Hulda - fremhevet bilde

Forfattar Arnhild Skre har ikkje teke høgd for at ho sjølv og den ho skriv om i det aller meste er grunnleggande ulike.

Biografiar har ein tendens til å gjera alle like. Sjølve sjangeren ber i seg så sterk styring at det kan viska ut nettopp det som er grunnen til at eit menneske fortener å få livet sitt skriftfesta og samla mellom stive permar.

I mursteinsverket ”Hulda Garborg. Nasjonal strateg” følgjer kulturjournalisten Arnhild Skre det vante sporet frå hovudpersonen blei fødd på Hedmark i 1862, via Kristiania, Østerdalen, Tyskland, Italia, Frankrike, Færøyane og Island, med forfattarskap, grunnlegging av Det Norske Teatret og oppnying av norsk mat-, drakt- og dansetradisjon, til ho døde i 1934 og fekk sin endelege kvilestad attmed ektemannen i gravhaugen i Knudaheio på Jæren.

Arnhild Skre: ”Hulda Garborg. Nasjonal strateg” Samlaget 2011

Alle er einige om at dei sosioøkonomiske forholda i barndommen er avgjerande for korleis eit menneskeliv utviklar seg, og Skre går grundig inn på korleis nedgangstida i jordbruket på 1860-talet førte til vanskar i ekteskapet for foreldra til Hulda. Etter skilsmissa måtte mora tena til levemåten med å sy for folk. Men skilsmissebarnet var ikkje verre stilt enn at ho gjekk på skulen hos ein idealistisk lærar som nærast dreiv ein slags Steinerskule, der elevane skulle utvikla intuisjon framfor analytisk evne. Særleg til utdanning fekk Hulda likevel ikkje, og livnærte seg gjennom ungdomstida med å stå på butikk. I fritida gjekk ho i arbeidarsamfunnet, der ho utvikla seg til ein oppglødd tilhengar av nasjonalt sjølvstende.

Han opna verda for henne
Den beste delen av denne biografien er den som handlar om då Hulda la seg etter den kontroversielle forfattaren Arne Garborg og levde saman med han på Kolbotn-hytta og i utlandet. Trass i at ekteskapet kunne vera både anstrengande og audmykjande, opna han verda for henne. På Kolbotn fekk ho prøva ut eit liv i pakt med naturen. I Tyskland kom ho inn i ein krins av bohemar som dyrka nietzscheansk vitalisme. Ho blei kjend med framståande kulturpersonar som Lou Andreas-Salomé, og omsette hennar verk om Ibsen-kvinner til dansk-norsk.

Sentralt i denne krinsen sto det tyske livsstilsprogrammet Lebensreform. Det danna grunnlaget for det arbeidet med mat og helse som seinare blei ei av merkevarene til Hulda Garborg. Sjølv om trua på naturen hadde fått ein knekk då Østerdalen blei råka av ein livsfarleg difteriepidemi, var ho framleis overtydd om at det enkle var det beste. Men ho dreiv det aldri til slik fanatisme som den legen som kravde at den halvtanna år gamle sonen skulle greia seg på tynn mjølkeblanding. Barnet blei berga frå sveltedøden ved at Hulda overtalte mora til å gi det skikkeleg mat bak ryggen på faren.

På den måten blei alle fornøgde, barnet fordi det fekk leva og faren fordi han trudde det var på grunn av dietten hans. Men ulempa med slikt kvinneleg diplomati er at tullebukkane får stadfesta vrangforestillingane sine. Det lèt heller ikkje til at Hulda nokon gong konfronterte Arne Garborg med at han hadde rota seg bort i sine eigne tankebanar.

Arnhild Skre viser med mild humor korleis han blanda dei personlege konfliktane sine saman med allmenne samfunnsproblem. Han ville vekk frå den evige norske politiske kranglinga, sa han, men tok det ikkje inn over seg at han sjølv ”bidrog flittig til desse kranglane”. Denne sjukleg nervøse diktaren kunne likevel brukast som maskulint idol for andre menn. Den svenske forfattaren Ola Hansson såg ein robust germansk bonde i han, og samanlikna han med sjølve Tronfjellet.

Bohemen
Hulda hadde òg lett for å drøyma seg inn i urealistiske idealtilstandar. Men ho var like løysningsorientert som ho var romantisk, og åra i utlandet gjorde henne verdsvand og sjølvsikker. Ho leverte bokmeldingar til Verdens Gang og skreiv drama som blei oppførte på Kristiania-scenene. I 1992 debuterte ho som romanforfattar med ”Et frit Forhold”, ei galgenhumoristisk forføringshistorie fortald ut frå eit naturalistisk undergangsperspektiv.

