Arnhild skre nett

«Norsk sakprosa av høg kvalitet» Om litteraturpolitikk, kvalitetsvurdering og hegemonistrid

08.10.2019

Etter fire år i Kulturrådets vurderingsutval for sakprosa reflekterer Arnhild Skre rundt innkjøpsordninga og den debatten avslagslister igjen har utløyst.

Kulturrådets innkjøpsordning for sakprosa fylte ti år i 2018. Den har som formål «at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet».[i] Målet er udiskutabelt godt, men måten det blir forsøkt nådd på, har vore debattert, kritisert, evaluert og justert sidan ei prøveordning starta i 2005.[ii]

Ved tiårsmerket for den faste ordninga reiste det seg igjen kritiske røyster og ein debatt som framleis varer, etter at forfattaren Simen Sætre sparka han inn i 2019 med eit lengre essay i Prosa.[iii] Ordskiftet gjeld ikkje om ein skal ha ei statleg finansiert støtteordning for sakprosaen, men om potten av norske skattekroner som går til ordninga, blir forvalta godt.

Påstandar om vilkårleg forvalting av offentlege midlar er framsette, og dei må takast alvorleg. Når det er hevda at ein uheldig praksis har auka dei siste åra,[iv] er det særleg grunn til å sjå på om dette er ein rimeleg kritikk, og kva årsakene til kritikken i så fall kan vera:

Ligg dei i rammene, i utvalssamansetninga, i retningslinene for utvalet, eller finst det andre grunnar til endringar frå det føreseielege til ei usikkerheit som dei skarpaste kritikarane meiner «kan undergrave tilliten» til ordninga? Vedtaka i vurderingsutvalet for sakprosa skjer etter ukjende vurderingskriterium av ein «ansiktsløs instans», blir det hevda, og dei etterlet seg eit inntrykk av at «det er noe vedvarende galt her».[v]  I Dagsavisen er det også framsett påstandar om kvinnediskriminerande praksis i vurderingsutvalet.[vi]

Utidig kritikk
Ikkje all kritikk er nødvendig å lytta til. På Kulturrådets nettsider er det enkelt å finna ut både kven som sit i vurderingsutvalet, og retningslinene for vurderingsarbeidet, som også inneheld ei liste over vurderingskriterium. Også påstanden om kvinnediskriminering fell for ein faktasjekk. Som det går fram av vedtakslistene til utvalet på kulturradet.no, låg innkjøpsprosenten både for bøker skrivne av kvinner, biografiar om kvinner og bøker med feministisk emne over gjennomsnittet i 2018 og i tidlegare år.

Når forlagsfolk krev større predikabilitet i vedtaksprosessen fordi dei treng å kunna spå om innkjøp eller avslag før dei gjer redaksjonelle vedtak om utgjeving eller refusering, er det ein kritikk som må avvisast på prinsipielt grunnlag. Dersom kritikarpåstandane om at vedtak var føreseielege før, er sanne, er eg glad for beskjeden om at det ikkje lenger er slik.

Som dåverande leiar i Kulturrådets fagseksjon for litteratur, Arne Vestbø, sa i fjor vår, ville det ikkje vore «en ønsket utvikling dersom Kulturrådets utvalg hadde fungert som en slags statlig fagkonsulent som legger føringer for bokutgivelsene».[vii] Dette er ein hovudgrunn til at enkeltvedtak ikkje blir grunngjevne.

Budsjettkritikk
Innkjøpsordninga for sakprosa er ei selektiv ordning. Det betyr at sakprosa av høg litterær kvalitet kan kjøpast inn så langt budsjettet rekk, men ikkje lenger. Det er ingen tvil om at ein kraftig auke i påmeldingar utan tilsvarande auke i dei siste åras budsjettrammer er ei årsak til at bøker som ville blitt kjøpte inn for fire år sidan, kan få avslag nå.

