Skammens historie er eit lettlese oversiktsverk som kan skape sunn skepsis til autoritetane.

Sigmund Aas og Thomas Vestgården

Skammens historie. Den norske stats mørke sider 18142014

Cappelen Damm, 2014

 

Eg vaks opp i den tru at Gud hadde velsigna Noreg fordi samfunnet blei styrt i tråd med kristen moral. Som Lars Petter Sveen skriv i den satiriske novella «Vakne opp»: «De unge må kunne forsvare grunnverdiane i samfunnet vårt, skal de gå rundt og tru det var tilfeldig at vi fann olja, spør eg.»[i] Om vi tar Gud ut av likninga, tippar eg at dei fleste nolevande nordmenn har internalisert liknande, halvvegs medvitne førestellingar. Skammens historie. Den norske stats mørke sider 18142014 av Sigmund Aas og Thomas Vestgården er godt eigna til å slå sprekkar i denne massive kjensla av moralsk verdsherredøme.

 

FOLKEOPPLYSNING

I høve årets 200-årsjubileum for Grunnlova, som alt pregar den offentlege samtalen frå skulebenken til TV-kosen, har Aas og Vestgården skrive ein samla presentasjon av overgrep og brot på menneskerettane den norske staten har vore ansvarleg for i same periode. Forfattarane er begge samfunnsvitarar med fartstid frå Amnesty International. Ved å gjere fleire medvitne om dei mørke sidene av norsk historie vil dei truleg bidra til å skjerpe det kritiske blikket på samtida. Spørsmålet er om det er kunnskap som er det største hinderet for større politisk engasjement, eller om ikkje trua på den gode staten er ei altfor behageleg sovepute for dei fleste av oss.

Skammens historie gjer det vanskelegare å lukke augene. I tur og orden får vi raske innføringar i forbodet mot innvandring for jødar og jesuittar, overgrep mot etniske minoritetar som samar og romani, straffemetodar, politivald og justismord, sensur, ulovleg overvaking, overgrep mot psykisk sjuke og barneheimsborn samt norske bidrag til valdelege konfliktar i utlandet og svikt i tryggingsrutinar som fekk katastrofale følgjer 22. juli 2011.

Ikkje noko av dette vil vere heilt ukjent for dei som har følgt med i samfunnsdebatten eit tiår eller to, men den samla presentasjonen verkar likevel overveldande. Forfattarane byr riktig nok ikkje på retorisk eleganse og djuptgåande analysar, men dei har gjort ein viktig jobb med å samanfatte kunnskap frå eit rikt tilfang av sekundærlitteratur Boka er skriven i eit tydeleg og lettlese språk, og ei passe mengde med døme gjer teksten både opplysande og engasjerande.

 

INTERESSEKONFLIKTAR

Forfattarane går lite inn på psykologiske eller sosiologiske forklaringar på kvifor slike brot på menneskerettane skjer, men i kapittelet «Justismord og politivold i Norge» vert høgsterettsadvokat og tidlegare lagmann Trygve Lange-Nielsen sitert med følgjande påstand: «I det øyeblikk samfunnet føler seg truet, settes rettssikkerheten i fare.» Han uttalar seg om saker ved Aker sjukehus der ei rekkje uskuldige vart dømde for incest, men utsegna verkar relevant for alle områda som vert skildra i boka: Omsynet til individet må vike når det er på kollisjonskurs med interessene til storsamfunnet.

Kva ein opplever som mest sjokkerande, vil variere med kva ein veit minst om frå før. For meg var historia om overgrep mot romanifolket spesielt hjarteskjerande; korleis heile familiar vart haldne i leirar under slaveliknande tilhøve under trugsel om at borna ville bli tekne frå foreldra om dei ikkje gjorde som forventa. Mange born vart likevel plasserte i barneheimar, der dei levde med svolt og overgrep. Samstundes vart mange vaksne tvangssteriliserte. Det er ein del av vår eiga historie det er viktig å hugse, spesielt i møte med nye marginaliserte grupper. Tanken på lukka asylmottak verkar ikkje meir sympatisk etter at ein har lese om kva som har skjedd på ulike lukka institusjonar opp gjennom åra.

