oMBHD3Oc4sxd4AJpCuWf2FrLEReh7XZ16wP4KwJZFE0

Henning Hagerup er eit ideal å strekke seg etter som litteraturkritikar. Men kan lauvverket av lærde referansar også bli ein gøymestad?

Henning Hagerup

Metafysisk skrapjern

Kolon forlag, 2015

 

Då poet og barnebokforfattar Gro Dahle for nokre år sidan heldt skrivekurs for kritikarar, skilde ho mellom to perspektiv ein kunne ta: ørn eller frosk. Enten vurdere frå eit punkt med full oversikt over litteraturfeltet og eksisterande hierarki eller gå inn i boka slik ein frosk hoppar i dammen, og vurdere opplevinga. Sjølvsagt vekslar alle litterære lesingar mellom nærlesing og kontekstualisering, intuisjon og analyse. Men biletet har noko for seg; når eg no skal vurdere Henning Hagerups bok, som samlar essay skrivne i løpet av dei siste 15 åra, er det frosken som skriv om ørna.

Henning Hagerup har lang fartstid som litteraturkritikar, mest i tidsskrift som Vagant og Vinduet, og viser ein enorm kunnskap om litteratur. I tillegg er han omsetjar frå fleire europeiske språk og nyttar flittig etymologiske utgreiingar i tolkingsarbeidet. At Hagerup har rykte som den beste essayisten i kritikarstanden, kjem nok av at han med ein lett og underhaldande penn lar lesaren dele dette allvitande perspektivet. Poengtert bruk av litterære referansar gir autoritet til vurderingane, også indirekte som demonstrasjon av vidd: «Mens Baudelaires erklærte program i Les Fleurs du mal var å lage gull av gjørme, finnes det nok av gjendiktere som har reversert prosessen.»

Sitatet er henta frå essayet «‘Som feiere til støvet gå’. Gjendikting – oversettelse – imitasjon – destruksjon». Her kjem Hagerups store kjennskap til poesi, omsetjingar og omsetjingsteori verkeleg til sin rett, både i problematiseringa av den særnorske distinksjonen mellom gjendikting og omsetjing og når han gjer greie for ulike syn på kva form for truskap til originalteksten gjendiktaren skal leggje mest vekt på: til ordlyden, stemninga eller meiningsinnhaldet? Hagerup er her på sitt mest tydelege og underhaldande, spesielt når han hissar seg opp over dårlege gjendiktingar i nedstøva riksmål frå Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Dette er eit essay alle som bryr seg om poesi og omsetjing, bør få med seg!

 

KOMMENTARIATKAMERATANE

Det lengste essayet i samlinga, «Mellom Tu Fu og Wordsworth», er også ei oppvisning i kunnskapsformidlande essayistikk. Laga av kommentarverksemd i starten er likevel for dei spesielt interesserte: I ei nyskriven innleiing forklarer Hagerup situasjonen essayet vart skrive inn i, og at alle omtalte er flinke folk han har stor respekt for. I originalteksten tar han utgangspunkt i Øyvind Bergs kritikk av Georg Johannesens gjendiktingar av Tu Fu, og korleis dei kan ha vore påverka av at Johannesen også hadde omsett Bertolt Brecht, og av ei propagandaprega framstilling av Tu Fu som verserte i DDR. Framhaldet er ein polemikk mot korleis Berg, Johannesen, kritikar Susanne Christensen og poet Gunnar Wærness alle har nytta ordet «romantisk» som skjellsord. Argumentasjonen for at eg-fokuset i romantikken ikkje berre handlar om føleri, men også inneber ei radikalisering av «jegets forhold til samfunnet», er eit forsvar for og ei nyansering av synet på romantikken som litteraturhistorisk epoke. Det er svært interessant, også fordi ein anar konturane av Hagerup som estetikar og opprørar.

Det verkar karakteristisk for Hagerup at han i stor grad argumenterer ved å vise til litterære autoritetar. Til dømes fortel nok essayet om den legendariske 1700-talskritikaren Samuel Johnson mykje om Hagerups eigne ideal for litteraturkritikken. Men det ville skrudd opp intensiteten om han hadde gått meir polemisk til verks enn dette: «Mye permanent verdifull litteraturkritikk har et tilsvarende selvfølgelig og uhysterisk forhold til det biografiske – for anledningen skal jeg nøye meg med henvise til navn som …» Så følgjer ti namngjetne kritikarar. Om han dermed meiner at det biografiske får for lite plass i samtidig kritikk, lar han henge i lufta.

