Språkportrettet

17.04.2018

Det Norske Akademis ordbok fyller eit hol i ordbokhylla. Men det er framleis nokre gliper her og der.

Til dei som er forskrekka over at Prosa har sett ein nynorsking til å melda ei bokmålsordbok (eg veit at de finst!), vil eg skunda meg å seia at denne ordboka kan gagna og gle alle som interesserer seg for norsk språk og litteratur. Med Det Norske Akademis ordbok (NAOB) har det norske språksamfunnet fått noko nytt og etterlengta: ei stor, deskriptiv og moderne ordbok over riksmålet og bokmålet, breiddfull av sitat som viser korleis orda har vore nytta dei siste 200 åra.

Eg kan for ordens skuld opplysa at eg ikkje er leksikograf, men derimot ein relativt garva ordboksbrukar. Sidan NAOB fyrst og fremst retter seg mot «det alminnelige publikum»1, kjem eg til å drøfta ordboka ut frå eit ålment brukarperspektiv. Korleis er det å bruka NAOB? Og kva kan me bruka henne til?

Men fyrst nokre grunnleggjande fakta.

INN I ORDBOKSKOGEN

NAOB byggjer på Norsk Riksmålsordbok, eit verk som vart påbyrja i 1922 og utgjeve i fire band i perioden 1937–57. Utgjevar den gongen var Riksmålsvernet, eit sakkunnig organ i riksmålsrørsla. I 1981 vart Riksmålsvernet innlema i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur (før 2013: Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur), som då tok over ansvaret for ordboka.

Akademiet vart skipa i 1953 «til vern om det norske riksmål og dets litteratur og til fremme av et fritt og allsidig åndsliv i Norge», og institusjonen har i over 60 år vore normeringsorgan for riksmålet.2 Ordboksarbeid er såleis ei sentral oppgåve. I samarbeid med Kunnskapsforlaget har Akademiet gjeve ut to tilleggsband til Norsk Riksmålsordbok (1995) og ei rekkje eittbandsordbøker, til dømes Riksmålsordboken (1977). Dessutan normerer og godkjenner Akademiet Riksmålsordlisten (8. utg. 2015), som Riksmålsforbundet gjev ut.

Me kan seia at NAOB både er eit brot med og eit framhald av Norsk Riksmålsordbok. Den nye ordboka skil seg frå forgjengaren når det gjeld redaksjonsspråk (dvs. det språket som er nytta i definisjonar, merknader og liknande, og som hovudoppslagsorda er normerte etter): Dei fire fyrste banda av Norsk Riksmålsordbok fylgjer 1917-rettskrivinga, tilleggsbanda frå 1995 fylgjer riksmålnormalen som galdt då, og NAOB har moderat bokmål som redaksjonsspråk. Like fullt heng NAOB i hop med Norsk Riksmålsordbok: Mykje av innhaldet frå den gamle ordboka har fått vera med vidare, men verket er omarbeidt og utvida og ligg no føre i ei innbydande digital utgåve.

Dersom ordboka hadde kome ut i bokform, hadde dei om lag 225 000 ordartiklane vore komprimerte (med forkortingar både her og der) og plasserte tett i tett i tolv band. Digitale NAOB har luftige og oversiktlege artiklar – og mange fine søkjefunksjonar.

LEIK OG LÆR

Dimed er me over på bruksmåtane, og her er det vel berre fantasien som set grenser. Og formatet, kunne me seia. Eg veit at det finst folk som har nytta Norsk etymologisk ordbok (2013) som syltepresse, og slikt kan me naturleg nok ikkje bruka NAOB til. Derimot fungerer ordboka godt som tidtrøyte. Om du har litt ledig tid å slå i hel, er det berre å surfa i veg på naob.no. Du kan gjera nokre vilkårlege søk og la ordboka og assosiasjonane føra deg vidare, eller du kan haka av for fritekstsøk og leita etter spesifikke forfattarar, bøker, aviser, skrivemåtar og liknande.

Men det er ikkje støtt me har tid eller lyst til å søkja rundt på måfå. Stundom lurer me faktisk på noko. Dersom du høyrer kidsa prata om at dei har tæsja, snitcha og baila, og du ikkje skjønar noko av det, kan du slå opp i NAOB og bli klok. Eller kanskje du sit og les Ibsen og undrast på kva han meiner med belesprit. NAOB har svaret: bel-esprit ‘skjønnånd’. Sjølv slår eg ofte opp i denne ordboka når eg samlar stoff til språkspalta mi i Dag og Tid. I NAOB finn eg ord og uttrykk som ikkje er oppførte andre stader.

