Alle menneske er fødde som kreative språkskaparar så sant dei ikkje er sløve, tåpelege eller hjerneskadde. Påstanden er gammal, men har likevel skapt revolusjon i moderne språkvitskap.

 

Noam Chomsky

Det medfødte språket. Et kapittel i den rasjonelle tenkningens historie

Omsett av Inger Sverreson Holmes

Cappelens upopulære skrifter

Cappelen Damm Akademisk, 2017

 

Med den første norske utgåva av Noam Chomskys Det medfødte språket har serienamnet Cappelens upopulære skrifter fått eit vidare innhald. I boka gjev Chomsky ein kortfatta introduksjon til språkteorien som har gjort han til den mest siterte akademikaren i verda:

At mennesket har ei medfødd språkevne som finst føre læring. Dette medfødde språksystemet skil oss frå dyr og maskiner og set oss i stand til å bruka språket kreativt og forstå og kommunisera med andre som gjer det same.

Påstanden lanserte Chomsky sist i 1950-åra og utfordra dermed behaviorismen, som var den vedtekne sanninga. Ifølgje den var språklæring som all anna læring: Ein tileigna seg språk ved ytre stimulering. Sidan Chomsky lanserte teorien om ei medfødd evne, har hissig debatt rasa rundt språkvitskapen hans og dei den gongen nye teoriane, som andre sidan har vidareutvikla. «Ein revolusjon i lingvistikken» har den norske Chomsky-kjennaren professor Jan Terje Faarlund valt som talande tittel på boka si om Chomskys språkteori og verknadene av den i faget.

Cappelens skriftserie har fått namnet fordi han trassar kravet om popularisering og gjev ut viktige kulturelle milepåleskrift i original. Med Chomskys skrift er det i tillegg slik at det, som dei fleste revolusjonære påstandar, er upopulært og provoserer mange. Likevel er motstandarar, tvilarar og tilhengjarar nokså samde om at teoriane som denne vesle boka presenterer ein del av, er det mest fruktbare innspelet som er komme i moderne språkteoretisk forsking.

Norge er eit land der tettleiken av språknerdar truleg ligg godt over verdsgjennomsnittet. Likevel er språkforskaren Chomsky lite kjend for eit allment norsk publikum. Den Noam Chomsky som mange av oss kjenner, er ein annan.

 

VISMANNEN

«Donald Trump står for komiske innslag, men dei andre kandidatane er ikkje mykje betre», utalte Chomsky med suveren autoritet på den tida i haust då dei fleste i amerikanske medium og alle i dei norske grøssa over Trumps valkamp. «Hillary Clinton er som Obama, berre meir militant», var ein annan kommentar han kom med under valkampen. Chomsky var ingen beundrar av Obamas krigføring. Han sympatiserer med anarkosyndikalismen, kallar seg liberal sosialist og var open Saunders-tilhengjar. Chomsky står altså eit godt stykke til venstre i amerikansk politikk. Likevel er han svært mykje brukt som kommentator i media og framstår med si rolege, på grensa til monotone, røyst og sin naturlege autoritet nærast som ein vismann over politikken. «Fortidas politikk var mykje råare», hevda han i dagane før presidentskiftet i vinter. «Det har skjedd store framsteg fordi fortidas menneske, som levde under mykje vanskelegare forhold enn oss, ikkje gav opp.» Underleg nok fekk han det til å kjennast som ei trøyst. I alle fall var det ei oppfordring til å leggja bort mismotet og knyta nevane.

«Israel er ein fasciststat på veg mot sjølvimplosjon», er ein annan Chomsky-påstand som kven som vil, kan få utdjupa ved å gå inn på YouTube og lytta til ein videosnutt med denne tittelen. Der ligg det samen med fleire titals andre opptak av Chomsky. Også fulle foredrag med mannen finst på nett. Han er ein meister i spissformuleringar og framfører kontroversielle synspunkt som var dei dei mest sjølvsagde konklusjonane i verda. I bås er han ikkje lett å setja. Chomsky er ein sterkt Israel-kritisk jøde. Han er ein av Vestens mest vidkjende intellektuelle, men likevel full av kritikk mot intellektuelles politiske passivitet og lydigheit mot establishmentet. «Intellektuelle er ein horde av ufrie hjernar som marsjerer for makta», er også eit Chomsky-sitat som provoserer.