Generelt er nok alle essaya prega av kor dei først stod på trykk, og korleis oppdraget lydde. At essayet om T.S. Eliot som Shakespeare-kritikar, skrive for Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift, framstår som den tørraste teksten, har vel dermed mykje med fagleg spesialisering å gjere.

 

SAMTIDSTENKJAREN
Det nyskrivne essayet om Hagerups sambuar Elin Brodin går i motsett retning: Her fokuserer Hagerup på tematiske lesingar av romanar som ligg nær skrekk-, spøkelses-, vampyr- og science fiction-historier. Han blir tydelegare som fortolkar og samfunnsmenneske og dreg lesaren med i refleksjonar som er forankra i samtida vår. Spesielt problematiseringa av kva som blir rekna som sjukt eller umenneskeleig, er tankevekkjande, og i refleksjonane rundt skam nærmar han seg det Kari Løvås har ein grundig gjennomgang av i essaysamlinga Og de skjønte at de var nakne (2014), riktig nok utan å referere til henne.

At Hagerup her tar tydelege politiske standpunkt, opplever eg som forfriskande. I foredraget «Babels velsignelse», skrive til opninga av Oslo poesifestival 2013, blir derimot det politiske ein veikskap. Hagerup argumenterer der for at språklege forskjellar er eit gode fordi eit språk uttrykkjer kulturelt særpreg, og at omsetjingsarbeid dermed gir høve til å gi ei djupare forståing av det framande. Greitt nok. Men så sluttar han frå Giorgio Agambens tolking av den bibelske myten om Babels tårn til at omgrepa «språk» og «folk» som grunnlag for nasjonalstaten er fiksjonar vi kan kvitte oss med. Og at ein slik tanke kan «revolusjonere asyl- og innvandringspolitikken samt eliminere alle tilløp til nasjonalisme». Når språk altså er ein markør for kulturell tilhøyrsel til eit folk, verkar det lettvint å hevde at slik omgrepsakrobatikk skal vere ein politisk vedunderkur. Det burde ha vore grundigare drøfta, spesielt sidan nasjonale lovverk også er truga som skansar mot aggressive og mektige multinasjonale konsern gjennom overnasjonale avtalar som TTIP.

 

EIN SYMPATISK LESAR

I Brodin-essayet er mangelen på både superlativ og kritiske innvendingar påfallande, spesielt samanlikna med den seinare omtalen av Ole Robert Sunde. Gitt den personlege relasjonen er det forståeleg, men det demonstrerer også problemet som oppstår når distansen mellom kritikar og forfattar ikkje er stor nok til å romme reelle kritiske vurderingar. Hagerup borgar jo i praksis for den litterære kvaliteten ved å vie eit essay til forfattarskapen og ved å samanlikne Brodin med «Stein Mehren, Wera Sæther, Sven Kærup Bjørneboe, Kaj Skagen, Peter Normann Waage og Håvard Rem».

Det er ein defensiv strategi. Då verkar diskusjonen av kvaliteten hos Ole Robert Sunde langt meir offensiv: Den opphavlege vurderinga av Sundes essaysamling Jeg er et vilt begrep har fått korrigerande innskot der essayisten tar tilbake alle kritiske innvendingar. Det er lov å skifte meining, men aldri har eg vel følt meg som ein så liten frosk som når Hagerup skal vise kor god ein lyrikklesar Sunde er. Eg får like lite ut av dei siterte avsnitta frå Sunde som av Hagerups lesing av dei; då er det faktisk enklare å tolke diktstrofa som er omtala. Dette er den einaste staden i boka der Hagerup medgir at han ikkje kjenner originalteksten til det omsette diktet. I staden gir han seg til å spekulere på kva ordlyden i den tyske originalen kan ha vore, og korleis omsetjaren «i tilfelle» har gjort ein formidabel innsats og Sunde er «en fortolker av det tilnærmet perfekte slaget».

Samanlikna med det grundige filologiske arbeidet elles i samlinga er dette tynt, og det styrkjer ikkje tilliten til at tilbaketoget berre handlar om faglege vurderingar når Hagerup skriv: «Dette er stilgrep man etter hvert venner seg såpass mye til at det ender med å fremstå som riktig sympatisk – akkurat slik gode venners særere eller lettere monomane sider er det.» Den opphavlege vurderinga er meir tillitvekkjande, spesielt sidan innvendingane i liten grad legg ein dempar på eit elles glødande entusiastisk vitnemål om Sundes litterære kvalitetar.

