Om Jonas Gahr Støre er statsministeremne, vil framtida visa. At AP-leiaren er godt bokemne, har vist seg alt i haust.

Jonas Gahr Støre i samtale med Jonas Bals
I bevegelse. Veivalg for det 21. århundre
Cappelen Damm 2014

Ståle Wig
Seierherren. En uautorisert biografi om Jonas Gahr Støre
Kagge 2014

Erik Aasheim og Nina Stensrud Martin
Jonas
Gyldendal 2014

I skrivande stund fortel meiningsmålingar at halvparten av dei spurde ønskjer å erstatta statsminister Erna Solberg med Jonas Gahr Støre. Vi veit ikkje om ønsket blir til realitet, men i bokhandelen har Støre alt utkonkurrert Solberg. Den samla litteraturen om politikaren Solberg tel til nå to titlar. Om utfordraren er det berre i haust komme tre.

Biografiar og bøker om aktive politikarar blir oftast melde av politiske kommentatorar eller overlatne til nyheitsjournalistar for tråling etter oppslagsstoff. Berre sjeldan blir dei vurderte som tekst og bok. Det skal gjerast her. Men først ein presentasjon av Støre-bøker og -forfattarar.

Den omfattande politiske sjølvmeldinga I bevegelse har Støre dels forfatta sjølv, dels har tidlegare Fagforbund-tilsett Jonas Bals skrive ut intervju med han. Bals er historikar, nå rådgjevar hos Støre, og har tidlegare gjeve ut det anarko-syndikalistiske heftet Utopi Revolusjon Sosialisme. At også årets Støre/Bals-bok skal handla om noko sosialismeliknande, fortel omslaget på lang avstand. Mao skreiv si vesle raude. Støre leverer i haust si store.

I dei to uautoriserte biografiane står Støre oppført som ei av mange munnlege kjelder, men den endelege teksten skal han ikkje ha sett. Jonas er skriven av kommunikasjonsrådgjevar Erik Aasheim, som kom med biografi om Eva Joly i 2012, og av den prislønte programleiaren Nina Stensrud Martin, som tidlegare har gjeve ut boka Radiorådet. Den 26 år unge bokdebuterande sosialantropologen Ståle Wig er forfattaren bak Seierherren.

Kven av desse som kjem kvalitativt best ut, vil overraska dei fleste.

KRITIKK OG DRAMATIKK
Kva slags tekstar er så haustens tre Støre-bøker? Liknar dei andre politikarbøker, eller er mannen noko for seg sjølv også når han kjem i bokform?

For å ta biografiane først, så fortel begge om bratt utvikling og stor dramatikk, to ypparlege råstoff for gode forteljarar. Dessutan skil begge framstillingane seg frå politikarbiografiar flest ved å by på befriande velturnert kritikk ved sida av den beundringa som også kjem til uttrykk.

Ein biografi om Jonas Gahr Støre må fortelja om familie-, klasse- og Ris-bakgrunn. Mangemillionarven må med. Det same må elitestudia i Paris, risikabelt støttearbeid for Sovjet-dissidentar, forhandlingsopplæring i USA og Sør-Afrika og åra i tenketanken Scenario 2000.

Minst plass er brukt på tida hans som helseminister. Bortsett frå dei sterke sidene om Utøya-tragedien er det i forholdet til utlandet forfattarane hentar spenninga og den største dramatikken: karikaturstriden, Afghanistan-attentatet, delelinjeforhandlingane. Wig kan også avsløra oppsiktsvekkjande forhandlingsinitiativ før Libya-krigen i 2011.

Samarbeidet med Gro Harlem Brundtland framstår i begge bøkene som lykketreffet i dette politikarlivet, men Wig framstiller det mindre som flaks og meir som følgje av bakgrunn og nettverk. Heilt frå skuledagane vanka Jonas heime hos Knut. Eldsteson Brundtland, altså.