Til liks med mange andre digitale ordbøker opnar NAOB for at me kan gjera avanserte søk ved hjelp av jokerteikn. Søk på ma?e gjev treff på mage, make, male, mane, mase og så bortetter. Søk på kjepp* gjev treff på alle ord som byrjar på kjepp-, og søk på *hest gjev treff på alle ord som sluttar på -hest.

DOKUMENTASJONEN

Dei fleste artiklane i NAOB inneheld opplysningar om etymologi (ordhistorie) og uttale. Dei etymologiske utgreiingane har fått noko merksemd og kritikk allereie, mellom anna i eit oppslag i Dag og Tid 19. januar.3 Kritikken går hovudsakleg ut på at NAOB i mange tilfelle opplyser at orda kjem frå norrønt, når dei i røynda er komne inn i riksmål og bokmål frå dansk. (Tvilstilfelle finst, sjølvsagt, men eg går ikkje nærmare inn på det her.) Ein føremon ved NAOB er at ho inneheld og greier ut om ord som ikkje står i dei norske etymologiske ordbøkene.

Når det gjeld uttaleopplysningane, har eg så langt hatt mest bruk for dei som viser uttalen av framandord. Merk elles at NAOB ikkje fører opp alle uttaleformer eit ord kan ha, men «anbefaler den formen vi finner mest rimelig ut fra gjengs bruk».4 Den som vil sjå korleis eit ord har blitt og blir uttala i norske dialektar, må slå opp i Norsk OrdbokOrdbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet.

Men sjølve indrefileten i NAOB er sjølvsagt sitata frå norsk litteratur, presse og andre publikasjonar. Conrad Nicolai Schwach (fødd i 1793) er den eldste forfattaren som er sitert, og den yngste er Maria Navarro Skaranger (fødd i 1994). Sitata er attgjevne i original form, med stort spenn i stilar og stavemåtar. Her møter me både Camilla Collett og Per Petterson, Arne Garborg og Frode Øverli, Fridtjof Nansen og Ingvild Rishøi, Knud Knudsen og Gerd Brantenberg, Bibelen og lokalaviser.

Sidan NAOB er ei deskriptiv ordbok, altså ei ordbok som dokumenterer og skildrar ordbruk, inneheld ho sitat som ikkje samsvarar med reglane for korrekt språk. Til dømes bryt Maria Navarro Skaranger reglane for verbplassering: «wollah, han alltid skal ødelegge for meg» (frå Alle utlendinger har lukka gardiner, 2015). Og Helene Guåker skriv utanfor bokmålsnorma: «det [var] ikke snakk om at jeg sku ta noen tunge løft eller gjøra noe mannfolkarbeid» (frå Kjør!, 2010, mine uthevingar).

NAOB inneheld òg ord som er omstridde, men like fullt i bruk, til dømes pronomenet hen og personnemningar som neger og sigøyner. Dei to sistnemnde – og ei rekkje andre ord – er utstyrte med ein merknad om at dei kan bli oppfatta som støytande eller nedsetjande. Dette er vanleg praksis og heilt greitt, men det er alltids mogleg å diskutera handsaminga av slike ord. Til dømes: Korleis avgjer redaksjonen om eit ord skal merkast som nedsetjande eller støytande (eller båe)?5

DEI SKJØNNE TEKSTENE

Så vidt eg kan sjå, har ikkje redaksjonen lagt ut nokon statistikk over korleis sjangrar og teksttypar er representerte. Men eg tok nokre stikkprøver: Eg såg gjennom artiklane til ti frekvente ord (selv, blå, syn, vei, sove, , lov (‘rettsregel’), stol, liten, slå) og såg snøgt at dei skjønnlitterære sitata er i fleirtal.

Det blir kanskje for drygt å seia at NAOB har ei skjønnlitterær slagside, men me kan trygt slå fast at dei store forfattarane og skribentane får breia seg mest. På sine eigne nettsider skriv Akademiet beint fram at NAOB er eit dokumenterande ordboksverk «for det nasjonale flertallsspråket bokmål/riksmål, slik det har vært skrevet og skrives av våre fremste språkbrukere fra attenhundretallet frem til idag».6 Ei slik prioritering er grei nok: Det finst enorme mengder tekst på riksmål og bokmål, og redaksjonen har vore nøydd til å gjera eit utval.

Men det er inga naturlov som seier at ei deskriptiv ordbok skal leggja mest vekt på å visa fram dei «beste» eller «viktigaste» tekstene. Å dokumentera all bruk av eit skriftmål er sjølvsagt umogleg – då måtte me ha fått tilgang til møtereferat frå syklubben, tekstmeldingar, hyttebøker og jolebrev. Men eit solid, dokumenterande ordboksverk som i full breidd dekkjer bruken av eit språk, må basera seg på eit mangfald av tekster.

