Kraftfullt og levande om kjønn og språk. Ein ABC i korleis ein ikkje bør forstå, omtale, kategorisere eller lytte til kvinner.

Helene Uri

Hvem sa hva? Kvinner, menn og språk

Gyldendal, 2018

Helene Uri er ei sterk kvinne. Ho har hatt karriere i akademia og blitt ei av Noregs mest lesne kvinnelege forfattarar, samtidig har ho fostra opp barn. Ho er ei av dei som minner oss om at det faktisk er ein underskog av kvinnelege intellektuelle i Noreg, kvinner som snart når menn att i dyktigheit og plass i hierarkia.

Fekk du ubehag av å lese dette fyrste avsnittet? I så fall, gratulerer! Uris nye bok er ei samling av essay som til saman viser korleis vi i Noreg, eit av verdas mest likestilte land, framleis har språklege praksisar som held kvinner nede og tilbake. Det fyrste avsnittet mitt inneheld ei rekke eksempel på slike praksisar. Det var gjort intendert – denne gongen. Men la du merke til feila eg gjorde? Det er faktisk ikkje sikkert eg sjølv hadde gjort det om eg las setningane før eg las denne boka, som har vorte noko av ein vekkar for meg.

Helene Uris bok er kraftfull, og mykje av krafta ligg i at ho hentar og formidlar kunnskap i ein salig polyfoni av verkemiddel og kjelder. Uri kombinerer ei mengd av anekdotar og eigne erfaringar med kjelder frå lange lister forskingslitteratur, skjønnlitteratur, film, reklame. Heile vegen gjennom blir empiri elta saman med forfattarens refleksjonar, i lettlesen essayistikk.

IKKJE NOKO FOR MEG

Som du kanskje kan gjette ut frå namnet mitt, er eg ein mann. Eg opplever det som om denne boka er skriven til meg, sjølv om mykje av tekstane i boka er retta direkte til kvinner. Boka inneheld ein del eksempel på at kvinner oppfører seg nedsettande overfor menn, situasjonar der menn tapar eller fell utanfor, men eg les boka primært som ei feministinnføring i språkteori og praksis.

Uri snakkar til lesaren på ein inkluderande og open måte, og dette gjer at eg kjenner det som om eg har vorte inkludert i ein samtale om feminisme som eg berre har høyrt brotstykke frå tidlegare. Ein samtale som eg ofte skyr unna, fordi eg har opplevd at deltakarane i slike samtalar ofte har vore litt for einige i røyndomsbeskrivinga. Og at eg som mann ikkje høyrer heime i samtalen. Lik mange menn har eg rett og slett ikkje skjønt alle desse tinga med mansplaining og strukturell, språkleg undertrykking. Eg har tenkt at dette var noko for spesielt interesserte. Ikkje noko for meg.

Etter nokre timer i Uris univers ser eg tinga plutseleg på ein annan måte. Uris bok kan lesast som ein ABC i korleis ein ikkje bør forstå, omtale, kategorisere eller lytte til kvinner. Vidare er det ei bok som forklarar godt kvifor tinga er som det er.

NÅR EG SNAKKAR OM KVINNER

I lesinga av boka slår det meg kor mange gonger eg sjølv har tråkka over i kommunikasjon om eller med kvinner. Men eg har oppført meg slik utan å vere klar over det sjølv. La meg granske meg sjølv litt – eg er neppe noko verre enn andre menn.

Fleire gonger har eg i samtale med menn påpeikt kjønnet på kvinner for å forsterke oppfatningar om at kvinner er svakare enn eller underlegne menn, utan at eg har tenkt på at det er nettopp det eg har gjort. Ein openberr måte å gjere det på er å kalle ei dame ein misliker, for fitte. Men meir subtile måtar å halde kvinner nede på finst, og Uri beskriv dei godt. Eg kjenner meg til dømes att i korleis Uri påpeiker at ein del menn snakkar om kor utroleg imponerte dei er over ting som kvinner har fått til. Eg sjølv er til dømes veldig mykje meir høglydt imponert over gitarspelet til Sister Rosetta Tharpe enn det eg er av spelet til John Lee Hooker. Men kvar gong eg skryter av Sister Rosetta, er det jo faktisk som å bekrefte at kvinner har eit mykje dårlegare utgangspunkt for å spele bluesgitar enn menn.