 

KRITISK INTELLEKTUELL

Noam Chomsky blir lytta til både i den dagsaktuelle samfunnsdebatten og i meir tidlause spørsmål. «Noam Chomsky om konspirasjonsteoriar» er tittelen på eitt YouTube-kutt. «Noam Chomsky om dumme folk» heiter eit anna. Også desse handlar sjølvsagt om dei politiske sakene han brenn mest for nå: terrorisme, IS, klimapolitikk, kampen mot vettlaus kapitalisme og åtvaringar mot atomkappløp. «Har nokon organisasjon nokon gong vore så bestemt på å øydeleggja livet på jorda?» spurde han retorisk då spenninga mellom USA og Nord-Korea tetta seg til i april. Han sikta til det republikanske partiet.

I amerikanske fjernsynsinnslag blir Chomsky gjerne presentert som «long time dissident» og «verdskjend lingvist». Sanninga er at han også utanfor USA er meir kjend som dissident og kritisk intellektuell enn som lingvist.

Av dei sju Chomsky-bøkene som fram til nyttår var komne på norsk, er alle USA-kritiske politiske skrifter. Dei tematiserer mangel på politisk demokrati, imperialisme, terror, krig og andre samfunnsspørsmål. Tidleg i 1970-åra kom De nye mandarinene og Amerikas krig med Asia, begge med skarp kritikk av USA-krigføringa i Vietnam. Etter 11. september samla han essay frå hausten 2001 i boka 11/9, der han igjen provoserte, denne gongen ved å visa korleis terroraksjonane mot Twin Tower og Pentagon var konsekvensar av amerikansk intervensjon i Midt-Austen og Afghanistan. På norsk har han også gitt ut Det politisk meningsløse USA.

Valsigeren i presidentvalet 2016 spådde han ikkje, men framleis heiter det i Store Norske Leksikon at «Chomsky er en av verdens fremste intellektuelle».

 

TEK ANSVAR

Han bidreg som ein intellektuell av den gamle sorten, slike som vi hadde før jakta på «teljekantar» og akademiske publiseringspoeng drog akademikarane tilbake til elfenbeinstårnet. Dei klassisk intellektuelle tok medansvar for å halda eit opplyst offentleg ordskifte gåande. I dag, etter gjennomføringa av det dei tidlegare utdanningsministrane Trond Giske og Kristin Clemets kalla «kvalitetsreformen», ytrar dei fleste av standen seg til offentlegheita omtrent berre gjennom sine akademiske tekstar, og oftast på engelsk. (Til offentlegheita gjeld likevel berre for dei tilfella der akademikaren har brukt ein terminologi i sitt akademiske arbeid som er forståeleg for andre enn fagfellar.)

Når desse dagens intellektuelle forsøker å ytra seg i allmennmedia, er formålet oftare å mjøla sine akademiske kaker enn å bidra til eit ordskifte som kan betra samfunnet.

Med Chomsky er forholdet altså omvendt. Ytringane hans i det offentlege ordskiftet er klare og lettfattelege og dei mest kjende. Det er bidraga hans til vitskapen som er ukjende eller lite kjende. Det har forlaget Cappelen Damm Akademisk nå bestemt seg for å gjera noko med.

 

IDÉKAPITAL FRÅ 1600-TALET

Det medfødte språket er eit essay som på norsk fyller åttiåtte små boksider pluss eit noteverk på trettito (den lengste noten går over to sider). Omsetjar Inger Sverreson Holmes har gjort ein fin og grundig jobb med å bera teksten over i tilgjengeleg norsk. Forma er framleis fagspråk, men kan absolutt lesast av interesserte lekfolk.

I inngangen til boka fortel Chomsky at han hentar inspirasjon frå språkteoriar frå 1600- og 1700-talet, og sparkar samtidig til «den moderne lingvistikken» og språkhistoria som er i «en bedrøvelig tilstand» og arbeider innanfor «en intellektuell ramme som ikkje er mottagelig for problemene som bevirket tidligere lingvistiske studier, eller for innsikten de førte til».