No kan det vel henda at Akademiet meiner at NAOB faktisk dekkjer riksmålet og bokmålet svært godt. I eit innlegg i Klassekampen 19.04.13 skriv John Ole Askedal (NAOB-styret) og Nils Heyerdahl (preses i Akademiet) at NAOB «har eksempelmateriale som illustrerer [alt av] norsk skriftspråk som ikke er nynorsk, i hele sin bredde».7 Eg er kanskje vrang no, men er det mogleg å basera seg på tekster «av våre fremste språkbrukere» og samstundes illustrera eit skriftspråk i full breidd?

DIAKRON SAMTIDSBOK

Lat oss så flytta merksemda frå breidda og over til lengda: I rettleiinga for NAOB får me vita at ho er ei diakron samtidsordbok. Omgrep som diakron, synkron og samtidsspråk er vanskelege å avgrensa, men hovudsaka her er at NAOB skildrar språket gjennom eit relativt langt tidsrom, frå 1830-åra og heilt fram til i dag.8

På den tida rekk ordtilfanget å endra seg mykje. Nokre ord får nye tydingar og funksjonar eller går ut or bruk, og nye ord og vendingar kjem til. I NAOB finn me både forelda ord som forholdsform (‘kasus’), geberdesprog (‘teiknspråk’) og nakkegrube (‘nakkegrop’), og me finn nykomlingar som nettbrett og fremsnakke. Det har dessutan vorte vanleg å bruka bare som «introduksjonsord», noko NAOB har fanga opp og gjev døme på: «litt seinere ringte Yosef, og jeg bare ‘hva er det her for noe’. Og han bare ‘det er meg, ass, og vi er hypp på å ha deg med på session’» (Klassekampen 29.12.2012/29).

Dersom redaksjonen får høve til å vidareutvikla ordboka, ynskjer eg meg ein snarveg mellom dei stutte referansane i ordartikkelen og dei fulle referansane i litteraturlista. Anten slik at me kan klikka på referansen og landa på rett stad i litteraturlista, eller – som i nettutgåva av Norsk Ordbok – at me kan halda musepeikaren over den stutte referansen og få opp «heile remsa». Det fungerer fint slik det er no òg, men om du til dømes vil sjekka utgjevingsår for dei litterære sitata, er det nesten meir freistande å googla det enn å byrja leita i litteraturlista. Ja, slik har det vorte!

UJAMT DEKT

Det andre eg har sakna (eller ikkje har greitt å finna), er ei rettleiande tekst som fortel korleis ordartiklane er strukturerte. I eit intervju på sidene til Riksmålsforbundet kjem det fram at ordartiklane i NAOB har kronologi som ordningsprinsipp, altså at den eldste tydinga kjem fyrst og den yngste til sist.9 Ikkje alle diakrone ordbøker er organiserte slik, så dette er relevant informasjon for ordboksbrukarane.

Eit større problem er at det siste hundreåret er ujamt dekt. NAOBs eigen statistikk viser at det finst mange sitat frå dei fyrste og siste tiåra av 1900-talet, men relativt få frå tidsrommet 1921–1980.10 Det kan vera praktiske årsaker til denne skeivskapen, til dømes at Leksikografisk bokmålskorpus – ei viktig kjelde for NAOB – berre inneheld tekster frå 1985 og frametter. Men det ser jo ikkje heilt bra ut: Ein riksmålsinstitusjon gjev ut ei deskriptiv ordbok der «samnorskperioden» er dårleg dekt.

Dimed er me over på den sida av NAOB som har vekt mest debatt: det redaksjonelle språket og oppføringa av bøyingsformer. Ordboka har som nemnt moderat bokmål som redaksjonsspråk, det vil seia eit bokmål som ligg nær riksmål. Dersom me søkjer opp former som bein og jamn, kjem me ofte til ein tilvisingsartikkel som sender oss vidare til den «ordentlege» artikkelen (under oppslagsorda ben og jevn).

NAOB fører opp bøying til dei orda som kan bøyast, og her har redaksjonen gått for ei stram norm. Former som boka, sola, dama, prata og svevde er ikkje oppførte: Ordboka tilrår boken (osb.), pratet og svevet. Nokre substantiv får a-ending i bunden form eintal, og størsteparten av desse orda har med natur og landbruk å gjera: heia, høna, kjerringa, merra, møkka. Apropos møkk: Under verbet drite fører NAOB opp ei (for så vidt frekvent) form som ikkje finst i bokmålsrettskrivinga. I det offisielle bokmålet heiter det «har dritt el dritet», medan NAOB fører opp «har driti el dritet».

