Ei bok med mange mål og meiningar.

Retorikken i kampen om kvinnestemmeretten er eit innhaldsrikt bidrag til årets stemmerettsjubileum. Forfattarane Berit von der Lippe og Johan Tønnesson, professorar ved høvesvis BI og Universitetet i Oslo, er begge tekstforskarar med breie faglege interesser og nedslagsfelt, noko som er tydeleg også i denne boka, der vaskesetelen ambisiøst fortel at boka «er skrevet for alle med interesse for historie, retorikk, kjønn og politikk». Innleiingsvis skriv forfattarane så at dei med boka ønsker å løfte fram og analysere «særlig interessante taler» knytte til den norske kvinnestemmerettskampen i perioden 1885-1913, samtidig som dei også rettar blikket mot no- og framtida. For, meiner forfattarane, talane «peker også framover mot liknende tenke- og talemåter fra vår tid».

Hovudfokuset må likevel seiast å vere retorikken – talane og talarane, og i tråd med korleis ein i norsk sakprosaforsking forstår ytringar, søkjer forfattarane å forstå «kontekstens innveving i teksten – og vice versa», både ein meir generell kulturkontekst og den meir spesifikke konteksten for kvar tale. Saman med seks grundige taleanalysar og eit meir diskuterande avslutningskapittel finn vi i boka difor også ei fyldig og kontekstualiserande innleiing. I tillegg har forfattarane invitert med dei to retorikkforskarane Brigitte Mral og Cherlyl Glenn, som begge har skrive eit bidrag om retorikken i kampen om kvinnestemmeretten i sine respektive land – Sverige og USA. Boka inneheld altså mykje som vil kunne interessere mange. Like fullt har forfattarane formulert eitt meir eksplisitt mål: Boka er «særlig ment som en døråpner til temaet retorikk og kjønn», eit felt som ifølgje forfattarane sjølve «langt på vei har forblitt upløyd mark som forskningstema i Norge».

Lettfatta og eksemplarisk
At den «døropnande» funksjonen er eit hovudmål, kjem klart fram både innleiingsvis og i analysane. I introduksjonskapittelet nyttar forfattarane høvet til å gi lesaren ein kulturhistorisk bakgrunn for talane, samtidig som dei introduserer faglege termar og perspektiv som analysane vil basere seg på. Gjennom forfattarane sine fortolkingar kjem så talarane til orde éin etter éin: Gina Krog, Anna Rogstad, Ragna Nielsen, Johan Christian Heuch, Ole Olsen Malm og Fredrikke Marie Qvam – fire for og to mot kvinnestemmerett.

Retorikken i kampen for kvinne...-omslag - nettetUndervegs i analysane vert dei ulike analysereiskapane og teoriane frå både retorikkfaget og kjønnsforskingsfeltet nærmare presenterte. På imponerande lett og ledig vis, og med fiffige og stort sett klare formuleringar, greier forfattarane både å forklare og å bruke ei rekkje teoriar og analytiske omgrep, samtidig som talane og fortolkingane – ikkje analysereiskapen – er i fokus. Dette gjer teksten givande også for dei som allereie er godt kjende med faglege termar frå retorikk og sosialteori.

I sjølve analysane er det særleg eitt tema som går igjen: korleis «retrisene» greidde å balansere og harmonisere ei innebygd sjølvmotseiing i situasjonen deira då dei «på én og samme tid [måtte] imøtekomme dominerende normer, alt mens de bryter disse nettopp ved å ta ordet i det offentlige rom». Dette blir knytt til det feministar kjenner som «Mary Wollstonecrafts dilemma», formulert av statsvitaren Carole Pateman i 1989: Fordi omgrepet «samfunnsborgar» blei forstått med utgangspunkt i menns eigenskapar og aktivitetar, ville det å krevje fullverdig samfunnsborgarskap for kvinner innebere at desse måtte «bli menn». Og om ein kravde samfunnsmessig anerkjenning av kvinner på deira eigne premissar, ville dette innebere å tillegge kvinner ei samfunnsrolle nettopp som «kvinner», noko som dermed ville gjere fullverdig samfunnsborgarskap umuleg. Saman med utvalde analyseomgrep frå retorikken, blir sjølvmotseiingane produktivt brukte for å kaste lys over den retoriske balanse- og overtydingskunsten hos talarane.

Sjølv om det ikkje alltid kjem like klart fram kva nivå forfattaren ventar at lesaren er på, vil boka likevel kunne fungere godt som døropnar. Nokre analytiske grep krev kjennskap til feltet, og ein mindre sosialkonstruktivistisk orientert lesar vil kanskje finne visse underforståtte teoretiske premissar problematiske. Men med litt innsats vil ein lett kunne fylle eventuelle kunnskapshol ved hjelp av noteapparat, saksregister og litteraturliste, for desse gir til saman god oversikt over relevant forsking.

Kor blei det av tilhøyrarane?
Nokre hol sørgjer likevel forfattarane sjølve for. Trass i det vellukka pedagogiske prosjektet er det nemleg ikkje alle teoriar og omgrep som fungerer like godt i analytisk sett. Eitt eksempel er omgrepsparet «audience invoked / audience addressed», som forfattarane har henta frå det amerikanske forskingsfeltet «composition studies», og som dei på finurleg vis gjer om til ein retorisk analysereiskap i form av to «appelltypar» talaren kan bruke: Den eine appelltypen er «rettet hen mot lesere %der ute& mer enn mot tilhørere av en tale», og den andre er retta mot «et påkalt publikum, som når taleren appellerer til noe utopisk, men som likevel kan treffe mulige håp og forventninger hos tilhørerne der og da».