Så går Chomsky i gang med å presentera emnet sitt, det han kallar «den kartesianske lingvistikkens periode», idear som han har drege inn igjen i forskinga. Han viser fram det professor Terje Lohndal i eit framifrå forord kallar «grunnmuren for å forstå Chomskys tekning om språk». Som adjektivet kartesiansk antyder, går Chomsky tilbake til filosofen Descartes, som levde frå 1596 til 1650. I verket Meditasjonar skriv Descartes om korleis menneska skil seg frå dyra ved språket og særleg ved evna til å nyskapa språket i møte med nye tankar og situasjonar. Chomsky legg samtidig vekt på Descartes skilje mellom menneske og maskiner. Filosofen medgir at ei mekanisk innretning kan støyta ut enkeltord. «Men det hender ikke at den sammenstiller ord på forskjellig måte for å svare på betydningen i alt som blir sagt i dens nærhet, slik som endog det sløveste menneske er i stand til.»

Frå denne slutninga er det at andre 1600-talstenkjarar resonnerer vidare om menneskets kreative evne til å bruka og nyskapa språket. Det fanst motstemmer, som La Mettrie, som hevda at dyr kunne lærast språk, som heller ikkje utelukka at det kunne lagast talande maskiner, og ifølgje Chomsky meinte at «mennesket rett og slett er den mest komplekse av alle maskiner», men fleire andre heldt på skiljet utan å komma til botnar i spørsmålet om årsaker.

 

TALEGÅVER VED MUTASJON?

Den gjennomgangen Chomsky gjer av dei mange forsøka, er lang og grundig, men verken utprega resonnerande eller drøftande. Han presenterer og står på grunnmuren sin når han innimellom oppsummerer. «Det er dessverre ikke belegg for å påstå at vi har kommet nevneverdig lenger enn på 1600-tallet når det gjelder å påvise egenskapene ved intelligent adferd, hvordan den tilegnes, prinsippene som styrer den, eller de bakenforliggende strukturenes navn», skriv Chomsky, og gjer greie for fleire, Wilhelm von Humbolt og Johann Gottfried Herder er blant dei mest kjende.

Ut frå den historiske rekkja av tenking rundt «språkutøvelsens kreative aspekt» greip Chomsky tilbake meir enn halvtanna hundreår då han utvikla teorien sin om ein språkleg djupstruktur. «Den kartesianske lingvistikkens sentrale doktrine er at de generelle trekkene i den grammatiske strukturen er felles for alle språk og gjenspeiler visse grunnleggende egenskaper ved bevisstheten», oppsummerer han til slutt.

Heller ikkje Chomsky skal ha komme til nokon konklusjon i spørsmålet om årsakene til at mennesket har språkevner som ikkje finst hos dyr. Mange har argumentert darwinistisk, at ein språkleg evolusjonsprosess har ført oss frå dyrestadiet. Ifølgje Londahl har Chomsky meir tru på at årsaka til våre medfødde talegåver er «en mutasjon som plutselig oppsto i mennesket».

 

SIRI OG DONALD

Å lesa gjennom Chomskys presentasjon av opplysningstidas språktenking kan kjennast langdrygt. Men motivasjonen for å skilja menneske frå maskin blir sterkare straks eg tenkjer på dei talande robotane som kjem til å stella meg når eg om ikkje altfor mange år kan trenga å få målt opp medisindosar eller ha ein hyggeleg samtale om vêr og vind.

Eg tenkjer også på Siri. Apples hjelpefunksjon er ei av dei avanserte talemaskinene som 1700-talsfilosofen La Mettrie føresåg. Siri kan matast med vokabular og svar. Ho snakkar vakkert og kan fascinera, men det tek ikkje mange uvanlege ord og setningar før ein oppdagar den større nytten i ein menneskeleg telefonsupport.

I oppsummeringa sist i boka dukkar det også opp samband mellom Chomskys grunntekst og dei aktualitetane som han i år ytrar seg mest om. Chomsky fortel om Herbert av Cherbury, som på svært tidleg 1600-tal hevda at vi for å komma til ein konklusjon om språkets «naturinstinkt» må sjå bort frå «personer som er gått fra forstanden eller er mentalt udugelige», og dei som er «egenrådige, tåpelige, enfoldige og ukloke».

Åttini år gammal er Noam Chomsky framleis aktiv både som forskar og samtidskommentator. Etter å ha lese Descartes tankar om kva sjølv det sløvaste menneske kan klara, og Cherburys ord om kven ein må sjå bort frå, er det to spørsmål eg intenst ønskjer at nokon skal stilla han: Kan president Donald Trumps ytringar brukast som forskingsmateriale rundt det språklege «naturinstinktet»? Er dei i så fall fruktbare, eller undergrev dei teorien om menneskets medfødde evner til kreativt språk?

Arnhild Skre (65) er historikar, forfattar og skribent.