Wigs bok er i det heile meir analytisk sterk, medan Jonas er den mest intimiserande. Frå tittelen og tvers gjennom boka omtalar Aasheim og Martin hovudpersonen med det vennskapelege «Jonas» og det er ikkje alltid klart kven som ytrar seg på sidene. Begge trekka er dessverre vanlege i journalistars biografiar om aktive politikarar, men det ville kledd boka om forfattarane sin avstand til hovudpersonen var framstilt som større.

KJAPP OG ANALYTISK
Fleire stader i Jonas luktar det også Se-og-Hør-metodar og -vurderingar.

Trass i at både Støre og familien hans hegnar klokt om det mest private, skriv forfattarane som om dei kjenner mannen sine inste kjensler. I eit kapittel brukar Aasheim og Martin intervju med ein påstått nær venn til å kikka inn i ei svært kjenslesterk stund i familien Slagsvoll/Støre.

Sladrebladpassasjane blir heldigvis balanserte med kontekstualisering og bruk av forskingslitteratur. Litt usjølvstendig referert og vel omstendeleg her og der, men biografien Jonas blir samtidig ei bok om norsk politikk og særleg utanrikspolitikk dei siste tiåra.

Dramaturgi er alfa og omega om biografar skal utnytta slikt hendings- og haldningsstoff som Støre-livet byr på. Viktige opplysingar må plasserast rett. Viktige personar frå ungdommen kan ikkje dukka opp for første gong når dei skal spela store roller langt uti det vaksne livet.

Forteljeteknikk er noko radiofolka Aasheim og Martin har lang trening i. Likevel blir dei slått på dramaturgibanen av bokdebutanten Wig. Heilt frå starten av Seierherren veit han å plassera dramatikken han finn i dei mange intervjua også han har gjort. Ein konflikt rundt asylmottaksplanar i Selbu blir inngang til Støres forhandlartalent. Opplevingane til Kari Wollebæk, som hadde ansvaret ved ambassaden i Damaskus då karikaturdemonstrantar sette han i brann, blir inngangen til Støre som omsorgsfull arbeidsgjevar, men også til kritikk av han som utanriksminister.

Wig fortel villig, men veit å halda lesaren i spenning. Han analyserer og drøftar, men kan også plassera råkande karakteristikk i ei kort setning. Dessutan held Wig seg med eit nett og ryddig noteverk. Her veit ein kven som seier kva, utan at brødteksten blir nedtyngd av kjeldeopplysningar.

RØRSLE I RØRSLA
I bevegelse er ei anna slags Støre-bok enn biografiane. Her er det politikaren som talar, som vil slå fast grunnverdiane samstundes som han vil setja arbeidarrørsla i rørsle mot ein ny politikk.

Den prosaiske kan kalla boka ei samling seminarinnspel til arbeidet med nytt partiprogram. Partiet, velferdsstaten, offentleg sektor, folkehelse, integrering, europapolitikk, høgrepopulisme, klimapolitikk, kunnskapspolitikk og strategivurderingar får sine kapittel.

Ikkje mykje nytt, hevdar dei politiske kommentatorane, men då overser dei kanskje signala i teksten og bokas form? At Støre finn inspirasjon i 1946-slagordet «Bygge landet», er neppe krut, og heller ikkje konklusjonen om at sosialdemokratiet byggjer på verdiane «frihet, likhet og solidaritet». Men designet signaliserer «grunnskrift». Dei mange Aristoteles- og Montaigne-inspirerte «Om»-titlane viser ambisjonar om å spenna ein høgare himmel over politikken. Støre vil ikkje berre fornya partiet og Noreg. Her skal visst også verda få eit løft.

Før politikkrefleksjonane står tittelen «Reiser». Det kapitlet er ein sjølvbiografi i miniformat. Forteljinga om korleis høgremannen Støre frå Ris modna til AP-medlemskap. Boka som skal by på innspel til å fornya rørsla, er altså også eit forsøk på å fornya rørsla sitt inntrykk av formannen.