Ein annan måte eg spikrar fast idear om kvinner som underlegne menn på, er når eg i samtalar påpeiker kjønnet til kvinnelege medlemmer av visse yrkesgrupper. Dette er jobbar der eg ikkje tenkjer på kvinner som typiske utøvarar. Eg hugsar at eg har påpeikt når lastebilsjåførar, kirurgar eller forfattarar har vore kvinner. Og så kanskje sagt kor flinke dei var. Eg har ikkje tenkt over det eingong.

Uri viser gong på gong i boka korleis tankemønster og konnotasjonar til ord er så fastlåste i kjønn at ein må bruke vilje og makt for å endre dei.

KVINNELEGE FORFATTARAR

Eit interessant tilfelle i så måte Uris eige felt, litteraturen, der ein har uttrykket «kvinnelege forfattarar». La meg bruke meg sjølv som eksempel igjen. Om eg fortel om kjærleiken min til bøkene til Vigdis Hjorth, så merkar eg at eg alltid trekker pusten fyrst, på ein måte som eg ikkje treng når eg seier at eg liker bøkene til Tomas Espedal. Dette trass i at ho Vigdis faktisk har vore ein meir interessant forfattar enn det Espedal har dei siste åra.

Grunnen til at eg trekker pusten, er at Vigdis Hjorth ikkje berre er forfattar, ho er ein kvinneleg forfattar, noko som automatisk plasserer henne lågare enn Espedal, som berre er forfattar. Putt «kvinneleg» framfor noko, og det blir rangert lågare enn utan «kvinneleg» fyrst. «Kvinneleg» dreg det som kjem etter, ned.

Brukar vi «kvinneleg» framfor noko, så er det også ofte slik at det som kjem etter, historisk sett er knytt til menn. Menn har vorte ei slags defaultsetting for mykje av språkhistoria vår, og Uri viser korleis dette forplantar seg i språket framleis, og korleis dette språket fortset å forme måten vi ser og brukar verda på.

La du forresten merke til ein detalj to avsnitt opp? I staden for Vigdis Hjorth skreiv eg berre Vigdis, mens eg i staden for heile namnet til Tomas Espedal skreiv berre Espedal. Skal ein tru Uri, så blir kvinner oftast omtalte med fornamn, eller med fornamn og etternamn, mens menn gjerne blir omtalte berre med etternamn. Eg laga avsnittet slik for å sjå om det gjekk friksjonslaust inn hos deg. Og det gjorde det vel?

Etternamnet vart gjennom historia mannens domene. Mannen var der ute som ein måtte bruke etternamnet. Det mannlege språket og språket som beskriv menn, vart laga for arbeidslivet og offentlege rom. Det kvinnelege språket og orda vi brukar om kvinner, vart laga for dei private romma i heimen.

DIKOTOMIAR OG KONNOTASJONAR

Den siste påstanden eg skreiv i avsnittet du akkurat las, er berre kanskje sant. For lesinga og tolkingane av historia om kjønna og språket har i seg sjølv vore prega av klisjear om kjønn og språk. Mykje av Helene Uris prosjekt i boka går ut på å påpeike og forklare desse klisjeane. Uri forklarar korleis forskarar opp gjennom åra har nytta forklaringsmodellar som sedimenterer fastlagde og destruktive kjønnsrollemønster. Det er som om ein bevisst har leita etter teikn på innlærte dikotomiar rundt mann og kvinne, ikkje berre i dei empiriske funna, men i fortolkinga av dei.

Særleg er Uri nøye med å få fram at dikotomiar som «aktive menn» og «passive kvinner» har vore brukte systematisk for å forstå kvinners særeigenheiter i kommunikasjon. Kvinner snakkar som dei gjer, og ter seg som dei gjer, fordi dei er svake. Uri konstaterer at kvinner og menn snakkar ulikt, sjølv om ho kritiserer materiale og kjelder for ein del av forskinga som endar med slike konklusjonar. Helene Uri vektlegg kva for makt språk har, i boka, men er ikkje nokon talsperson for tankar om at vi alle er fødde tomme, utan genetikk eller biologisk kjønn. Ho er sånn sett moderat queer. Ho viser korleis vi blir kjønna ifrå augeblinken vi blir til, men diskusjonen fødd sånn eller blitt sånn er ikkje noko som Uri brukar mykje plass på.

Uri påpeiker rett nok korleis kultur og språk reproduserer kjønnsskilnader, men ho er ingen motstandar av kjønnsskilnader i seg sjølve. Ho tar meir for seg tolking av skilnadene, og årsaka til at ein del skilnader får uønskte konsekvensar for kvinner. Problema er grunna i at alt som er knytt til kvinner, blir sett på som svakare og mindre verdt enn menn gjer.

