Prosa er eit uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og omsett sakprosa. Det vart oppretta i 1995 og kjem ut seks gongar i året. Utgivar er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), og abonnement på Prosa er inkludert i medlemsavgifta. Ikkje-medlemar kan også teikne abonnement, og tidsskriftet fins i laussal på Narvesen-kioskar og i somme bokhandlar. Opplaget på 6200 gjer Prosa til Norges største litteraturtidsskrift.

I januar 2019 tok Merete Røsvik over som redaktør etter Sindre Hovdenakk, og tidsskriftet har fått ny visuell profil ved Johanne Hjorthol. Nettside: www.prosa.no

Prosa blir redigert etter Redaktørplakaten og er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Innkjøpt av Kulturrådet.

Redaktør: Merete Røsvik

Redaksjonsråd:

Hege Ulstein
Alexander Leborg
Toril Opsahl
Eivind Torgersen