Ektemannen oppmuntra henne i skrivinga. Elles markerte han seg for det meste med syting og klaging. Han repeterte dei dårlege sidene til far sin, skriv Skre, og kunne i same slengen gjerne gått nærare inn på Hulda sitt forhold til sin eigen far. Sidan han på mange vis levde ut Nietzsches idé om overmennesket, er han ein nøkkel til dei sidene ved henne som det elles er vanskeleg å få til å stemma. Men sjølv om biografien gjer utførleg greie for korleis han dominerte i familien, blir han ikkje dregen inn for å forklara det svermeriet for sterke menn som kjem til uttrykk i skodespelet ”Liti Kjersti” (1903) og romanen ”Kvinden skabt af Manden” (1904).

Utpå 1890-talet skjedde ei avgjerande endring med Hulda Garborg: Ho skifta om frå bohem til samfunnsstøtte. Det var i dei følgjande åra at ho bygde seg opp til det gigantiske kulturforetaket med bunader, folkedans og nynorskteater som gir dekning for å kalla henne ein nasjonal strateg.

Biografien dabbar av
Kan henda er det fordi denne perioden inneheld mindre av lett gjenkjenneleg kvinneerfaring at biografien dabbar noko av her. For trass i omfattande kjeldegransking har ikkje biografen festa seg ved det materialet som fortel om den merkverdige energien til Hulda Garborg.

Det er sikkert sant at ho ofte var trist og lei seg som barn, men det hadde vore fint om det òg var blitt spandert nokre ord på den viltre uteleiken som førte til at jentungen støtt reiv sund kjolane sine. Og sidan det er det musiske som er drivkrafta i den nasjonale strategien hennar, kunne noko av detaljrikdomen kring mindre viktige småhendingar vore ofra til fordel for eit kapittel om spelemenn og dansefestar. For utan dette bakgrunnsstoffet blir folkedansprosjektet hengande i lause lufta. Og når Skre skriv at den unge Hulda dansa som ”ei valkyrje” midt på golvet, men ikkje kven ho dansa med, kva slags dans dei dansa og kven som spelte til, må lesarar som er oppvaksne med diskotek få inntrykk av at folk dansa kvar for seg og at musikken kom frå ein maskin.

I moden alder drog Hulda Garborg fleire gonger til Færøyane for å studera den tradisjonsrike songdansen der, og Skre nemner at ho samanlikna han med grindadrap, den lokale kvalfangsten, fordi ein blei vill av han. Det opnar likevel ikkje for ei djupare utforsking av dionysisk livsglede. Ferda til Island i 1903 blir klassifisert som eit mislykka forsøk på å samla folkloristisk materiale, trass i at Hulda etter eiga utsegn reiste dit for å kjøpa ei slik ”edderdunsdyne” som ho hadde sove under på eit overnattingsbesøk i barndommen på Hedmark. Denne dyna var ein gong blitt gitt i gåve frå ein mann til ei kvinne som teikn på evig kjærleik, og sjølv om Hulda hadde avfunne seg med at slik ein mann kom ho aldri til å få, kunne ho i alle fall skaffa seg ei slik dyne. Ho rei i dagevis på islandshest for å koma dit ærdunsdynene var til sals, men då ho endeleg kom fram, var ho blitt så forelska i hesten at ho ville heller kjøpa den. På det tidspunktet hadde ho dessverre brukt opp pengane sine, og kom heim utan verken dyne eller hest, men med auka sans for dei verkelege verdiane i livet.

Biografien får heller ikkje fram den humoren og ertinga i ekteskapet med Arne Garborg som ho sjølv fortel om, som at ho brukte å kitla han, endå han hata å le. Og når Skre kritiserer bruken av melankolske foto i den offentlege presentasjonen av Hulda, og påstår at det finst mange som viser henne frå ei muntrare side, er det underleg at det står eit gravalvorleg bilde på bokomslaget.

For dei som først og fremst er ute etter å vita kva Hulda Garborg dreiv på med frå år til år, kva kontaktar ho hadde og kva folk syntest om henne, er dette eit solid verk. Men på same vis som biografisjangeren set grenser for kva som kan forteljast, er ein kvar forfattar avgrensa av sine eigne erfaringsrammer. Arnhild Skre har ikkje teke høgd for at ho sjølv og den ho skriv om i det aller meste er grunnleggande ulike. Felles kvinnekjensler hjelper nok eit stykke på veg, og kunnskap om økonomi og litteratur er aldri bortkasta. Men overfor ei musisk kraft som Hulda Garborg trengst det røynsle med dans.

(I papirutgaven av denne anmeldelsen i Prosa nr. 6 / 11 har dessverre siste setning falt ut. Vi beklager dette).