Difor er uttrykket «sterk kvinne», som eg opna teksten med, så mykje brukt i norsk tekst og daglegtale. Det seier at akkurat denne kvinna ikkje er som andre kvinner, ho her er sterk. Difor er dette eit uttrykk som bekreftar klisjear, seier Helene Uri.

NÅR EG SNAKKAR TIL KVINNER

Uris hovudpoeng i boka, slik eg les henne, er altså korleis vi alle fortolkar skilnader på menn og kvinner. Konnotasjonane til kjønna, at menn blir knytte til det høge, ønskte og sterke, kvinner til det låge, uønskte og svake.

Samstundes er skilnadene i talemåtar hos kvinner og menn til stades i så stor grad at dei dagleg påverkar korleis kjønna snakkar saman. Menn og kvinner snakkar ulikt! Men nesten alltid fortolkar mannen kvinna på ein måte som er til beste for mannen. For sjølv om klisjeen hevdar at kvinner er meir skravlete enn menn, så har Uri godt belegg for at menn snakkar meir i forsamlingar der begge kjønna er representerte. Helene Uri viser korleis slikt kan skje, og la meg bruke meg sjølv som eksempel for Uris funn.

Eg har ofte opplevd i samtalar at ei kvinne har sagt mhmh eller har nikka med hovudet mens eg har snakka. Eg har da i mi villfaring trudd at ho var einig med meg i det eg sa. Frå hennar side kan det derimot ha vore eit ønske om å bekrefte at ho faktisk lyttar til meg. Når ho da etterpå kjem med argument som står i motsetning til mine, har eg, som menn flest, ein tendens til å dra dei i tvil. For eg har jo heile tida snakka i den trua at ho var einig med meg.

På same vis har eg oppfatta spørsmål frå kvinner som berre var meinte som hyggelege innleiingar til kommunikasjon, som noko dei forventa grundige svar på. Difor har eg snakka som ein radio, non stop. Mens kvinna har nikka og nikka. Og kjent situasjonen ubehageleg etter kvart.

Som menn flest har eg så fortsett å snakke, mens eg har venta på at kvinna skulle bryte inn og stoppe meg. Dette er noko mange kvinner helst ikkje gjer, mykje fordi jenter på skulen og i heimen får sterkare negative reaksjonar enn gutar om dei snakkar når dei ikkje skal. Uri viser til forsking som bekreftar dette.

SUBJEKT OG OBJEKT

Vidare har eg fleire gonger stole rommet med anekdotar og forteljingar, noko mange kvinner opplever som vanskeleg. Kvinner, viser Uris kjelder, opplever at dette er ein kunst som dei ikkje er opplærte til heimanfrå.

Eg veit heilt sikkert at eg har enda opp med å mansplaine innimellom, altså at eg har forklart kvinner som har hatt meir kunnskap om eit felt enn det eg har, alt det eg veit om feltet – som om eg var den som visste best.

No kan hende du vil innvende at eg oppfører meg som eg gjer fordi eg tenkjer med pikken når eg møter kvinner. At eg ønskjer å dominere eller sjarmere kvinner eg møter, i seng/k. Det er berre ei svakheit ved den analysen, og det er at eg er homo. Likevel, i møte med damer kommuniserer eg ofte like dårleg som mange heterofile menn. Eg misforstår situasjonen og les mange damer feil. No skal det seiast at eg ikkje akkurat er nokon racer på den sosiale crossbana, ikkje den skarpaste kniven i den sosiale skuffen.

Men samstundes kan måten eg oppfører meg på, vere prega av at eg lever i ein kultur og med eit språk der kvinner ofte blir sett på som eit objekt, eit passivt vedheng til menn. Uri viser på mange ulike vis i boka kvifor og korleis kvinner framleis blir omtalte, sett på og møtte som objekt.

La oss begynne med det med kroppslege. Menn har utovertiss, kvinner har innovertiss. Såpass vet sjølv ein homo som meg. I daglegdags språk seier ein om eit heteroseksuelt samleie at mannen penetrerer kvinna, sjølv om ein like gjerne kan seie at kvinna legg seg om mannens penis. Ein stakkars sårbar penis inne i eit potensielt skummelt rom hos ein annan person kunne ha vore forteljinga rundt. Men er det altså ikkje.

