Hjemreiser er Stian Bromarks sjette bok. Med den stadfestar han sin posisjon som ein av våre mest interessante sakprosaforfattarar.

Stian Bromark

Hjemreiser. Arven etter folkeutvekslingen i Hellas og Tyrkia (1923)

Cappelen Damm, 2016

 

Den gresk-tyrkiske befolkningsutvekslinga i 1923 er utgangspunktet for Stian Bromarks bok Hjemreiser. Hendinga, som grekarane framleis refererer til som den store katastrofen, skjedde i kjølvatnet av oppløysinga av det osmanske riket. Folkeutvekslinga har sett sine blodige spor i både Tyrkia, Hellas og resten av verda.

Bromarks interesse er ikkje primært retta mot det som var, men mot det som er. Med folkeutvekslinga som omdreiingspunkt skriv han om etnisitet og religion, fiendskap og forbrødring, nasjonalisme og fleirkulturalitet og om storpolitikken sine konsekvensar for vanlege menneske. Bromark vev det heile saman til ei svært leseverdig, interessant og, kanskje litt overraskande ut frå emnet, optimistisk bok.  

 

PARADOKS

Bromark skildrar innleiingsvis korleis Fridtjof Nansen, som den gongen var Folkeforbundets høgkommissær for flyktningar, tok initiativ til folkeutvekslinga. Motivasjonen hans var humanitær. Nansen var sjølv vitne til nesten apokalyptiske scenar blant flyktningane i den greske hamnebyen Pireus i 1922. Halvnakne, fillete menneske virra rundt, kvinner fødde barn i gatene, sjukdommar som dysenteri og malaria florerte. Nansen, og Folkeforbundet, konkluderte med at fiendskapen mellom grekarar og tyrkarar var som «en kreftbyll» Folkeutvekslinga skulle få problemet ut av verda ein gong for alle. Nansen fekk i oppdrag å overvake prosessen.

Bromark har eit velutvikla auge for paradoks og gjer eit poeng ut av at dei fleste av dei 400 000 utviste tyrkarane ikkje var etniske tyrkarar, men muslimske bulgararar og albanarar. Dei 1,2 millionar utviste grekarane kom frå fleire tusen år gamle busettingar ved Egearhavet, hjarta av det antikke Hellas.

Den gresk-tyrkiske folkeutvekslinga gjekk inn i lærebøkene om internasjonal politikk. Nazi-Tyskland gjorde fleire avtalar med Italia om folkeutveksling. Etter den andre verdskrigen vart den gresk-tyrkiske erfaringa frå 1923 trekt fram som sjølve skoleeksempelet då nesten tolv millionar etniske tyskarar vart utviste frå Aust-Europa. Meir enn ein million menneske døydde på vegen.

 

TIL VÅR TID

Bromark hoppar raskt inn i vår tid og til sine eigne reiser. I Istanbul møter han redaktøren for byens greske avis, ein einmannspublikasjon som når ut til dei knapt 2000 greske husstandane som er att i byen, som framleis er det religiøse sentrum i den gresk-ortodokse kyrkja. Han besøker Hellas’ nest største by Thessaloniki, som først fekk gresk fleirtalsbefolkning etter folkeutvekslinga. Bromark er også innom eit folkeminnearkiv i Athen som husar forteljingar som vart samla inn frå flyktningane. Arkivet har ei usikker framtid som følgje av den greske økonomiske krisa.

Når Bromark skriv, er dagens politiske situasjon, den kriseramma greske økonomien, båtflyktningane og Tyrkias utvikling i autoritær-religiøs retning aldri langt unna. Han krydrar sine reportasjeprega tekstar med solid bakgrunnskunnskap og referansar til film og skjønnlitteratur. Han snur temaet igjen og igjen og finn stadig nye inngangar og nye sider av saka.

Det første kapittelet i boka drar opp det historiske bakteppet og har eit tyngre anslag enn resten av boka. Bromarks skildringar frå eigne reiser har meir driv og snert i språket. Det er matglade magar som velt ut av tronge bukser, skjeggete geiter som gomlar gras, rykande sigarettar og sterk kaffi. Forfattaren har eit skarpt blikk for vittige detaljar, og det er mykje å dra på smilebandet av mellom diskusjonane om politikk, prinsipp og innføringa i den lange og dramatiske historia om gresk-tyrkiske relasjonar.

 

KRITIKKEN MOT NANSEN

Fridtjof Nansens innsats under folkeutvekslinga har blitt hylla som det viktigaste han utretta på den diplomatiske scenen. Bromark vil revidere oppfatninga og slår fast at Nansen «trodde han gjorde det rette. Ettertiden har vist at han tok feil». Bromarks konklusjon er føredømeleg klar, men eg synest likevel argumentasjonen hans er for knapp og for etterpåklok.

Stian Bromark slår fast at avtalen var eit ektefødd barn av ei nasjonalistisk tidsånd. Eg synest han underkjenner at den også var eit utslag av realpolitisk pragmatisme. Hatet og valden var reell. Det var ikkje skapt av Nansen eller Folkeforbundet. For å slå fast at Nansens diplomatiske handverk var «feil» må ein sannsynleggjere at det fanst betre alternativ. Ville ei anna løysing ha skapt mindre menneskeleg liding?

Eit anna spørsmål er sjølvsagt om folkeutvekslingsavtalar av dette slaget kan forsvarast reint prinsipielt og moralsk. Og det har Bromark, og ettertida, kome fram til at ikkje er mogleg. Vi kallar det etnisk reinsing.

Bromark skriv om både Tyrkia og Hellas med ein tydeleg fascinasjon. Boka byr på møte med mange engasjerte og kloke einskildpersonar og på forteljingar om tyrkisk-gresk forbrødring på bakkeplan. Det er desse møta som gjer at eg etter å ha lese ei bok om eit dystert emne, frå ein region forfattaren på ingen måte legg skjul på at har mange utfordringar, likevel sit at med ei slags optimistisk kjensle. Eg synest Bromark gir eit rikt portrett av to land og eit svært interessant innblikk i fenomenet minnekultur, måten ein som samfunn minnest fortida si på.

Astrid Sverresdotter Dypvik (38) er journalist og forfattar