, samnorskens rake motsetjing: Det er vel mildt sagt ikkje gale å tolke Bjerkes åtak på samnorsken som eit forsvar for riksmålets språk og sjel. «Bjerkes kamp for riksmålet var basert på viljen til å forsvare språkets stil», skriv Waage ein annan stad i biografien. Eit spørsmål om stil – og eit spørsmål om form. Måten opprøraren André Bjerke skriv på, er ei aktualisering av argumentet hans: I kraft av forma får han fram bodskapen sin. Bjerkes forsvar for stilen er nedfelt i stilsikker tekst.

Men her er meir – «meir» som vitnar om at Bjerkes kamp på ingen måte kan kallast ein «rein» språkkamp (kva no det måtte vere). Den ideologien Aftenposten-kronikken syner fram, er ein ideologi Bjerke – som har vore innom både marxismen og psykoanalysen – har gjort seg til talsmann for: antroposofien. Waage skriv:

Rudolf Steiners pedagogikk ligger til grunn for André Bjerkes ABC. Han samarbeidet tett med Karl Brodersen. Bjerke laget de små versene; Brodersen sto for den pedagogiske strukturen. Sammen valgte de ut de eventyrene, diktene og legendene som avslutter boken.

Altså: I Bjerkes perspektiv er alternativet til «det samnorske anti-eventyr» ein Steiner-pedagogikk som ser verdien av eventyr, dikt og legender. Men kva tyder det? At det rundt 1960 i Noreg berre var Steiner-pedagogikken som såg denne verdien?

EIT FØREBILETE

Peter Normann Waage er fødd i 1953. Han høyrer med andre ord til den første generasjon norske barn som vart teken med inn i Bjerkes morovers- og ABC-verd. Så kan hende låg det i korta: at ei sjel (med språk) som Peter Normann Waage skulle verte André Bjerkes biograf. Og når det er sagt: Er det ikkje her ei mengd samanfall i interesser mellom biografen og den biograferte, som til dømes interessa for Steiner og antroposofien? Førebiletet – dette er ei rolle Bjerke spelar i Waages forteljing. Biografien har eit pedagogisk tilsnitt: Framleis har me noko å lære av opprøraren André Bjerke. Difor er dette ein sympatisk biografi – og difor gjer biografen det som mange biografar har lett for å gjere: å framstille den biograferte som eit individ heilt utanom det vanlege. Waage skriv:

Både som lyriker og essayist søkte han det som er «mer enn», det som strekker seg ut over en moderne verdensoppfatning. André Bjerke var på mange måter i opposisjon til en rekke fenomener og oppfatninger som hans samtid betraktet som selvfølgelige. Det er én grunn til at hans kamp for en bredere virkelighetsoppfatning i det store og hele er blitt oversett, selv om interessen for denne siden ved Bjerke er økende.

Ja, dette seier noko vesentleg om den rolla Bjerke spelar i Waages forteljing. Og kan hende har han heilt rett, biografen; kan hende er «mer enn» høgst treffande ord. Men «mer enn» i forhold til kva? Jo, skal me tru biografen: i forhold til sjølve samtida. Bjerke søkjer det som er «mer enn» samtida. Ja vel. Så må vel biografen også seie noko vesentleg om kva «en moderne verdensoppfatning» er for noko, og han må greie ut om «en rekke fenomener og oppfatninger som [Bjerkes] samtid betraktet som selvfølgelige» … Men gjer biografen det? Lèt han det klårt og tydeleg kome fram kva samtid det var som betrakta? Og kva denne samtida alltid hadde innanfor synsfeltet?

Å personifisere «samtida»: Dette er ein kunst som ofte handlar om ei form for typeteikning. Trer «samtida» fram som type, er ho enkel å forholde seg til. Ho er einfaldig, ho er ein inkarnasjon av ei førestilling av «det sjølvsagde» – med andre ord er ho aldri «mer enn». Så må vi spørje: Kva rolle spelar den såkalla samtida i Waages forteljing?

 

SKAPARKRAFTA

Misforstå meg ikkje. At eg her pirkar borti og stiller nokre spørsmål, tyder ikkje at eg meiner at boka er ein mislykka biografi. Snarare tvert om! Boka er særs god, og utan tvil ei bok kvar den som ynskjer å studere forfattarskapen til André Bjerke, lese. Waages biografi er standardverket. Og verket vert ikkje dårleg av at ein lesar i rolla som pedantisk kritikar gjer merksam på at biografen reproduserer sjølve biografisjangerens påstand om at den biograferte må oppfattast som unik.

La meg difor stille det sympatiske spørsmålet: Kva kan me lære av André Bjerke? Innforstått: Kva kan me lære av Bjerke-biograf Peter Normann Waage? Eg er framleis i morovers- og ABC-verda.

Leiken med ord, med rytmar og rim. Dette er ein leik som fremjar den vitalistiske bodskapen om at nonsens på ingen måte er noko me enkelt og greitt kan forkaste som det reinaste sludder og fjas. I ein diktarleg samanheng ser det heilt annleis ut: Nonsens har med skaping og fantasi å gjere, og det er i det heile ikkje mogleg å tale om dikting utan på ein eller annan måte å kome inn på spørsmålet om nonsens. Eller for å seie det med Bjerke sjølv:

Så spilte de fløyter, egypterne,

ti tusen fløyter, egypterne,

og stenene gikk

for full musikk

til værs: først én, så én, så én,

og enda flere siden,

og la seg flyvende sten på sten

og ble til pyramiden!

Ja da, me veit godt at dette moroverset ikkje seier noko som helst om korleis pyramidane verkeleg vart bygde; skal vi gå til diktinga for å få greie på det, må me ta vegen om Bertolt Brecht. Så kva er det me «får greie på» når me les Bjerkes pyramidedikt? Ser me – eller høyrer me – godt etter, vil me finne at Bjerkes store emne er den diktarlege skaparkrafta, ei kraft som heilt sidan Platons dagar har vorte framstilt som noko som trugar (ei førestilling om) den rasjonelle tenkinga. Diktinga er utfordrande, listig; ho er jamvel i stand til å gå til åtak på opplesne og vedtekne sanningar. Diktinga kjenner til andre sanningar enn dei opplesne og vedtekne. Og er det nokre sanningar ho veit å halde fram, så er det dei ho sjølv har produsert. Diktingas sanningar – sanningar om kva den diktarlege skaparkrafta er …

Og dette er den viktigaste rolla André Bjerke spelar i Peter Normanns forteljing: den leikande opprøraren. Inn i leiken, inn i språket – og til slutt er det korkje individet eller ånda som trer fram, men det produserande og risikotakande Subjektet, eit subjekt som i røynda – og i samtida – kan vere kven som helst.

Leif Høghaug (43) er kritiker og skribent.