GJENNOMFØRT TANKEGANG

Ordet mann betyr i dei fleste språk opphaveleg «menneske». Uri minner oss om at ordet kvinne etymologisk sett, i dei fleste språk, er ein konstruksjon som betyr noko som er ved sida av mannen, eller ein avart av mannen. Engelske «woman» kjem av «kvinnemann». Kvinna vart laga etter mannen, og for mannen, skal ei tru etymologien og mange religiøse skapingsforteljingar. Difor har også menn vorte ståande som standardutgåva av mennesket, mens kvinna som regel berre sest som eit objekt i samanheng med mannen.

Tankane og ideane om kvinner som menns objekt held seg forbausande bra, noko Uri viser med mange eksempel. I setningar i skjønnlitteratur og aviser blir ofte kvinner omtalte som eller direkte knytte til objektleddet i setningar. Han elskar henne. Han tar henne med på tur. Han gir henne ei gåve. Han passar på henne. Det same gjentar seg når kvinner er subjektet, der dukkar det opp ein mann i slutten av setninga som trøystar, eller fiksar problema. Kvinner er dei som får, tar imot, blir passa på. Menn er dei aktive – både i litteraturen og i dagspressa. Uris utval av tekstmateriale er breitt, djupt og solid.

Uri viser at desse mønstra òg gjeld i film, der kvinner sjeldan er til stades utan at det er minst ein mann i same scena. Snakkar to kvinner saman i same scene, utan at det er ein mann der, er det som regel ein mann som er temaet. Mannen er altså defaultsettinga, han er den som alltid er der. Kvinna er vedhenget eller objektet.

Så gjennomført er denne tankegangen at dei fleste yrkestitlar opphavleg vart laga for menn. Det var menn som skulle ut og ordne ting, dei var dei handlande subjekta. Deretter slengde ein i mange yrke berre på eit -inne etter yrkestittelen, for å vise at dette ikkje var ein ordinær telegrafist, skodespelar eller forfattar. Her var ei telegrafistinne, ei skodespelarinne eller forfattarinne. Seinare vart det, som eg nemnde tidlegare, vanleg å putte inn kvinneleg før yrkestittelen. Noko som gjer at resten av yrkestittelen blir mindre verd.

KJOLEFARGE, IKKJE MERITTAR

Uri viser korleis kvinnelege idrettsstjerner blir oversett, kvinnelege forfattarar blir latterleggjorde og kvinnelege politikarar blir omtalte etter kjolefarge og ikkje ut frå merittar. Om dei i det heile får omtale, for kvinner blir ikkje sett slik som menn. Dette skjer igjen og igjen, og det skjer fordi kvinner er objekt og ikkje subjekt, viser Uri. Og dette fortset heilt til grava.

Det å bli systematisk oversett følgjer kvinner òg etter at dei er døde. Minneord over avdøde blir stort sett skrivne av menn om menn. Kvinner skriv færre omtalar, dei skriv om begge kjønn, men kvinner blir knapt omtalte da også. Døde menn blir omtalte med merittar og faglege evner. Dei få kvinnene som blir omtalte, blir ofte æra for si omsorgsevne og sine personlege eigenskapar – som til dømes at dei var sterke kvinner.

Grunnlaget for måtane å tenkje på blir lagt frå starten av. Frå barnehagen av blir jenter møtte med idear og tankar om at det kvinnelege er ønskeleg, jenter skal vere jenter, kvinner skal vere kvinner! Samstundes blir dette kvinnelege sterkt knytt til konnotasjonar som svakheit, passivitet og det å vere passive vedheng til menn.

I skulen blir jenter oversett eller bedt om å vere stille, tala og kjeldene Helene Uri bruker, er klare. Kvinner skal pynte seg som objekt for mannen, samstundes som dei skal fungere sosialt og fagleg. Kvinner skal frå barnsbein av klare ein slitsam sosial balansekunst på slak line. Kvinner som ikkje er kvinnelege nok, blir straffa. Dei står i ein stadig spagat, der dei både skal vere veike og samstundes ekstra tilpassa og flinke – for at mennene skal lytte. Det er slikt som skaper ei flink pike.

Uri fortel i boka at ho sjølv blir usikker om ho skal snakke i sosiale samanhengar om noko utanfor hennar eige fagfelt. Som eg viste til i innleiinga, er Uri både dyktig forskar og dyktig forfattar. Ho skriv i boka at ho kjem frå ein god familie med velutdanna foreldre. Trass i dette fortel ho at ho ikkje har vorte sosialisert til å vere trygg sosialt. Å kompensere fagleg er ikkje uvanleg eller unormalt om ein har hatt det sosialt slitsamt i oppveksten.