Sidan prøveordninga begynte i 2005 med eit budsjett på 7 millionar skattekroner, hadde utvalet litt over det tredoble til rådvelde i fjor. Det var i utgangspunktet den same ramma som gjaldt i 2016, då det kom inn 271 søknader om innkjøp, og 86 av dei kunne innvilgast. I 2018  var søknadstalet auka til 369, ein vekst på 36 prosent. Ein viss auke viste seg alt ved halvårsskiftet, men den uventa største delen av han kom til dei to siste vurderingsmøta det året. Med ekstraordinære midlar greidde administrasjonen å justera budsjettramma slik at lista for innkjøp skulle liggja omtrent der ho hadde lege tidlegare på året, og innkjøpstalet kunne aukast til 104. Det grepet og eit venta søkjartal på 2018-nivå også i år har senka innkjøpsprosenten frå 32 prosent i 2016 til 25 prosent i 2019.

Debattane om ordninga som dei siste åra har gått i media, har begynt med kritikk av enkeltavslag, men eg har framleis ikkje sett at nokon av kritikarane peikar ut titlar som ikkje burde vore på innkjøpslista. I staden har ordskiftet enda med krav om at innkjøpsbudsjettet for ordninga må aukast. Det finst altså forståing i den litterære offentlegheita for at innkjøpsutvalet nå prioriterer strammare enn før, og at vi sist i kvart møte må gå gjennom lista over titlar «av høg kvalitet» og avslå enkelte som absolutt er gode nok, men ikkje blant dei aller beste. Skulle løyvande instansar finna på å auka den økonomiske ramma for utvalet, er det heller ikkje i framtida grunn til å frykta for kvaliteten på bøkene som blir sende til biblioteka.

Kritikk er teken til følgje
Den mangeårige offentlege og bransjeinterne debatten og kritikken om sakprosaordninga har i fleire omgangar ført til endringar i både retningsliner, praksis og budsjett.

Det kan undra at dagens mest aktive kritikarar ikkje møter når Kulturrådet kvar vår har invitert aktørane på feltet til dialogmøte. Det som der kjem av innspel, blir i stor grad teke omsyn til i justering av arbeidsmåtar og prosedyrar. Det same gjeld innspel som blei fanga opp i Slaatta-utvalets evalueringsrapport frå 2008, og i dei nye retningslinene for ordninga som blei vedtekne i 2015 etter vurderingsarbeid i Kulturrådets faglege utval for litteratur, som den gongen var leia av Anne Oterholm.[viii]

Klager frå forlagshald over uføreseieleg vedtakspraksis førte i 2015 til ei tydeleggjering av kva boksjangrar ordninga omfattar, og kva kvalitetskriterium som bør gjelda i utvalsvurderinga. Kritikk frå biblioteka førte til omlegging frå ettervurdering av ferdige bøker til førehandsvurdering av trykkeklare filer, slik at dei innkjøpte bøkene kunne komma til bibliotekhyllene medan dei var ferske. E-bøker blei inkluderte, og budsjettrammene skulle gje plass til fleire innkjøp ved at ein gjekk frå differensiert betaling til forlag og forfattar, fastsett etter utsalsprisen på boka, til ein flat betalingssats med rom for tillegg ved særleg kostnadskrevjande utgjevingar.

Samtidig blei eksemplartalet for innkjøp justert ned. «På denne måten vil man kunne kjøpe inn noen flere titler i 2015. Dette er også et lite bidrag til å øke forutsigbarheten, siden innvilningsprosenten går noe opp. Men fremdeles er det gode sakprosatitler som Kulturrådet ikke har råd til å kjøpe inn», heiter det i utvalsnotatet.

Avvikande kvalitetskriterium
Budsjettfrys og søknadsauke kan altså vera ei årsak til at det kan verka som avgjerdene i vurderingsutvalet er blitt meir vilkårlege enn tidlegare. Det er også grunn til å undersøkja om endringar i retningslinene kan gje inntrykk av at det er svakare konsekvens i vedtaksprosessen.

Det første ein kan tenkja seg, er at dei nye retningslinene for vurderingsarbeidet ikkje er godt nok kjende. Det er også mogleg at dei ikkje var ein kraftig nok medisin mot dei manglane som Oterholm-utvalet summerte opp, eller at det har teke tid å sjå verknaden.