 

OPEN FOR ALT

Hagerup er suverent god til å opne litteratur for lesaren ved hjelp av personlege refleksjonar og erfaringar. I opninga av Tor Ulven-essayet gjer han dette gjennom tankar om tid som saumlaust leier over til teikn etter det forgjengelege som tematikk i Ulvens Gravgaver og vidare til skildringa av Ulvens eigne kompromisslaust utforskande tankerekkjer. Det er eit nydeleg stykke litteraturkritikk, kanskje det beste i heile samlinga. Spesielt feste eg meg ved dette biletet: «– i disse linjene får jeg alltid inntrykk av at orkesteret stemmer instrumentene før konserten kan begynne.» Evna til å ikkje berre vere instrumentet ein litterær komposisjon blir spelt på, men også gi eit sjølvstendig litterært uttrykk for lesaropplevinga er endå meir eksklusiv enn evna til å kanalisere litteraturhistoria, men sjølvsagt – kombinasjonen er uslåeleg.

Også i essayet om omgrepet Das Unheimliche og Freuds essay med same namn rører Hagerup seg elegant mellom eigne erfaringar og refleksjonar og faglitteraturen. Han er nok medlem av den eksklusive gruppa menneske som verken er analytiske skeptikarar eller tradisjonstru religiøse, men ein kombinasjon: både intellektuelt utforskande og åndeleg opne.

Innretninga mot metafysikk er den raude tråden gjennom samlinga, og at Hagerup er litteraten som elskar det subtile så vel som det sublime – det overskridande som skakar både kjensler og intellekt – vert spegla i boktittelen Metafysisk skrapjern. Den er henta frå det siste essayet, «Tivoliets metafysikk». Her tar Hagerup utgangspunkt i sin eigen fascinasjon for tivoliet og knyter den barnlege evna til å glede seg over det framande, fargerike, bråkete og magiske – det som sjølvsagt er juks og profitt, men også gøy – til litteraturens invitasjon til overskriding av alle dei praktiske og fysiske grensene som pregar livet. Dermed grip han attende til ein tematikk som også opna samlinga: det å vere eit menneske som har alle stadium av livet i seg, som både er den same og ein annan.

 

METAPOETEN

 «En grå liten fugl» er det første og kanskje mest personlege essayet i samlinga. Hagerup fortel om korleis han, ei bråkete tropenatt på Kreta, fekk ei ny oppleving av Goethes berømte dikt «Wandrers Nachtlied II». Han ser diktet i samanheng med andre berømte dikt han også har lese gjennom mange tiår: Tor Ulvens «Løynrunene», eit antikt dikt av grekaren Alkman, Nils Ferlin-diktet «Inte ens en grå liten fågel» og eit utdrag frå Dantes skildring av det jordiske paradiset i Den guddommelige komedie. Eg må innrømme at teksten først irriterte meg. Eg syntest den var full av bitte små meiningsglidingar som eg, på mitt nærsynte froskevis, ikkje utan vidare ville akseptere. Som når Hagerup omtalar Goethe-diktet som «en rolig konstatering av at livet munner ut i døden» og samtidig «billedløst». Men må ein ikkje nettopp lese formuleringa «Warte nur, balde / Ruhest du auch» biletleg for at den skal handle om døden?

Etter kvart har eg slått meg til ro med at Hagerups tolking av dikta der fuglar, fjell og stille er sams motiv og det forgjengelege livet tematikk, er grunnleggjande prega av ein akkumulert tolkingstradisjon og av at han alltid har lese dei i samanheng. Gjennom lesinga fortel han dermed indirekte, som ein metapoet, om den eksistensielle meininga den litterære samtalen på tvers av tid og rom har for han. Ferlin-diktet siterte han også i det nydelege, vesle essayet «Jente i regnfrakk» i Vinternotat (1998). Der la han det fram som eit døme på dei små augneblinkane som heilt uventa kan bli viktige minne, og korleis det vesle og audmjuke kan «overvinne døden». Når han no tar diktet fram igjen, er vekta lagd ein annan stad: at ein av og til kan lengte etter at uroa skal vere over, sjølv på den vakraste sommardagen lengte til den staden der det ikkje eingong finst ein grå, liten fugl.

At Hagerup slik nyttar den litterære analysen som eit subtilt personleg uttrykk, men også tar tilflukt der, gjer at eg ikkje lenger ser ei ørn som svevar i einsam majestet langt der oppe. Eg ser ein kritikarkollega som sjølvsagt har si eiga, svingande grein langt, langt over meg i kunnskapens tre, men som også har kjent det eg kjenner heile tida: At det krev ei særskild form for audmjukheit å vere kritikar. At ein må kjenne kor grensene går både for evnene og for livet, men likevel bevare ei slags tru – og tore å syngje ut.