NAOB-norma har òg nokre andre trekk sams med riksmålsnorma. Til dømes er dei såkalla orddublettane til stades: ulike former av same ord, ofte med litt ulik valør. André Bjerke tok inn ein del slike former då han var hovudredaktør for Riksmålsordlisten (1963). Ikkje alle sette pris på det, men slik vart det – og slik er det i NAOB. Det heiter gråstein, men edelsten (rett nok er edelstein oppført som variant). I tilfellet stein/sten gjer NAOB greie for tydingsnyansane, andre gonger får me inga forklåring på formskiftet. Kvifor heiter det grøt, men grautmål?

FRAM MED OPPLYSNINGANE

Problemet er likevel ikkje at NAOB har ei norm, men at NAOB kan bli oppfatta som ei rettskrivingsordbok. Vel å merka står det i dei rettleiande tekstene at NAOB ikkje syner heile breidda i bokmålsrettskrivinga, men slik det er no, må ordboksbrukarane aktivt leita opp denne informasjonen.

Lat oss sjå korleis den andre norske, deskriptive ordboka har løyst dette. I nettutgåva av Norsk Ordbok står det, like under søkefeltet: «Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk. Oppdatert informasjon om gjeldande skrivemåtar og bøyingsformer av ord er tilgjengeleg i Nynorskordboka [lenkje direkte til ordboka].» I skrivande stund (04.03.18) er ikkje NAOB utstyrt med ein like synleg og tydeleg merknad. Dersom Det Norske Akademi for Språk og Litteratur – ein språkpolitisk aktør med sterke meiningar om bokmålsnorma – ikkje seier klårt nok ifrå om dette, er det lett å mistenkja institusjonen for uærleg spel: Har dei som mål å skildra samtidsspråket eller å skubba det i ei viss retning?

Føremonen med digitale ordbøker er at det er lett å oppdatera og vidareutvikla dei. Men det kostar pengar, og NAOB har ikkje fått midlar til vidare drift.11 Det har lenge vore arbeidt med eit anna stort prosjekt, Bokmålets og Riksmålets Ordboksverk (BRO), men der òg er det skort på pengar.12 Arbeidet med å skildra riksmålet og bokmålet bør sjølvsagt halda fram, så me får eit fullgodt bilete av utviklinga på 1900-talet – og det hadde vore bra om tida før 1814 òg vart inkludert, for dansk skrive i Noreg er ikkje tilfredsstillande dekt i danske ordbøker.13 I mellomtida kan me boltra oss i NAOB. Det er ein god start.

Kristin Fridtun (30) er språkvitar og forfattar.

1 Sjå detnorskeakademi.no > Om Akademiet > Virksomhet [Henta 04.03.18]

2 Sjå detnorskeakademi.no > Om Akademiet > Historie [Henta 04.03.18]

3 Dag og Tid 19.01.18: «Den språklege tilsløringa». Eg kan for ordens skuld nemna at eg sjølv er eit av intervjuobjekta.

4 Sjå naob.no > Veiledning > Uttale [Henta 04.03.18]

5 For ei drøfting av korleis sensitive ord har vore handsama i ordbøker, sjå Oddrun Grønviks artikkel «Er det stygt å seie neger? Om konnotasjonar, bruksmarkering og nemne for folkegrupper» i LexicoNordica 9/2002 (tilgjengeleg på nett).

6 Sjå detnorskeakademi.no > Om Akademiet > Virksomhet [Henta 04.03.18]

7 Innlegget («De nasjonale ordboksverk») er òg lagt ut på heimesida til Akademiet. (Men med feil dato: Innlegget stod på trykk 19.04.13, ikkje 13.04.13.)

8 Leksikograf Lars S. Vikør har drøfta desse omgrepa i artikkelen «Dei diakrone aspekta ved Norsk Riksmålsordbok og Norsk Ordbok» i LexicoNordica 13/2006 (tilgjengeleg på nett).

9 «NAOB: Slik blir nasjonalordboken til» (14.07.15) på riksmalsforbundet.no.

10 Statistikken står nedst på denne sida: https://www.naob.no/om

11 Sjå t.d. Dagsavisen 26.01.18: «Mangler midler til oppdatering». Heller ikkje Norsk Ordbok har fått driftsstøtte.

12 «BRO: Et ordboksprosjekt i verdensklasse» (11.09.17) på riksmalsforbundet.no.

13 Ideen om å gå lenger tilbake enn 1814 har vore lufta tidlegare, sjå t.d. «Norsk ordbokpolitikk» punkt 3.3, notat frå Språkrådet til Kulturdepartementet 3. mars 2014, på sprakradet.no.