Ei av dei viktigaste justeringane som er gjorde i vurderings- og administrasjonspraksis etter 2015-vedtaket, er svar på nettopp det behovet for ei meir føreseieleg ordning som har prega den offentlege samtalen rundt innkjøpsordninga:

Når titlar nå blir avviste av formelle årsaker, altså at dei ikkje fell inn under støtteordninga, blir dette tydelegare uttrykt i svarbrevet som forlaget får. Det er gratis å søkja om innkjøp, men det er ikkje gratis å handsama søknadene. Ein kunne brukt mange av budsjettkronene som går til ordninga, betre dersom forlag las retningslinene grundigare før dei sende søknad.

I fleire tilfelle vil det vera tvil rundt kva sjanger boka tilhøyrer, og to sjangrar har peika seg ut: I rikt fotoillustrerte bøker må det vurderast om foto eller tekst er hovudemnet for utgjevinga. Der teksten utgjer ein liten del av det samla sidetalet, og der han er både mindre forseggjord og underordna det visuelle, blir boka kategorisert som fotobok og avvist.

Ein annan boktype som har kravd særleg vurdering, er ein nokså fersk hybridsjanger der emnet høyrer til i rettleiingslitteraturen, men der rettleiinga er ikledde ei essayistisk drakt utan slik-gjer-du-lister eller andre kjenneteikn ved hand- og sjølvhjelpsbøker. Teksten vert slik ei «eg»-utforsking av korleis forfattaren sjølv har funne nyttige måtar å møta livet eller gjera ting på. Enkelte av desse utgjevingane inneheld såpass mange råd til lesaren og har såpass mange nyttebokskjenneteikn at dei må avvisast formelt, andre blir rekna som innanfor ordninga og sidan vurderte på vanleg måte.

Heilskapleg verk?
Det tredje ein kan tenkja seg som årsak til at enkelte opplever auka inkonsekvens med dei nye retningslinene, er at nokon av dei meir eksplisitte vurderingskriteria og utvalets tolking og vekting mellom dei ikkje nødvendigvis samsvarar med kvalitetstenkinga hos kritikarane.

Ein kan særleg tenkja seg at det første punktet i dei nye retningslinene har ført til slike avvik. Der blir det spurt om utgjevingane «framstår som helhetlige litterære verk», eit kriterium som gjer at utvalet må stilla heilskapskrav både til essay- og artikkelsamlingar med ein forfattar og til antologiar med fleire forfattarar. For å fylla kravet om litterær heilskap er det ikkje nok at alle tekstane tek for seg same emne eller er skrivne av same forfattar. Det må også finnast eit gjennomgåande litterært preg. Det kan vera ei samanbindande «stemme», eit felles og godt gjennomført redigeringsgrep eller ein konsekvens i teksten som gjer samlinga til ei bok. Eitt glitrande essay i ei samlinga er heller ikkje nok dersom dei andre tekstane held låg kvalitet.

Vesentleg?
Ei anna endring i vurderingsarbeidet dei siste åra har vore sterkare vekt på kriteriet om å «berike samfunnsdebatten», som kom inn i retningslinene i 2015. Utvalet skal i vurderingane sine ta vare på eit breitt utval av sakprosa. Dette og andre kvalitetskriterium i retningslinene frå 2015 opnar rikt rom for tolking og vektlegging, og det vide rommet blir nytta til fulle av utvalsmedlemmene.

I mine lesingar legg eg i dei fleste tilfelle vekt på om emnet for og problemstillinga i boka kjennest vesentleg eller mest ser ut som eit fikst påfunn. Der forfattaren er meir oppteken av å underhalda, kan også det vera ein avgjerande kvalitet dersom målet er nådd, at boka verkeleg er blitt oppslukande eller morosam.

Tek forfattaren opp aktuelle samfunnsproblem, må det vurderast om boka faktisk er eigna til å reisa debatt, eller om måten ho gjer greie for misforhold eller urett på, verken fangar interessa, vil provosera nokon eller kan føra til endring. I utvalet spør vi også kor mange bøker om same emne som trengst i biblioteka.