HARDT Å VERE MANN

Det som er ille, er at fram til eg las denne boka av Uri, hadde eg aldri lese noko av henne. Eg hadde tenkt på henne som ein «kvinneleg forfattar», eg ville lett ha omtalt henne som ei typisk «flink pike». Etter å ha lese boka forstår eg betre kvifor kvinner lettare hamnar i situasjonar der dei er knallgode i faget sitt og slit seg ut for å lykkast, men samtidig er usikre om dei snakkar om noko anna enn fag. For å vekse opp som jente og sosialisere seg inn i rolla som kvinne kan vere ei hinderløype frå helvete.

Når det er sagt, er det sanneleg ikkje lett å vekse opp som mann heller. I dag er det mengder av heterofile menn som aldri får barn, som aldri har hatt langvarige forhold, og som fell utanfor sjekkemarknaden. Årsaka til dette er blant anna at særleg ressurssterke mannfolk i utbreidd seriemonogami finn seg nye kvinner etter nokre år og produserer fleire rundar med barnekull.

Mange av mennene som fell utanfor, er menn som ikkje har lykkast i klatringa i hierarkia, som ikkje er med i kampen for meritokratisk status, og som har ein sosioøkonomisk og kulturell kapital eit godt stykke ned på stigen. Den kanadiske psykologen Jordan Peterson har vorte ei tydeleg stemme for desse mennene dei siste åra, der han har vorte ein slags YouTube-onkel for dei. Dette er menn som dessverre oftare blir radikaliserte enn andre, menn som ofte slit med depresjon og livsstilssjukdommar. Noko som igjen minskar sjansane på sjekkemarknaden.

Menn har det altså også tøft. Dette perspektivet saknar eg hos Uri. Men eg trur ikkje på forklaringsmodellen som ein del reaksjonære har, og som Peterson deler, om at det er kvinneleg frigjering som har gitt menn desse problema. Eg tenkjer at det er tvert om, desse mennene lid òg under mange av dei same mekanismane som kvinner blir utsette for. Det er andre menn som held desse mennene nede.

KAMP MOT STRUKTURANE

Desse mennene møter òg problem på grunn av manglande sosiale ferdigheiter i møte med maktmenn, og dei slit med at dei ikkje har rett språk og rette sosiale kodar for prestasjonar innanfor felt som mannssamfunnet verdset. Mange av dei slit òg med å vere mandig på rett vis. Det har vorte ein kunst å vere mann på riktig måte, dei vellykka mennene skal vere trena, sterke, slanke, rike, guteaktige, morosame og flinke sosialt. Dei skal ha dei riktige tinga, omgi seg med rette symbol og teikn for å vere mann nok.

Dei kjønnslege hierarkia som rammar kvinner særleg hardt, rammar altså òg menn frå lågare klassar hardt. Mekanismane som gjer kvinner usynlege, oversette, til objekt og berre verdifulle saman med ein (sterk) mann, held òg mange menn av arbeidarklassa nede. Ein mann som vaskar driten til dei attraktive mennene, som hentar søpla deira eller reparerer rike menns leiketøy, er ein mann som primært har sin verdi i rolla som objekt for den rike og mektige. Dei uutdanna, dei som tapar på skjekkemarknaden og i arbeidslivet, hamnar altså også som objekt i forteljingar og setningar.

At Helene Uri, som mange andre innan språk- og kjønnsforsking, ikkje brukar meir plass på mennene som tapar, er synd. Det er i mange menns interesse å kjempe mot strukturane av ord og tekst rundt kjønn, fordi mange menn òg tapar i dette språklege systemet. Eg saknar meir om menn og klasse i boka til Uri. Eg håpar at ho tar tak i desse tinga seinare, like grundig som ho har gjort med andre tema.

Når alt dette er sagt, vil eg oppmode alle til å lese denne boka. Boka vil gi deg svara på mange spørsmål, du vil få aha-opplevingar, bli meir kritisk til ditt eige språk og til din eigen sosiale omgang med andre av alle kjønn. Vidare er det verktøy her som kan brukast av minoritetar og aktivistar av alle slag, enten du er frå ein seksuell eller kjønnsleg minoritet, ein etnisk eller religiøs minoritet, har ein annleis kroppsfasong eller andre kroppsfunksjonar enn snittet. Her er noko for alle!

Bjørn Hatterud (40) er kritikar, kurator og musikar.