Tema som kjennest ekstra viktige i kraft av å vere aktuelle, er skildringa av korleis «fredsnasjonen» Noreg har vore indirekte involvert i krigshandlingar dei siste tiåra, korleis oljefondet investerer i bedrifter som bryt menneskerettane og «norsk våpeneksport tredoblet seg på ti år fra 2000 til 2010, og gjorde at Norge da var rangert som den største våpeneksportøren i verden målt etter innbyggertall». Her er altså omsynet til menneskerettane i direkte konflikt med økonomiske interesser, og då vert prioriteringane tydelege.

Kapittelet om korleis 22. juli-terroren synleggjorde svikt i tryggingstiltak i politiet og PST, er ei informativ oppsummering. Her snakkar vi snarare om sviktande dømmekraft og dårleg politisk styring enn om overgrep, men gitt at staten pliktar å beskytte innbyggjarane sine, er det likevel på sin plass å inkludere emnet i boka.

 

SKAM OG SKAMLØYSE

Skammens historie er ikkje, som tittelen kunne indikere, oppteken av kva skam er. I staden ligg det i tittelen ein påstand om at det er sider ved norsk historie som er skamfulle. Men er det dei rette folka som skammar seg? Ofte er det offera for overgrep som slit med skam, medan overgriparane opplever handlingane sine som rettferdiggjorde. «I fascismens polariserte, urette univers, kunne man si at offerets skam er proporsjonal med overgriperens skamløshet», skriv litteraturkritikar Kari Løvås i essaysamlinga Og de skjønte at de var nakne. Om skam og beskyttelse.[ii] Ho tar også opp at vitne til overgrep kan kjenne skam eller skuld berre ved å vite at slik urett finst i verda. Kven som føler skam på grunn av slike overgrep Skammens historie skildrar, heng nøye saman med kven overgriparane og offera er.

I Thorvalds Steens essaysamling Den besværlige historien fortel han at han som pleieassistent ved Gaustad psykiatriske sykehus såg at også høgt utdanna menneske utførte overgrep, og han hevdar at leiande norske psykiatrar i etterkrigstida såg seg sjølve som heva over kritikk frå resten av samfunnet.[iii] Skammens historie illustrerer kor naudsynt det er at det finst etikk og reglar som beskyttar individet mot overgrep frå maktinstansar, for sjølv om det ikkje er noko som tilseier at den norske staten er verre enn andre styresmakter, gjer boka det tvingande naudsynt å ta innover seg at også i Noreg har dei verste overgrepa ramma dei svakaste gruppene i samfunnet.

Boka viser på den andre sida også at sjølv der det finst klare etiske retningslinjer, er det farleg nær å erklære unntakssituasjonar. Aas og Vestgården skildrar mange overgrep utførte av menneske som såg på seg sjølve som heva over lova, eller andre som farlege eller mindreverdige, og dermed utanfor lova. Eit døme er POTs ulovlege overvaking av kommunistar frå etterkrigstida til 80-talet. Det gjer ikkje saka betre at dei som stod for dette, faktisk representerte staten Noreg.

I meldinga i Morgenbladet har Espen Søbye påpeika somme element ved framstillinga i Skammens historie han meinar er unøyaktige eller feil.[iv] Eg kan ikkje på same måten gå inn i faktagrunnlaget for boka, men alt i alt opplever eg ikkje at innvendingane hans undergrev det overordna prosjektet i boka: å gi eit meir balansert bilete av norsk historie og skape sunn skepsis til autoritetane. Eg skulle gjerne sett Skammens historie som pensum på alle vidaregåande skular.

[i] Lars Petter Sveen. 2008. Køyre frå Fræna. Aschehoug

[ii] Kari Løvaas. 2013. Og de skjønte at de var nakne. Om skam og beskyttelse. Den grønne malen

[iii] Thorvald Steen. 2014. Den besværlige historien. Ni forsøk. Forlaget Oktober

[iv] Espen Søbye. 2014. #«Best på det oppleste og vedtatte*». Morgenbladet 21.02.2014