Tjern, tjern og atter tjern
Punkta i retningslinene for kvalitetsvurdering som nok gjev vidast rom for skjønn, er dei som omtalar tekstkvaliteten. Om boka har vore «underlagt nødvendig redaksjonelt arbeid» er enkelt å avgjera om ein berre leitar etter korrekturfeil, dårleg disponering eller manglar i utstyr, vedlegg eller faktafeil i teksten.

Men ofte sit eg også og tenkjer at forlaget burde ha gitt forfattaren meir rettleiing, til dømes ved å be om meir opne, nyanserande drøftingar der eg finn rekker av bombastiske påstandar. Endå oftare slit eg med irritasjon over slapt eller monotont språk. For mange setningar begynner med «Og», «Og», «Og». Ordet «men» blir altfor ofte brukt ureflektert. Og så kan den emnerelevante terminologien bli for monoton. I ei bok fanst det så utruleg mange «tjern» på sidene at eg i tankane måtte foreslå ei heil ordliste over vatn, vassflater, vasskantar og mellomsmå ferskvassamlingar for ikkje å sovna før boka var ferdiglesen.

Pynt eller dokumentasjon?
Slike refleksjonar høyrer også inn under vurderingspunkta «innholds- og formidlingsmessige kvaliteter» og spørsmålet om verket «innehar språklige og håndverksmessige kvaliteter». Dei gjev rom for stor variasjon i vekting og skjønnsvurderingar utvalsmedlemmene imellom, og diskusjonane rundt desse kvalitetskriteria kan bli heite, men dei er oftast lærerike. Har eg gløymt å fortelja kor spennande dette utvalsarbeidet er? Kor lærerikt og tankeutvidande det er å få den same teksten gjennomgått av fleire kompetente lesarar?

I tillegg til kriteria vesentlegheit, refleksjonsdjupne og korrekt og dynamisk språk og framstilling vil mine vurderingar av det handverksmessige ofte vektleggja etterretteleg bruk av fakta og kjelder. Dersom boka er utstyrt med referansar, kjeldelister og noteverk, undersøkjer eg om desse verkar utfyllande, om dei viser oppdatert kunnskap, tydeleggjer kva som er originalt, og fortel kvar forfattaren elles har opplysingane sine frå. Litteraturlister, kjeldelister og noteverk kan vera mangelfulle, dei kan dekka til eller avsløra det Morgenbladet-kritikar Bernhard Ellefsen har kalla «kunnskapstjuveri».[ix] Eller dei kan berre vera til pynt, eit utstyr forfattaren brukar for å gje bokarbeidet og teksten eit truverd det ikkje finst grunnlag for.

Kva tur skal «eg» på?
Å opna ei ny bok vekker alltid nysgjerrigheit. Som lesar er eg klar for bortimot kva som helst, men for å forstå kva forfattaren vil meg, må eg få beskjed om kva tur vi skal på, og det blir eit spørsmål om formidlingskvaliteten i boka. Nokre forfattarar skriv forord med problemstilling, andre leverer strukturerte innleiingskapittel, dei beste har presentert kartet og stilt kompasset for lesaren på nokre få opningsliner. Men ofte saknar eg slike opningar som stemmer lesinga og vekkjer fruktbar forventning. Bøker som går rett inn i landskapet utan å orientera lesaren, har ein mangel som kan bli tillagd vekt i totalvurderinga.

I dei stadig fleire tilfella der forfattaren plasserer eit «eg» i teksten, legg utvalet også vekt på korleis dette «eg»-et – oftast eit «jeg» – er balansert i forhold til emnet for boka. Blir «eg»-erfaringane for puslete å bry seg med i bøker med alvorlege og dramatiske hovudtema? Skuggar forfattarens «eg» for emneframstilling og formidling, eller tilfører det teksten djupne og styrke? Ofte kjennest «eg»-a for mange, eit inntrykk som er enkelt å faktasjekka når vurderinga nå skjer i filer på program med framifrå søkjefunksjon.

Overtramp og jubel
Eit av kvalitetskriteria som retningslinene ikkje foreslår vurdert, er etikk, og veginga av den etiske standarden er blant dei mange aspekta som vil variera etter kven som les. Skal ein dømma etter utvalsdiskusjonane dei siste fire åra, er ikkje etiske overtramp særleg hyppige i norsk sakprosa. Men det har vore tilfelle der utvalet opplever at omsynet til barn og andre nære familiemedlemmer er for dårleg ivareteke. Omfattande, nærgåande og det vi ser som dårleg rettferdiggjord omtale av kjenslene til andre menneske og svært private forhold utan uttrykt samtykke, har vippa diskusjonar frå innkjøp til avslag.