At publikum er viktig i ein retorisk analyse, er sjølvsagt – både det konkrete publikummet talaren går ut frå er / vil vere til stades, og det publikummet talaren formar i og med talen sin. Dessverre legg forfattarane i fleire tilfelle litt for lite vekt på det konkrete, historiske publikummet. Forfattarane understrekar riktig nok at dei ikkje har hatt som ambisjon å undersøke korleis talane faktisk vart mottekne, men ein retorisk analyse, som i tillegg har som mål å forstå samspelet mellom tekst og kontekst, burde gitt lesaren betre innblikk i det som gjerne blir kalla «den retoriske situasjonen» – kva påtrengande problem er det talaren prøver å løyse med talen, kven er tilhøyrarane, kva avgrensingar må talaren ta omsyn til? Den meir overordna kulturhistoriske konteksten er særs godt beskrive av forfattarane, men som lesar blir ein nysgjerrig på den meir spesifikke talesituasjonen talarane verka i.

At Gina Krog heldt den opplysande talen sin i «skolebestyrer Anderssens gymnastikklokale», og ikkje i Kristiania Arbeidersamfund, som forfattarane hevdar, er ein bagatell. Det at den same talen var det første offentlege foredraget arrangert av Norsk Kvinnesaksforening, og at foredraget dermed var ope for andre enn berre medlemmer av foreininga, er kanskje heller ikkje så viktig. Litt meir interessant er det å vite at Anna Rogstads tale var del av eit møte der «[k]vinder af enhver stand og stilling, men særlig de skatydende kvinder» hadde blitt bedt om å «møde talrigt frem», og at formålet med møtet var å diskutere og skaffe oppslutning om «den petition der agtes indbragt for Storthinget samtidig med, at det foreliggende grundlovsforslaget om stemmeret for kvinder tages under behandling».

Kvifor er dette viktig? Jo, det er viktig fordi det får følgjer for den fortolkande verksemda og legitimiteten til forfattarane. Ikkje alle påstandar om kva intensjonar, strategiar og dilemma talarane kan ha hatt, er like lette å svelgje for lesaren når informasjon om kommunikasjonsformål og situasjon manglar. Det vitnar dessutan ikkje om særleg god forståing av «kontekstens innveving i teksten – og vice versa», når forfattarane fortolkande spør «[e]r det her flertallet av de mannlige tilhørerne […] mentalt sett velger å flykte …?» til Anna Rogstads tale – som var annonsert som eit arrangement med «adgang kun for kvinder» (1)

Betre grunngivingar av kvifor nett dei og dei analyseomgrepa er valde, og av kva som har fått forfattarane til å fortolke talarane slik dei gjer, ville gjort fleire av analysane endå meir givande.

No er det ikkje alle analysane som lid like mykje under dei nemnde manglane. For eksempel fungerer analysen av Ragna Nielsens tale godt. Her blir kunnskap om talaren og konteksten fletta inn på ein slik måte at fortolkingane er opplysande og står fram som plausible, og den meir klassisk retoriske analysen av argumentasjonen er lett å følgje. Kapittelet om Ole Olsen Malms tale kan også trekkjast fram som vellukka i så måte. Her trekkjer dessutan forfattarane interessante trådar mellom antifeminisme før og no, trådar som så – blant mange andre – vert henta fram att i det oppsummerande og meir kritiske avslutningskapittelet «Hva så? Hva nå?».

Mykje på hjartet
Det er ingen tvil om at von der Lippe og Tønnesson har mykje på hjartet – eit hjarte som er langt frå nøytralt, verken fagleg, politisk eller feministisk. Ein noko paradoksal effekt av både dette og dei mindre underbygde analysane er at røystene og fortolkingane til forfattarane til tider overdøyver dei historiske retoriske kreftene dei så gjerne vil vise fram.

Boka vil likevel kunne begeistre, engasjere og sikkert grundig irritere lesarar av ulike slag – alt etter kva leir eller leirar dei har føtene planta i, så vel politisk som fagleg. Boka kan dermed vere nyttig både om ein ønsker å få opna døra mot eit forskingsfelt in spe, og om ein har ei meir generell interesse for nettopp «historie, retorikk, kjønn og politikk» – heilt i tråd med lovnadene på vaskesetelen.

Men éi dør bør lesaren opne sjølv, etter at von der Lippe og Tønnesson no har vist veg. For om ein verkeleg ønsker å la seg fascinere og rive med av høgrøysta, overtydande og drivande dyktige damer (og menn), ja – av krafta i kvinnestemmerettsretorikken, bør ein gå til kjeldene sjølve. Talane er å finne på virksommeord.uib.no, og i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle kan ein lett få fatt i utfyllande informasjon om både talar og talarar, for eksempel i trebandsverket Norske kvinder. En oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814-1914 – ført i pennen av ingen ringare enn nettopp dei driftige damene (2). Av og til er krafta i retorikken så sterk at ein ikkje treng retoriske termar eller eit analytisk blikk for å bli riven med.

Noter:

(1) F.eks. i Aftenposten morgen 15. november 1888.
(2) nb.no/nbsok/nb/d9a4a91f28340a525d2be4892eb1fc9e.nbdigital?lang=en»0

(Anmeldelsen stod på trykk i Prosa nr. 4/13).