Kristian Bjørkelo fortel  om anarkistiske bombemenn, religiøse galningar og italienske fascistar.

 

Vignett:

Kristian A. Bjørkelo

Ekstremisme

Humanist forlag, 2015

 

Då tvillingtårna i New York brann 11. september 2001, var Kristian Bjørkelo ein ung venstreradikalar. Terroren gjorde han nesten mållaus, skriv han, med vekt på nesten. For i hans dåverande politiske univers var USA og kapitalismen fienden. Terroren måtte sjåast i lys av USAs eigen blodstenkte utanrikspolitikk, syntest han.

På eit litt seinare tidspunkt kom han fram til at det å rettferdiggjere terror på denne måten var rein galskap. Det vart starten på ei sjølvransaking og ei fagleg interesse for ekstreme tankeretningar som no har resultert i boka Ekstremisme. Boka er retta mot ungdom og passar best for dei som er 15 år og eldre, opplyser forlaget på baksida.

ALT PÅ SAME TID

Bjørkelo skriv personleg og engasjert, med blikk for absurde detaljar. Det gjer han til ein sympatisk, men nokre gongar irriterande forteljar. Han har nemleg ein litt slitsam tendens til å skrive om alt på same tid.

Kva er så ekstremisme ifølgje Bjørkelo? Han skriv at han synest det er vanskeleg å svare. Kva som er ekstremt, er avhengig av samanhengen. Han endar opp med å presentere ein laus definisjon der ekstremisme er å gå inn for ei gjennomgripande forandring av verda og i tillegg ha vilje til å bruke vald for å få gjennomslag for si politiske sak. Bjørkelo gjer ikkje fenomenet ekstremisme til noko eintydig vondt for sine unge lesarar. Han viser at det samtida reknar som galskap, kan ettertida kome til å sjå på som framsteg. Han skriv at også den franske revolusjonen kan reknast som ekstremistisk. Tankane om fridom, likskap og brorskap var i 1889 eit radikalt brot med den rådande samfunnsordenen. Dei revolusjonære var villige til å ta i bruk politisk motivert vald for å oppnå måla sine.

Boka er delt inn i korte kapittel der Bjørkelo fortel om ekstremisme som fenomen og deretter presenterer ekstremismens tre hovudformer: høgreekstremisme, venstreekstremisme og religiøs ekstremisme. Oppsettet ser ut til å vere inspirert av historieprofessor Øystein Sørensens inndeling i boka Drømmen om det fullkomne samfunn. Der analyserer Sørensen marxismen, fascismen, nazismen og islamismen som eksempel på totalitære ideologiar. Bjørkelos struktur er mindre stram enn Sørensens, og han inkluderer svært mange tankeretningar og tendensar i sin presentasjon. Han svingar mellom stort og smått, frå heile statsapparat, som under nazismen, via halvstatar som den Islamske Staten og privatpraktiserande terrorgrupper som Baader-Meinhof-banden til einskildpersonar som satanisten og nynazisten Varg Vikernes og eit par dyrevern-anarkistar som plasserte ei heimelaga brannbombe på eit McDonalds-toalett i Sverige.

 

EZRA POUND

Kristian Bjørkelo  har ein for denne lesaren litt masete tendens til å moralisere. Treng ein eigentleg slå fast at det ikkje er «ok å vere nazist»? CasaPound er ein slags ytre-høgre-variant av black block og har sitt sentrum i eit okkupert hus som dei har døypt CasaPound, i utkanten av Roma. Huset er kalla opp etter den amerikanske poeten og fascisten Ezra Pound. Bjørkelo har besøkt gruppa og huset og fortel at dei har ein stor krins av sympatisørar. Med sitt trena blikk for det absurde skildrar han huset, den krigsglorifiserande kunsten på veggene og dei unge mennene han møter. Men så er det slutt. Fascistane kjem knapt til orde. Dei få av utsegnene deira som har fått plass, blir straks kommenterte. Bjørkelo veit at dei har ein dobbel agenda, dei meiner noko anna enn det dei seier, og dei prøver berre å ufarleggjere dei ekstreme synspunkta sine. Det er ikkje det at eg tviler på at Bjørkelos analyse har noko for seg, men som lesar skulle eg gjerne ha hatt meir om møtet med fascistane og mindre om Bjørkelos fordømming av dei.

Då eg fekk boka mellom hendene, hadde eg ei slags implisitt forventning om at den kom til å handle mykje om islam. Men den gjer ikkje det. Forfattaren viser i staden korleis ekstremismen har dukka opp i alle religionar til alle tider. Det er både prisverdig og opplysande å vise at religiøs ekstremisme strekker seg langt ut over religionen islam. Det er også mogleg å argumentere for at ekstremismen hos muslimar er tilstrekkeleg belyst i den norske offentlegheita, men Bjørkelo gjer ikkje det. For min del synest eg han treffer litt på sida av planken når hovudeksempelet på religiøs ekstremisme handlar er den amerikanske New Age-sekta The Peoples Temples kollektive sjølvmord i 1978.

 

BISARRE ANEKDOTAR

Forfattaren skriv i ein lett tone som eg trur kan fange dei unge lesarane han siktar mot.  Samstundes trur eg dei mange eksempla frå dei siste tretti åra som Bjørkelo krydrar historia si så raust med, vil gjere det litt vanskeleg for dei å henge med.  Sjølv synest eg boka kunne ha hatt godt av ein noko strammare struktur og ein tydelegare analyse, og at den tidvis får preg av å vere ei samling bisarre anekdotar.

Bjørkelo har ei fin evne til å undre seg og til å ikkje ta ting for gitt. Men eg stussar litt over den samanhengen han hevdar finst mellom ekstremisme og valdsbruk. Eg saknar rett og slett fleire ledd i argumentasjonsrekka hans. Det ser ut til at han meiner at det i ekstreme meiningar ligg ei implisitt oppmoding til å bruke vald. Han skriv om korleis politiske forbrytarar dehumaniserer offera sine. «Først ved ord og symbolske gjeringar, og så følgjer gjerne overgrepsgjeringa naturleg etter. Dette er årsaka til at vi har lovverk som gjev høve til å reagere mot rasistiske og nedsettande omtaler av menneskegrupper.»

Den som hugsar debatten om bloggaren Fjordman og hans påverknad på og eventuelle medansvar for Anders Behring Breiviks terror 22. juli , veit at Bjørkelos synspunkt er omstridd. Den dåverande AUF-leiaren Eskil Pedersens omgrep ytringsansvar møtte mykje motbør og klarte i liten grad å etablere seg. Eg synest Kristian Bjørkelo burde utdjupa synspunkta sine i staden for å fastslå. I presentasjonen av forfattaren skriv forlaget at han er samfunnsdebattant. Det hadde vore interessant om han ville argumentere for samanhengen mellom ekstreme synspunkt og politisk vald ein annan stad.

Astrid Sverresdotter Dypvik (38) er journalist og forfatter