Originalitet er heller ikkje eit kriterium som retningslinene foreslår. I Sætres Prosa-artikkel er avslaget av Alfred Fidjestøls Nesten menneske, biografien om apen Julius, omtalt på ein måte som gjev inntrykk av at sjangerbrot kan føra til avslag.[x] Mine erfaringar er dei tvert motsette. Både eg og andre utvalsmedlemmer har heia fram konvensjonsbrot når vi har sett at dei kjem etter medvitne val hos forfattarar som evnar å gjennomføra nyskapinga si på framifrå vis.

Ei slik positiv haldning til bøker utanfor dei litterære allfarvegane er i tråd med den opphavelege intensjonen bak ordninga, som var å sørgja for at essayistikk fann ein «heim» i støttesystemet. Den er også i tråd med gjeldande litteraturpolitiske formuleringar om «å ivareta norsk språk og litteratur».[xi] Norsk språk og litteratur vil døy utan brot og dristig fornying.

Den menneskelege faktoren
I Prosa-essayet lengtar Simen Sætres «jeg» etter ein vurderingspresisjon av sakprosa som kan samanliknast med rangeringane i sportsverda.[xii] Ein kan vel laga prisar for lengste, høgaste, smalaste eller raskast skrivne bok, og rangeringslister for sal har vi alt. Men for vurdering av litterær kvalitet finst det ingen kvantitative metodar. Sjølvsagt set budsjett og retningsliner rammene, men i dei endelege avvegingane er ein prisgitt skjønnet til enkeltpersonar, juryar og innkjøpsutval og dermed alltid eit element av variasjon frå jury til jury, frå utval til utval, frå person til person.

Sensasjonsprega konspirasjonsteoriar må gjerne spinnast rundt enkeltpersonars interesser eller kjensler som forklaringsfaktor bak enkeltavgjerder eller avgjerdsprofilar, men i innkjøpsutvalet framstår slike som fiksjon når dei blir sjekka mot fakta.

At eit utval eller ein komité kan utvikla det tidlegare utvalsleiar Marius Wulfsberg kallar «en smak, en profil som gjør at den vekter kriterier på sin måte», er eg samd i, men noka unison stemme har utvalet ikkje.[xiii] Ein tittel får aldri vedtak basert på lesinga til ein person, vi er alltid minst to som les grundig og totalt tre–fem som skaffar seg kjennskap til boka. Blir ikkje dei to hovudlesarane samde, les ein tredje boka grundig. I så å seia kvart utvalsmøte finst det ein slik grad av usemje i vurderinga av ein eller fleire titlar. Den variasjonen frå person til person som finst i kvalitetsvurdering av sakprosa, avspeglar seg også i utvalet.

I den perioden der kritikarar påstår at uheldig praksis har utvikla seg, har ti ulike lesarar vurdert søknadslistene. Ingen av desse har vore hovudlesar ved alle dei avslaga som har vekt kritikk. Ingen av dagens utvalsmedlemmer har fungert i heile denne perioden. Fire av dagens medlemmer kom inn for mellom eit halvt og halvtanna år sidan. Den eine som har sete lenger, er eg, som kom inn midtårs i 2015 og ved nyttår går ut av utvalet etter fullgått tid. Å leita etter årsaker til endra vedtaksprofil i enkeltpersonars skjønnsutøving synest med andre ord fåfengt.

Vennskap og «vennskap»
Det blir ropt opp om at ein i utvalet kan sitja og vurdera bøker skrivne av «venner». Slik oppstandelse må byggja på ein platt definisjon av «vennskap». Som dei fleste veit, rommar ordet så stor variasjon i grader av nærleik og distanse at det er ubrukeleg åleine. Kulturrådets reglement for habilitet opererer med andre kategoriar, der også sterkt uvennskap har ein plass.