Korleis ser så formannen på menneska rundt seg?

«Historikeren oppsummerer sitt fag med å si at det eneste konstante er forandringen. Det er en vanskelig erkjennelse for oss mennesker.» Slik opnar Støre forordet i den store raude. Han tek ikkje berre på seg å leia partiet og landet til nye høgde. Han meiner også å kunna tala på vegner av menneska. Alle menneske.

STØRES PSYKOLEKT
Det kan vera at sosialdemokratar reagerer på pengane hans, på bakgrunnen og på maktnettverka som mannen er fødd i, rører seg uanstrengt i og utan store problem har bygd grundig ut. Slik motstand kan nok den kommunikasjonssterke Støre klara å snakka seg ut av.

Det klassestempelet som kan by på større vanskar, er fest til språket hans. Måten Støre vender seg til folk på, trer tydeleg fram i desse tre bøkene. Den underforståtte defineringa av forholdet mellom han og lesaren eller tilhøyraren som ligg i teksten og talen hans. Elitestempelet.

Gamle familiar på Oslo Vest har ikkje berre ein sosiolekt, dei har også det eg vil kalla ein psykolekt. Med fare for å overgeneralisera kan det hevdast at Oslo-Vest-måten å snakka på er prega av ein underforstått eliteposisjon og kjem ut som paternalisme.
Derfor er Oslo-Vest-retorikken gjerne kjenneteikna av indirekte tale, av varsamt pedagogiske uttrykksmåtar, av ei underspelt infantilisering. Det desse tre bøkene fortel meir enn noko, er korleis Støres retorikk rett som det er blir omtulla av denne ulla som kan få tilhøyraren til å kjenna seg som eit barn.

Særleg er Aasheim og Martin gode til å få dette fram med sine mange direkte sitat.

Støre seier ikkje at Russland kan opptre politisk uberekneleg, men omtalar Nordområde-satsinga som viktig for å handtera eit Russland «med mange typer vær». Han seier ikkje at Russland nedprioriterer forholdet til Noreg når det blir opprør i Ukraina. Han seier at då må det norsk-russiske «dukke litt».

Irriterande glatt kan han også verka i konkret politikk. Støre var mot Libya-bombinga, men la seg raskt og smidig over på FN-standpunktet. Dei tre biografane viser også korleis han i fleire saker har gløymt uheldige handlingar eller kanskje ikkje har snakka heilt sant.

Samtidig viser Wig i si ypparlege opningsforteljing frå Selbu at Støre der og i andre integreringsspørsmål kan konfrontera og gå rett på. Aasheim og Martin fortel at det også i delelinjeforhandlingane med Russland fanst slike augneblinkar då Støre gjekk opp på metaplanet og sette grenser for motparten.

BLANT DE BESTE
Siv Jensen har hausta lågthengande retoriske frukter ved treffande å hevda at Støre representerer mange standpunkt kvar gong han snakkar: «Jonas mener én ting, Gahr mener en annen ting og Støre en tredje ting.» (Dagbladet 16.10.2014)

Desse tre bøkene fortel om det same: ein ustanseleg reflekterande mann. Når han står på sikker grunn, kan han også vera både fast og klar, men Jensen har likevel eit poeng. Ein opposisjonsleiar og statsministerkandidat må heile tida ta standpunkt og formidla dei tydeleg.

Haustens tre bøker gjer det spennande å sjå korleis Gahr Støre vil takla dette høgare tempoet for produksjon av klare meiningar. Om Jonas i framtida vil få den tida han ser ut til å måtta ha til tvil og tru og endelause refleksjonar.

I raud bokform er det blitt i meste laget. Men i hendene på kritiske, slagferdige og analytisk sterke biografar har Jonas, Gahr og Støre alt nå gjeve stoff til noko av det beste som er skrive i «bok om aktiv politikar»-sjangeren her til lands.