I innkjøpsutvalet skal potensiell inhabilitet meldast inn før leselistene blir endeleg sette opp. Opplysningane blir så vurderte etter Kulturrådets habilitetsreglement.[xiv] Ved enkel inhabilitet går den inhabile ut under behandlinga av denne søknaden. I dei tilfella der ein utvalsmedlem har ei eller anna opphavsrolle og derfor er inhabil, skjer behandlinga i utvalsmøte der den inhabile ikkje møter.

Ein person eg møter ein gong i året på ein fest med femti gjester og elles berre gjev ein sjeldan klem, kan nokon kalla min «venn», men ein slik kontakt kvalifiserer ikkje til inhabilitet. Nært slektskap gjer det alltid. Mellom desse ytterpunkta finst det grader som administrasjonen vurderer, om nødvendig med bistand frå jurist.

Det saklitterære buzzet
I sakprosakrinsar summar det eit buzz rundt titlar som blir melde i media eller blir prisnominerte, rundt enkelte innkjøpsavslag og nokre få utgjevingar elles. Nokså raskt etter utgjevinga, av og til også før, kan snakket som spinn rundt boka, få meir å seia for oppfatninga av henne enn sjølve bokteksten.

Stadig færre sakprosabøker blir melde i media, og stadig færre kritikarar melder kvar bok. Samtidig aukar talet på uhøgtidelege Facebook-omtalar frå ikkje alltid like habile folk som faktisk har lese boka. Uansett habilitets-, kompetanse- og seriøsitetsnivået hjå omtalaren påverkar lesarytringane om ei bok meiningsdanninga blant dei som ikkje les. Det same gjer samtalar med dei ein brukar å vera samd med, eller gjerne vil vera samd med. Og så er det sjølvsagt praten på lanseringstilstellingar, hagefestar og andre forlagsarrangement. Konsensusverknader av dette saklitterære buzzet kan sporast vitskapleg, meiner studentar som har undersøkt meiningsdanning i det norske sakprosafeltet.[xv]

Berre ein svært liten del av det totale sakprosaåret får innpass i denne hegemoniske samtalen. Endå færre er dei heldige som blir kanoniserte der og sidan forsvarte som udiskutabelt «gode» samanlikna med andre som får stempelet «elendige». Det finst likevel svært gode bøker utanfor denne kanon, slik det finst bøker med svake sider innanfor.

Når talet på kritikarar og bokmeldingar fell, treng den offentlege samtalen om sakprosa fleire kompetente stemmer. Sprik mellom kvalitetsvurderingane i innkjøpsutval og juryar løftar fleire gode sakprosabøker fram, og det er eit udiskutabelt gode. Hadde alle samla seg rundt dei same få bøkene, ville det vore større grunn til uro i sakprosafeltet.

Førehandsvurdering
Ein kan ikkje forlanga at kritikarar av utvalsvurderingane må ha lese og kvalitetsvurdert alle titlar vi les, for å bli tekne alvorleg, men det er verdt å merka seg at utvalet sidan 2015 har vurdert og gjort vedtaka sine før særleg mykje buzz har fått utvikla seg. Vurderingsutvalet vurderer ikkje Brage- eller Kritikarpris-vinnarar, vi gjer oss opp ei meining på grunnlag av titlane før kritikarar eller juryar har uttalt seg om dei. Vi les før smakshegemonistridar kan oppstå. Vurderingane våre skjer på grunnlag av sjølve teksten. Eg seier ikkje at tidlegare utval medvite let vurderingane sine påverka av hegemonisk synsing i feltet, men dette buzzet siv inn i meiningsdanninga rundt ei bok enten ein vil det eller ikkje.

Til det kjem at den geografiske representasjonen i utvalet sidan nyttår 2018 vippa frå ein Oslo-dominans på 60 prosent til ein distriktsdominans på 80. Berre ein av dagens utvalsmedlemmer bur i Oslo. Når vi i dette distriktsdominerte utvalet sit med våre nettbrett og les dei påmelde bokfilene, har boka ikkje nådd å bli kanonisert eller avvist i dei smakshegemonia som finst i den vesle norske saklitterære hovudstaden og dei tilliggjande herlegheitene i Facebook og andre sosiale medium. Denne endringa frå Oslo-dominans til fleire offentlegheiter, og frå etter- til førehandsvurdering, kan også ha medverka til at vedtaka i sakprosautvalet frå 2015 av er opplevde som meir uventa enn før.

Frodig vekst
Det er ingen tvil om at det i dag blir gitt ut meir norsk sakprosa av høg kvalitet enn i 2015, då eg kom inn i utvalet. Dertil har nye saksområde opna seg. I 2015 sakna utvalet utgjevingar frå medisinfeltet og frå natur- og realfaga for allmennlesaren. I dag er dette blant felta der den spennande sjangerutviklinga skjer både litterært og i formidlinga.

Det eineståande norske saklitterære systemet med sine bransjefinansierte stipendtildelingar, rangeringar og pristildelingar og sine offentlege stipend og innkjøpsordningar har verka. Den litterære kreativiteten aukar, innhaldskvaliteten veks, breidda blir stadig større, og fruktbare debattar dyttar på for endå betre ordningar og utvikling. Det er å håpa at rammene for innkjøpsordninga kan halda følgje og halda fram med å fremma og spreia den gode norske sakprosaen.

Innkjøpsordninga for sakprosa omfattar ikkje

·         hobbybøker, vitsebøker, spørjebøker, handbøker, reiseguidar eller andre former for bruksprosa

·         sjølvhjelpsbøker

·         fotobøker

·         festskrift

·         oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk

·         årbøker, lokalhistoriske årbøker eller andre bøker i all hovudsak retta til eit publikum i eit avgrensa område

·         skule- og lærebøker

·         vitskapelege avhandlingar, forskingsrapportar og utgreiingar

·         profesjons- og bransjerelaterte bøker

Kjelde: Retningslinjer for innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa, kulturradet.no (omsett til nynorsk av forfattaren)

Retningsliner for vurderingsprosessen

I diskusjonane om kvalitet skal utvalet mellom anna leggja vekt på om dei påmelde utgjevingane

·         framstår som heilskaplege litterære verk

·         innehar innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar, er eigna til å tilføra kunnskap, stimulera til fagleg interesse og/eller gjera samfunnsdebatten rikare

·         innehar språklege og handverksmessige kvalitetar

·         vender seg til eit allment publikum

·         har vore underlagde eit nødvendig redaksjonelt arbeid

Kjelde: Retningslinjer for innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa, kulturradet.no (omsett til nynorsk av forfattaren).

Notar
[i] kulturradet.no
[ii] Sjå til dømes Slaatta-utvalets evalueringsrapport frå 2008 og  «Utfyllende notat om endringer i innkjøpsordningen for sakprosa for vaksne», 2015. Begge finst på kulturradet.no.
[iii] «Hvis ikke jeg får med den, får ikke du med den heller», Prosa 2/2019 s. 13–20.
[iv] Forlagssjef Per Nordanger m.a. i Prosa 2/2019 s. 14.
[v] Per Nordanger, litteraturkritikar Gro Jørstad Nilsen og forlagsredaktør Frode Molven i Prosa 2/2019 s. 14.
[vi] Kulturjournalist Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen 22.11.2018.
[vii] Klassekampen 27.4.2018.
[viii] «Retningslinjer for innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa», formulerte i Kulturrådets faglege utval for litteratur i februar 2015 og endeleg vedtekne i Kulturrådet 15.12.2015, kulturradet.no.
[ix] Morgenbladet 12/2019 s. 40–41.
[x] Prosa 2/2019 s. 19.
[xi] Regjeringa Solberg 1 om litteraturpolitikk i Sundvollen-plattforma.
[xii] Prosa 2/2019 s. 20.
[xiii] Prosa 2/2019 s. 18.
[xiv] «Habilitetsbestemmelser for Norsk kulturråd» kan lastast ned frå kulturradet.no.
[xv] Masterstudentar i sakprosa under presentasjon av eksamensoppgåve om forlagsverdas syn på innkjøpsordninga.

Arnhild Skre (f. 1952) er journalist, forfattar og leiar av Norsk kulturråds vurderingsutval for sakprosa.